Um Liv elder Livsvon paa Planetarne.

 
[Del 2 av 2. Fyrste delen.]
 
(Sluten.)
           
Mars hev eit Aar, som er mest dubbelt so langt som vaart (687 Døger), men berre 41 Minuttar lengre Jamdøger enn me. Planeten er liten, ein Settepart av Jordi, og veg berre Ottandeparten mot den. Marsbanen er meir excentrisk enn Jordbanen, d. v. s.: det er større Skilnad millom Solnære (Perihelium) og Solfjerre (Aphelium) paa Mars enn paa Jordi, men denne Skilnaden er likvel langt ifraa so stor som paa Merkur og ymse av Planetoidarne millom Mars og Jupiter. Aasen gjenom Polarne stend i ein Vinkel av 61 o paa Planet gjenom Planetens Bane. Soli gjeng soleids 29 o til baade Sidur aat Mars-Midlina (Ækvator) ved Solkvarvstiderne, daa Mars-Ekkliptika hallar 29 o mot Ækvator. Det gjerer, at Vendekrinsarne gjeng 5 ½ o høgre upp enn paa Jordi, og at Polarkrinsarne ligg under 72 o Breidd elder Polhøgde i Staden fyr 66 1/ 2 o paa Jordi, og det kann turvast til aa byta ut Varmen, som ikkje er stor paa Mars, daa Planeten er 30 ½ Mill. Miler burte fraa Soli og tek imot berre Helvti so mykje Varme og Ljos som vaar Jord. Alt det, me veit um Mars, minner ellest um Jordi: Planeten hev eit Luftlag liksom Jordi, Skyer liksom Jordi – Ein kann med gode Kikarar sjaa deim sviva yver Planeten -, ved Polarne tvo Snjobelte, som tek regelmaatig av og til, soleids at naar det eine Aukar, so minkar det andre; Planeten er raudleitt aa sjaa til lik gloande Jarn, men med store Flekkar, som er døkkere elder myrkraudare, og sume Stader er han grønleitt elder blaaleitt, men kvit ved Polarne – i det Heile slik som Jordi vilde vera aa sjaa til, naar det turre land syntest myrkraudt, Havet blaatt elder grønleitt og Polarbelti kvite. Paa Mars er Vilkori fyr organiskt Liv, av same Slaget som paa Jordi, so like dei jordiske Livsvilkor, at me mest ikkje kann tvila um, at det er livavde Skepnur der, endaa me, um me vart flutte dit, vilde finna det hardla kaldt og kannhenda kjenna oss liksom lyfte av ei usynleg Kraft, daa ein Mann, som her veg 200 Pund, ikkje vilde vega meir paa Mars enn paa Merkur, 100 Pund. – Etter Mars kjem Planetiodarne- til dessa ikring 190 kjende, men alle smaae -; deira Avstand fraa Soli er nokre og firti Millionar Miler, og denne Avstand er ikkje større, enn at Liv kann herda der.
           
Mindre Von hev me derimot um Liv, av det Slaget me kjenner, paa dei Planetar som ligg lengere burte fraa Soli. Desse Klotar, som alle er ovstore i Likning med dei indre Planetar, hev visst nog eit Luftslag kring seg, Jupiter endaa ei tjukk og tett Luft, full av Skyer, men Toet dei er bygde av, er laust og lett, litet fastare enn Vatn, Saturn er endaa lettare enn Vatnet, paa Lag som Grantre. Detta er vel helder ikkje til Hinder fyr organiskt Liv, og det er andre Umstand, som kunde tykkjast heppelige fyr Liv, t. D. det stutte Døger, som paa Jupiter er 9 Timar 56 Minuttar, paa Saturn 10 Timar 30 Minuttar og paa Uranus etter Astronomen Mädler berre nokot yver 7 Timar – paa Neptun er Døgerlengdi enno ukjend, - og Jupiter kunde endaa paa ein Maate tykkjest ha Fyremun fyr Jordi deri, at Planet-Aasen stend mest loddrett paa Planet gjenom hans Bane (86 o.54), so det ikkje er stor Skil paa Aarstider der. Og det maa vera godt paa ein so kald Planet. Men endaa det soleids herskar æveleg Sumar paa denne Kloten paa Midlina og ut ifraa den eit Stykkje, vilde denne Sumaren ikkje vera aa traa etter fyr oss, daa Planeten, som er 104 Millionar Miler burte fraa Soli, tek imot berre 1/ 27 av det Ljoset og den Varmen, Jordi fær, og det paa sjølve Midlina der ikkje kann vera varmare enn paa Jordi under 86 o Breidd i Ismorki kring Polarne, dit Folk enno ikkje hev naatt fram. Den tette Lufti er til Hinder fyr, at me kann sjaa, korleids sjølve Planetflata ser ut. Jupiteraaret er so langt som 12 Jordaar, og Planeten er 1400 Gonger so stor som Jordi. Tyngdi er 2 ½ Gong so stor der som her. Aa ganga paa Jupiter vilde altso røyna likso hardt paa som aa bera 2 vaksne Mann og ein Halvokstring paa Nakken her. Jupiter hev 4 Maanar.
           
Det vøre forvitnelegt aa taka seg ein Tur til Saturn, ei 169 Millionar Miler. Ei Ferd dit vilde taka 92,600 Aar, naar Ein for 5 geogr. Miler um Dagen. Men ditkomen maatte Ein - til aa gjera alle Røynslur – slaa seg til Ro eit heilt Mannsliv, daa Aaret paa Saturn er so langt som 30 Jordaar. Planeten hev ikring seg ein flat og helder breid frittsvivande Ring av eit fast To (eigenleg tvo elder fleire Ringar). I 15 Jordaar veit Ringen aat oss med den eine Sida og i andre 15 Aar med den andre. Under Yvergangen millom baade Stellingar viser han seg fyr oss smalare og smalare, til dess han kjem reint burt fyr Augat eit Bil. Den Kanten, han daa vender aat oss, er so tunn, at han jamvel er usjaaande med den beste Kikar. Lat oss tenkja oss, at me stod ein Stad ved Midlina paa Saturn! Det er Vaar, og Dag og Natt skin Soli paa den indre Sida av Ringen, som er 4000 Miler burte fraa Planeten og 3500 Miler breid. Ringen viser seg som ein Ljosboge spaanad yver Himmelen gjenom Kvervelpunkten (Zenith) fraa Vest til Aust. Skuggen av Planeten tekkjer um Notti eit Stykkje av Ringen, men Skuggen vert stuttare, di lenger det lid paa Sumaren, og ved Midsumarsbil kjem han heilt burt. I full Glans sviv no Ljosbogen elder Ljosbrui yver oss, og Sol, 8 Maanar og Stjernur i alle Storleikar og Ljosskiftingar gjeng til Ringen, men vert so løynde av den. So kjem Hausten og seinare Vetren. Soli næmar seg Ringen og kjem heilt burt bak honom; den store Solformyrkningi varer 3740 Jorddøger (10 Aar 90 Døger etter jordisk Rekning), og det 3500 Miler breide Ringbelte tek burt alt Ljos endaa fraa Stjernurne og Planetens 8 Maanar. Aasen gjenom Polarne paa Saturn stend i ein Vinkel av 63 o mot Saturnbanens Plan, Ekkliptika hallar altso mot Ækvator 27 o dvs. Soli gjeng 27 o nordom og sydom Midlina. Vende- og Polarkrinsar gjeng 3 1/ 2 o høgre upp paa denne Planeten enn paa Jordi. Det er soleids større Skilnad paa Aarstider enn her, og daa Planeten tek imot berre 1/ 90 av den Varme, som Jordi tek imot, er det ikkje for varmt der. Tyngdi er paa Saturn berre litet større enn paa Jordi, og Planeten hev Luft liksom Jordi.
           
Uranus er 380 Millionar Miler burte fraa Soli (360 Mill. fraa Jordi); og den siste Planeten, me enno kjenner, Neptun, 600 Millionar Miler. Uranus tek difyr berre 1/ 373 og Neptun 1/ 900av det Ljos og den Varme, som Jordi fær fraa Soli. Uranus-Aaret er 84 og Neptun-Aaret 265 Jordaar. Fyr Uranus kjem til som nokot Sermerkt, at Planetens Aas gjenom Polarne – som Astronomarne no trur – ligg mest i Banens Plan, so det ikkje finnst Skilnad millom Aarstider der. Ved Polarne er det mest likso varmt – elder rettare lik so kaldt som ved Midlina, og Dag og Natt er yveralt like. Dagstiderne er der ogso Aarstider: paa ein 42aarig Dag fylgjer ei 42aarig Nott. Av Maanar kjennest 8 kring Uranus og 1, som høyrer til Neptun.
 
Me kjenner vel nokot-so-nær Vilkori fyr jordiskt Liv, men ikkje fyr alt Liv, og um det kann tykkjast fyr oss, som um Liv paa Neptun – der Soli ser ut som berre ei klaar Stjerna – og endaa paa Uranus, Saturn og Jupiter maa vera umoglegt, er det kannhenda likvel ikkje so visst, at livande Skepnur ikkje kann trivast paa desse Klotar. Lufti kan vera onnorleids samansett, Planetarne kann ha stor indre Varme o. s. b. Men me tarv med vaar Organisme iallfall ikkje lengta ut etter framande Heimar. Betre er det aa arbeida paa aa gjera oss Jordheimen so kvæm aa bu paa, som det er Raad til, og det kann me gjera paa mange Maatar: ved aa dyrka Jord, byggja Hus, brjota Berg, driva Handel, styrkja Nationalkjennsla skipa Skular, utvikla Fedramaalet o. s. fr. Men Hovudvilkoret fyr, at me kann gjera nokot av detta til Gangs og til Velsigning, er, at me liver nokot-so-nær i Fred med kvarandre og læt kvar og ein njota sin fulle Rett.
 

 

Frå Fedraheimen 14.12.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum