Til Ungdomen i Nordland

 
”Til Ungdomen i Nordland ”skriv ein Innsendar i ”V. G.” soleids: ”I August siste Sumar sende eg inn eit litet Stykkje i Bladet Dykkar med Yverskrift ”Et Ord til Ungdommen i Nordland” og underskrivet ”En Nordlending.” Stykkjet var skrivet paa danskt Bokmaal, og naar eg no skriv paa ”Maalet,” so er det, fyrdi eg synest det fell meg meir lett og naturlegt. – Stykkjet var skrivet som ei liti Uppmuntring til Gutar, som maatte hava Hug til aa vitja Folkehøgskulen. – Naar eg i det umsnakkte Stykkjet kom til aa nemna Presten med, der det gjeld um aa raada Folk ifraa aa vitja Høgskulen, so var det no ikkje mi Meining med det aa setja Prestarne vaare i eit slett Ljos. Me veit, at det finnst Prestar som er høgskulevenlege, og det finnst Prestar, som er imot Høgskulen, av di dei ottast fyr, at han ikkje er bygt paa Sanningsgrunnen i Trudomsvegen. Fyr deim kann det vera ei Samvitssak dessmeir. Men eg trur og det finnst deim, som er imot Høgskulen, og som held Folk ifraa – ja Ein veit ikkje kvifyr. Eg trur no ikkje det gjer so mykjet galet endaa, um ein Prest, elder kven det no er, skulde gjera seg Umak med aa telja ifraa. Eg trur, at er det Ein, som hev fengjet rette Hugen til Høgskulen, so stryk han lell. Men det finnst mange slike, og det var fyr deim eg meinte og meiner, at ei slik Rettleiding kunde vera bra. Og eg trur slett ikkje, at nokon tarv vera rædd dei Slags Skularne fyr det galne, som det til tidt vert sagt dei fører til. Det krevst Offring og Flit og Pengar serlegt fyr ein Nordlandsgut: han hev fyrst ein lang Veg; Upphaldet paa Skulen, som kostar ikkje so litet; attaat det Tap i Næring med Sløsingi av den beste Tidi fyr Fisket. Men det, at Ungdomen, trass i alt detta, vaagar seg ut paa ei slik Ferd, det viser best, trur eg, at dei Slags Skularne hev nokot aa bjoda sine Lærlingar, som dei verkeleg hev Trong til og Bruk fyre. Berre Skade, at det ikkje skal vera fleire av deim. Det er visst, at her trengst fleire. Men me Nordlendingar fær nok trøysta oss med, at me hev ein Framtid i Vente i den Vegen og.” – ”Tiderne skifta og me med deim.” Me hugsar enno grannt den Gongen, daa det same Bladet gav seg til aa umskriva paa Bokdansk eit Stykkje av O. J. Høyem og forkynnte, at det aldri vilde upptaka nokot, som ikkje var skrivet ”i det yver heile Landet aalgjengde Bokmaal.”
 

 

Frå Fedraheimen 15.01.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum