Sendebrev om daning av Norsk skulebok-samlag

 
til utgjeving av skulebøker på landsmåle, heftevis som månadsskrift. ”På bygdebarnets bokmål”.
 
Den, som no til dags følgjer med, han ser og høyrer, at folk, særleg lærarar, tæk åt ret jamt og høgt å rope etter skulebøker på landsensmål.
           
Det batar ikkje stort å skrive og å tale om landsmålsretten og landsfolksretten i målvegjen no lenger; det gjeld om no å bruke landsmåle i mun og skrift og bok.
           
Alt frå 1873 har eg au ståkad med å skrive og utgjeve skulebøker på vårt norske mål. Soleids ”Katekjesen” 2 gångar (i 1873 og 1874), ”Noregs grunlov” (i 1875); (og no vil han atter koma ut slik, som han gjeld frå 2 mai iår); ”Bondehjelpar i ny mynt, mål og vegt osv.” 2 gångar (i 1876 og 1877). Desse bøkerne har alle funne stor utbreiding i lande; men det talmar ut meg dette ase med å få ut bøkerne; og eg er jamnan i våde før å tapa pengar, atåt at eg ikkje fær noko før arbeide.
           
No veit vi, at stortinge har set fram krav om norsk tale i skulom. Det er då greidt nok, at det næste stige er å få norske læse- og lærebøker dit in, so at gamle Landstads ord kan bli sannad, når han segjer: norsken gjek ut av hedersrome sit gjenom skulen; defør må han au koma op i det att gjenom skulen”. Dette å råde-til skulebøker lig då næmast på dei målmennom, som har største tamen til å skrive landsens mål og atåt di har elsk til skulen og skjønne på hans gjerd. Det er defør sjølvsagt, at eg samsnakkar meg med gode hjelpesmenner åt arbeide.
           
Først gjeld det no om ei stor bibelsoga til handbok åt lærar om og til lesnad åt den eldre ungdomen i heimom. Og ei slik ei har eg mesta til reide au, nemlig i norsk omskrift den danske:
           
”Haandbog i den hellige Historie for kristelige Hjem, Lærere, Lærerinder, theologiske Studenter og Folkehøiskoler (især efter Ludv. Kr. Müllers; ”Den bibelske Historie”) ved J. F. A. Tang. 6te Oplag. Med oplysende Småbemærkninger, veiledende Jevnføringssteder, Kirkehistorie og Luthers Katekisme tilligemed Skriftsprog af den hellige Skrift. Kjøbenhavn 1877.”
           
Di ser soleids, at bokja inneheld mykje; ho er so stor, at det vil koste over 4000 kronor å få henne ut i ein 4000 avtryk. Defør må vi gå makje og vera glade, om vi kunde bli somange lagsmenner, at t. d. ”Den gamle Pagt” vart prentad 1ste åre.
           
Ifjor bad eg folk hjelpe meg med å omsette bokja og fik fleire, æn eg hadde bruk før. Åt desse karom vil eg halda ord: fær eg ut bokja, skal dei få kvar si, og lel kvar 6te bokja frit, før kvar 5 lagsmenner dei samle, og sidan sende meg pengar ifrå. Og det er frå desse hjelparom, eg vonar den største medhugen: dei, som har synt, at dei har hjarte og augo opne, veit best, kva arbeide vårt våttar!
           
Når eg her røder om seminarstyrar Tangsbok, so lyt eg oplyse, at ho er so godt som ord til anna Müllers bok: men ho er betre ordnad og har betre dansk mål og inneheld mykje meire en hi. Av dette ”meire” vil eg då lel berre take ”Småbemerkningerne” og ”Kirkehistorien”; for ”Katekjesen” har vi før omset; og i honom er det då au mykje ”bibelspråk” i ”sentensom.”
           
Det har vore meiningja mi å bede stortinge om hjelp til å få på prent denne store bokja. Men, kunde vi bli eit so stort samlag, at vi hjelpte os sjølv, var dette det kjæraste. Såg vi seinare, som samlag, at vi trong litevette tilskot, før med ein gång å kunne prente eit større oplag av bokjen, so kunde vi bede tinge om dette lel.
           
Folk kan skrive seg in i skuleboksamlage på alle posthus, likeins som dei løyser eit anna blad. Dei kan au gjera det gjenom betalt brev eller berre eit 5-øyrekort åt O. J. Høyem i Nidaros. – Lagspengarne er 2 Kr. årleg, men dei sendes ikkje, før eg brøjar sende ut månadsskrifte før 1ste åre. Då sendes dei utanat åt-utgjifts om ”avissak” gjenom næmaste poståpning (eller posthus). Kvar ein, som let meg skrive in lagsmenner, fær 1 fri-eksemplar før kvar 5 medlemar, som han let teikna in og sender meg betaling ifrå i rette tid.
           
Vener av saken må defør straks skrive seg in i lage (om dei ellers kan og vil), so eg fær sjå, om vi bli so fjølgmente, at vi kan gange iveg som samlag. Bli lage lite, so kjem bokja (og bøkerne) berre arkvis ein gång før månaden; bli vi mange, kan eg gjeva større hefte i sen.
           
Eg har løyve frå dei Danskom, som eig desse 2 bøkerne, til å omsette dem; og hr. Tang læg atåt, at eg er den einaste, han gjev lov. Frå prest J. C. Brandt i Kjøpenhamn har eg au lov til å omsette hans gode ”Billedbibelhistorie for Børn”; men no eit om sen. -
           
Eg bed soleids, at alle vener av vårt bondefolks ret må teikna seg med her; ja eg bed både born og vaksne (det er jo skulebokssamlag vi skal dane), særleg bed eg, at lærarar, prestar o. s. b. vil gjera seg om det. På nokre få år kunde vi, på dette sætte, få ut på prent mange gode skulebøker, dels omsette, dels skrevne frå nyo. Og med di var vi komne eit stort stig fram. Over denne dørstokmila med skulebok om må vi vist krabbe os sjølve! Skal vi vente på skulebøker, test landsstyre tinger folk til å skrive dem, so er eg ræd, vi får vente, til borna våre bli både gamle og gråe!
           
Eit slikt ”samlag” vilde bate vår sak med di:
1.      at det då vart pengar å prente skulebøker før,
2.      at dei livfullaste kræfterne kom samen og vilde kjenne seg styrka ved å vita seg saman;
3.      at kvar lagsman fik eins vederlag før utgjifta si;
4.      at kvar lagsman fik tilskunding til å få lagsbøkerne ut iblandt folke, og
5.      at gauve bokskrivarar fan opmoding til å skrive norske skulebøker med di, at dei då hadde god von om å få dem både prentad og breid utover lande gjenom lagslemarne, sidan bokhandlararne ikkje gjer nokon ting før vår sak.
           
Som ein ser, kjem ”Det norske Samlag” og ”Norsk skuleboksamlag” på ingen måte i vegen før ein annan. Dei 2 vil arbeide som brøder til same mål på kvar sit omkverve. – Då skuleboksamlage bli eit bulag, der mangmannen gjev mykje åt kvar, fåmenningen berre lite, so gjeld det om både å minnas og å gjera etter ordtøkje: ”samhelde gjer stærk”, og om å tru, at Gud vil signe gjerda vår. Og om dette har vi ei kjær vissing, når Jesus segjer: ”Det, som di gjer åt desse minste brødrom mine, det gjer di beint fram åt meg sjølve”! Han gjeve os då alle både helsa, hæppa, god broderånd og samhug!
           
Nidaros, 6te novbr. 1878.                              
O. J. Høyem.
           
NB. Eg er so lenge bedet om å gjeva eit blad eller tidsskrift på landsmåle, at eg no vågar å freiste, om denne bøna om noko slikt frå Nidaros sin samsta- ving stor nok utover lande. Då eg ikkje bed om pengesending no med det same, so er det då ikkje noko våg før nokon. Få berre tydelege namn, bustad og poststelle, elles kjem eg i beit, om det skulde bære til å sende noko.                            
 
H.
 

 

Frå Fedraheimen 04.12.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum