Ein Fritenkjar.

 
Ei Forteljing or Samtidi.
                                  
III.
 
”So vil eg og avstad!” ropad Hans. ”Du, Villstyringen!” sagde Presten, ”du kom berre til aa fjasa deg burt du.” – ”Aa, Livet der ute kann nok gjeva Aalvor,” meinte Hauk.
           
Hans gjekk aaleine inn paa sitt Rom; Presten fylgde Hauk inn paa hans. ”Fann du mykje der ute, som kunde vera gagnlegt fyr Prestlærdomen din?” spurde han. ”Aa – der var visst nok aa finna.” – ”Du vil væl halda fram med Prestlæra?” – Hauk tagde litegrand, saag so upp og sagde: ”Nei.”
           
Det gav eit Rykk i Presten. Men han tok seg att. ”Du tek ei ny Læra daa?” - Hauk likad ikkje denne Frettingi; han visste ikkje kor Presten vilde av. ”Nei,” sa han, ”eg vert Bladmann.” – ”Bladmann? . . . Hm . . . Men kor vil Faer din lika det, trur du?” – ”Veit ikkje so væl; men eg fyr min Part vil lika det.” Presten tagde, stod med Ljoset i Haandi og saag nedpaa det; Munnvikerne hans skalv i smaae, uvisse Rykk. ” – Ja ja; ein Bladmann kann og gjera mykje godt . . . naar han stend paa den rette Sida.” ”Visst kann han det.” ”Det er . . . i eit Fridomsblad?” - ”Naturlegvis” -
           
Presten sette Ljoset fraa seg, tagde, gjekk attog fram eit Bil og liksom togg paa ein Tanke. Tilslut kom det.
           
”Høyr Hauk . . . eit aalvorlegt Ord . . . Eg ser Du undrast paa, at eg er so spurvis; men . . . det er ikkje so godt fyr oss her ut paa Landet; Ein gjeng og ber paa so mangt og fær so sjeldan nokot vita . . . Seg meg . . . trur du, at denne nye Fridomspolitikken i Grunnen er ukristeleg?” –
           
Hauk drog umerkjeleg paa Akslerne. ”Er det den norske Fridomspolitikken, De taler um?” – ”No ja, fyr det fyrste den ...”
           
”Den norske Politikken er so barnsleg,” sagde Hauk, ”at han naar ikkje so langt som til det religiøse Spursmaalet. Ein kann vera Fridomsmann i Norig, um Ein so er Mormon. Dei ymse Livstankar er skilde aat her. Folk er sundbytte i Smaabitar. Dei trur Eitt, veit eit annat, vil eit tredie . . . og so gjeng det alt ut i det gamle. Fyr den Skuld kann Hr. Pastoren vera trygg, daa visst fyr denne Mannsalderen.” Der var nokot underleg kaldt yver Mannen, som han stod der, totte Presten; ’min Son skal ikkje til Paris!’ tenkte han. ”Men”, heldt han fram, ”naar Politikken vaar veks og vert slik som . . . ja, som du vil hava ’n . . . med eit Ord: heile den nye Fridomspolitikkken, den evropæiske. . . trur du, at den er ukristeleg?” Det var slik Uro yver Presten, at Hauk laut mest læ, samstundes som han hadde godtsom vondt av den gamle Mannen. Han svarad nokot mildare: ”Aa nei, - ikkje ukristeleg. Han læt dei Spursmaali liggja. Kyrkja skal vera fyr det ho er; Staten skal berre stella med sine eigne Greidur.” ”Men Staten skal tyftast yaa heiden Grunn?” ”Paa sin eigen Grunn - ja.” – ”Hm. Ja-ja. Du fær orsaka . . . det laag meg paa Hjarta detta; eg laut fretta di Meining med. – Godnatt!”
           
Presten gjekk, seint, ustødt, i urolege Tankar. Han kjende seg kald og saar. Men Hauk murrad nokot um Tronghausar og Nærsyn. ”Det vert nok ikkje greidt aa sleppa fraa desse gode Folk paa ein skikkeleg Maate!” tenkte han. ”Den som endaa kunde ljuga -!” tenkte han. ”Den som endaa kunde ljuga -!” Men strakst kom han til aa tenkja paa Ragna. Han gløymde Tronghausarne og Politikken og Kyrkja og alt ihop. Ragna var vaksi ut til ei herleg Møy i dei tvo Aari han hadde voret ute. Han hadde likt henne fyrr; men no var det nokot reint annat. Ho var hugtakande. Ho var eit Under. Han hadde set hundrad og tusund, men ikkje ei, som var so frisk og varm og rein og god, so elskeleg mild, so heilt ut Kvinna. Det var det same med alt; men henne maatte han hava.
           
Han sovnad blideleg inn og drøymde, at han bygde ei Kongeborg aat Ragna. Men Borgi vart til ei Kyrkja, og i Koren stod gamle Faer hans og lyste honom i det store Bann, so det gjekk Torebrak uppunder dei høge Kvelvar.
 
IV.
           
Den Notti sov ikkje Gamlepresten stort. Han gjekk att og fram i Kammerset sitt og tenkte. ”Naar det kjem til Stykket,” sagde han til seg sjølv, ”so hev nok Balle Rett. Der e r nokot illt og gondt i denne Tidsaanden. Der e r nokot djevelsk. Berre sjaa no som denne Eystein Hauk . . . denne snilde, hyggjelege Karen . . . han er ikkje attkjennande. Han er frosen til Is . . . og hærd til Staal . . . sleip og glatt som ein Orm. . . Det stod slik Kaldhjelm av ’n, at han gjorde meg reint sjuk . . . Ingen Respekt . . . ikkje Vyrdnad fyr sin eigen Faer eingong . . .Gud veit, korleids han enno kann halda fast paa si kristne Tru. – Dei kallar det Fridom, Humanitet; men det er ikkje det; det er Hat, Eiter, vondt Blod . . . dei vil riva av seg alle Band, som Balle segjer, gjera Uppreist . . . Uppreist mot alt som er fagert og godt, mot Gud, mot Trui . . . Hm! Byggja Staten, heile Jordlivet, paa heiden Grunn! Skilja Lag med Kristendomen, kasta Kyrkja ifraa seg som gamalt Skrap . . . Det er forskræmelegt! Og den frie Elsken... den frie Tanken. . . Kristendomen ut or Barneskulen – nei! det er Fienden sjølv, som rasar. . . Fridomstankarne i mi Tid, dei var ikkje slik. Dei var varme og fagre. Der var Hjarta i dei; dei gjorde oss gode og glade.” Han skok seg, fyr liksom aa rista Kaldtokken av seg. Skulde Ein tigja til slikt? Skule Ein rolegt sjaa paa, at denne vonde Aanden aat seg inn i Folket? . . . elder skulde Ein som ein Guds Svein lyfta Ordets og Aandens Sverd mot denne forgiftige Basilisken? – Han las i Bibelen og i Luther. So stod han upp att og gjekk. Klokka slog, Time etter Time; den gamle Mannen høyrde ikkje Klokka. Han tenkte paa det store Andsvaret. Var det ikkje aa vanhelga Guds Hus og den heilage Stolen, dersom han drog Dagsens Staak og Strid derinn? Var ikkje han sett til aa vaka yver Ordet og Lærdomen, men ikkje til aa vera Domar i denne Heimsens Tvistemaal? – Men Fenaaren, Kyrkjefolket, den Kristi Brud, som han skulde vakta, men som stod midt i ei vond Verdog tok Skade ikkje kvar Sjæl paa Domsdagen krevjast av hans Haand? Og var den ein god Hyrding, som væl heldt Vakt mot Vargen, naar Vargen kom farande i sin rette Ham, men leet Augo att og tagde, naar han kom klædd i Saudepels og leetst vera av det Gode? – Han las paa nytt i Luther. Tilslut lagde han seg paa Kne og bad, bad lengje. Han sluttad med eit varmt, vænt ”Fader vaar.”
                                                          
(Meir.)         
 

 

Frå Fedraheimen 14.12.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum