Notisar

 
Fraa Askim i Borgesysla er det skrivet til eit av vaare Blad, at Post-Departementet hev avsett Postopnaren i Bygdi, Bonden Anders Sekkelstein, og gjevet Posten til ein Framand, Son aat ein kongeleg Fut, som eig ein helder avbakleg liggjande Gard i Bygdi, endaa den fyrre Postopnaren hev voret sjeldan paalitande, greid og beinsam, so Bygdefolket gjerna vilde havt honom til Postopnar. Dept. hev skuldat paa, at Sekkelstein ikkje skal liggja kvæmt, men det er nokot, som tek seg ut berre paa Papiret; Heradsstyret hev uttalat, at det var mykje illt fyr Bygdi, at Postopnarstaden vart flutt, daa Sekkelstein ligg ved Krossveg i den tettgrendtaste Fjordung i Bygdi og langt kvæmare enn Eidareng, Futesonens Gard. Det ser ut til, at den ministerielle Partipolitikk er seg sjølv lik baade i Smaatt og i Stort, segjer det Bladet, som fortel Soga. Det er aa merkja, at Løni vart aukad fraa Kr. 240 til Kr. 400 fraa 1ste Juli 1878, daa Posten vort flutt til Eidareng.
 
Daane. Yverlærar Siegw. Petersen, kjend som Forfattar av ei Mengd Sogebøker aat Skulen, Styrar av Bladi ”Rigstidenden” og ”Kristiania Intelligentssedler,” Redaktør av ”Storthings-Efterretninger for 1814-1833”, Yver-Officiant (Meistar) ved Provincial-Frimurarlogen i Kristiania, 52 Aar gamal. – Thore Møgedal i Høyland paa Jadren, Leikprest, 90 Aar. – Bonde Kristofer Huseby i vestre Aker, 64 Aar.
 

 

Frå Fedraheimen 04.12.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum