Tri av Davids Salmar.

 
I.
 
Sæl er den Mannen, som inkje gjeng paa Raad med Gudlause,
og inkje stend paa Vegen aat Syndarar,
og inkje sit paa Sess med Spottarar.
 
Men Herrens Log heve han lagt sin Hug til,
og paa Logi hans grundar han Dag og Nott.
 
Han er lik eit Tre, som er plantad i eit Bekkjedrag,
som ber i si Tid,
og Lauvet paa det visnar inkje –
og alt, han tek seg til, lukkast fyr honom.
 
Inkje so med dei Gudlause!
dei er liksom Dumba, som Vinden føykjer burt.
 
Difyre stend inkje dei Gudlause seg i Domen,
og Syndarar inkje i Lag med dei Rettferdige.
 
For Herren kjenner Vegen, som dei Rettferdige gjeng,
men Vegen aat dei Gudlause skal verda øydelagd.
 
II.
 
Kvifyre held Heidningar slikt Styr?
og kvifyre grundar Folkeslag paa det, som inkje duger?
 
Kongarne paa Jordi slær seg i Hop,
og dei høge Herrarne legg Raad upp
mot Herren og mot hans Salvade:
 
”Lat oss slita sund Bondi deira
og kasta Reipi deira fraa oss!”
 
Han, som sit i Himmelen, lær;
Herren hæder deim.
 
So talar han til deim i sin Vreide,
og i sin Harm skræmer han deim:
 
”Eg heve no teket meg ein Konge
yvir Sion, det heilage Berget mitt.” 
 
”Eg vil fortelja um ei Avgjerd:
Herren sagde til meg: Du er Son min,
Eg heve aatt deg idag.
 
Krev meg etter det, so giv eg deg Folkeslag til Arv
og Heimsens Endar til Eignalut.
 
Du skal slaa deim sund med ein Kongsstav av Jarn,
krasa deim som ei Krus.”
 
Og no, Kongar, fara vitugt fram,
late dekon vara, Domarar paa Jordi!
 
Tene Herren med Ræddhug,
og gledje dekon med Rædsla!
 
Kysse Sonen, at han inkje verd vreid, so de gjeng til Grunns!
For Vonom snøggare kunde Harmen hans kveikjast.
Sæle er alle dei, som gjøymer seg i honom!
                         
III.
 
Ein Salme av David, daa han rømde fyr Absalon,
Son sin.
 
Herre, kor mange dei er, som trengjer meg!
mange er de, som stend upp imot meg.
altso
Truge segjer um mi Sjæl:
meg er ingi Hjelp fyr honom i Gud. – Sela. –
 
Statt upp, Herre! berg meg, min Gud!
For du krasar Kinnbeinet paa alle mine Uviner,
du krasar Tennerne i dei Gudlause.
 
Fraa Herren er Hjelpi;
lat di Sæla koma yvir ditt Folk. – Sela. –
 
[y.]
 

 

Frå Fedraheimen 21.12.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum