Til Ekspeditionschef Hertzberg.

 
Stor Takk fyre Tilsvaret. Takk fyrst fyrdi du svarade i den venlige Tonen. Alt um du inkje heilt kann fria deg ifraa at senda eit og annat uhøvelegt Slengjeord inn i Maalmannslægret, so ser eg likavel den gamle Hjartemannen attum heile Tilsvaret. Detta var som eg vonade, og du kann tru, det gjerer godt, i Røyndi at faa sjaa, at ein inkje vonar i Villa, naar det spyrst um Hjartelaget til ein gamal kjær Kjenning.
           
Takk dinæst fyre di du inkje, etter Sedvenja til so mang ein Embættesmann, held deg for god til at gjeva endeframt Svar paa endefram Tiltale. Eg tykjer vistnog inkje, at du greider Spursmaalet, so som eg vonom fyrr skal freista syna i eit lengre Tilsvar, som eg vil bidja ”Aftenbladet” bera fram til deg. Men at du opet kjem med din Hjartans Meining, er hardla godt fyre Saki si Skuld; og det er Takk verdt, at ein fær vita kvart ein skal finna Ekspeditionschefen.
           
Desse ordi laut eg paa Fyrehand senda deg gjenom Fedraheimen. Det som eg ellest hadde Hug til at bera fram vil truleg vera for langt og dertil litet nytt fyre Fedraheimen sine Lesarar, og so er det vel i Grunnen best at me møtast paa ein og same Staden. Til dess helsar eg deg som din gamle                          
 
Henrik Krohn.
 

 

Frå Fedraheimen 04.12.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum