Amerika-Brev.

 
(Slutten.)
 
Lenger ut paa Vinteren held Soknelagi ”Østers-Lag” um Kveldarne. Du lyt gjeva 75 Skilling fyr aa sleppa inn, og so fær du ein Kopp Kaffi og ein tallerk Østers-Supa; stundom fær du ein liten Tale og ein liten Song attpaa.
 
Um Sumaren held Soknelagi ”Piknikar”. Det gjeng slik til: Eit Soknelag tingar seg fyr ein Dag ein Hage utanfyr Byen. Dit reiser dei paa Jarnvegen um Morgonen fyr aa stulla der um Dagen. Vil du gjeva 75 Skilling, fær du og vera med. Musik hev dei med seg og kvar Huslyd hev si Matkorg. Naar dei so er komne til Hagen, so gjeng dei der og driv att og fram millom Trei elder sit paa Benkjerne. Rettno krullar dei seg kring Matkorgerne. Men dei lyt hava nokot aa drikka, for det er skræmeleg heitt. Ølkræmaren er ikkje langt burte. Hev han ikkje Lov aa koma inn i Hagen, so held han seg utanfyr Grindi, og det er slik Slag fyr honom. Det hender daa jamt, at ein og annan drikk seg ør. Detta er ei Skam fyr Soknelaget elder ”Piknik-Komiteen”, og fyr aa hindra slikt, held Komitearne stundom sjølv Utfal av Øl, Porter, Cigarar, Frukt, Kakur, Kaffi o. m. sl. Dei skal daa sjaa til, at ingen fær meir, enn han hev godt av, og Fortenesta fær Kyrkja. Men det er ikkje so godt med det! Sume Stakkarar tyrster so fælt, og so toler dei ikkje stort. Utpaa Ettermiddagen, naar Leiken gjeng med Laatt og Løgje millom Trei, vert det lett Ustyr. Sume vil halda Skikk paa det, sume vil raa seg sjølve, ein og annan hev fengjet i Hovudet og er altfor maalug eller reint vill. Det gjeng so ymist; og fyrr du veit av det, hev Ungdomen tekjet til aa dansa og gjønast utav alt Lag. Stakkars Presten lyt sjaa og høyra paa detta og er ikkje Kar til aa stogga det. Etterpaa fær han Skuldi fyr alt. Han freistar aa samla Folket kring Talarstolen fyr aa gjeva deim eit Aalvors-Ord. Aa nei, mange ansar honom ikkje. Eg gløymer aldri ein Piknik, som eg var med paa sin Sumar. Det gjekk heilt fint, ingen Dans, ingen stygg Leik. Komiteen sjølv (dei beste Menn i Soknelaget) selde Ølet og Porteren og saag til, at ingen fekk for myket. Det var ei stor Mengd med Folk, og Veeret var steikjande heitt. Skjenkediskarne stod i ein Firkant midt i Hagen, og inni denne Firkanten stod desse gilde Mennerne i Skjurteermom med Turkefillom yver Aksli, skylte Glas, tappad i Øl, rak Glasi fram paa Disken, vekslad Peningar og balad so Sveiten silte av deim; for Folket trengde seg innaat som Maur og ropte paa Drikka. Mange var vortne maaluge av det, dei hadde fenget, og skjelte fyr, at dei ikkje kunde faa meir so fort som dei vilde. Det var eit Svaal og eit Staak, ei Smelling av Korkar, ei Klirring av Glas, eit Skumbrev og ei Sveiting, so det var fælt aa sjaa og høyra. Yver denne Firkanten stod det ein Hjell paa Stolpar. Der uppe sat Musikantarne og dundrad paa med sitt Læte. So visste me ikkje av, fyrr Musikken tverstanad og Presten tøygde seg fram yver Hjellen, breidde ut Armarne og sagde med høg og aalvorsam Røyst: ”Fød mine Lam!” Han vilde halda ein Tale fyr Skulen, han; men det saag ut, som um han bad dei staakande Komitemennerne dernede um aa driva paa med Utskjenkingi til dei ”Lommi”, som stod rundt ikring og var so tyrste. Mange drog paa Smilebandet, sume skrattad, og ein av Komitemennom sagde: ”Me skal so gjera!” og slog Hol paa ein ny Ølkagge. -.
 

 

Frå Fedraheimen 15.01.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum