Utlandet.

 
Budgetnemndi i den austrikske Delegation samdest den 24de November um, at dei fyr det fyrste skulde ganga framum Regjeringi sitt Krav paa Etterskot til Hersetningi. Nemndi fyreslær ikkje, at Delegationen skulde negta Etterskotet, men heldt berre fast, at dei skulde bia med aa avgjera Spursmaalet, til dess Riksthinget hadde dryft Berlinsemja. Forslaget som vart sett fram av Dr. Herbst, vekte eit kvikt Ordskifte. Det vart vedteket med 14 Røyster mot 6. Dette kom reint uventande fyr Regjeringi, og Andrassy vart nøydd til aa taka att Framlaget um Etterskotet fyr aa sleppa fraa ein Usiger i Delegationen, for det var visst, at denne vilde ha teket ved Forslaget aat Herbst. Andrassy maa no kalla saman Riksthinget og leggja fram Berlinsemja. Riksthinget kann no fulla ikkje annat enn godkjenna Semja, men det kann godkjenna henne med eit Mistillitsuttal mot Andrassy. Eit slikt eit tarv han ikkje vægja fyr, og so stend det paa, um dei kann faa saman eit Yvertal imot Andrassy i den austrikske Delegation.
           
I det danske Folkething hev det moderate Vinstre paa fyrste Handi tapt i Spursmaalet um Laan til St. Croix, i det at den Bergske Kløyving av Vinstre røystad ihop med Høgre fyr eit Forslag av Bille um, at Framlaget skulde sendast attende til Nemndi. Det er elles ikkje visst, kvat Bergs Parti vil gjera til Slut i denne Saki. Baade Vinstreflokkarne sagde, dei var hugade til aa gjera nokot fyr St. Croix. Det hev voret fortalt, at det skulde vera Meiningi aa negta Laanet av politiske Grunnar.
 

 

Frå Fedraheimen 04.12.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum