Kristiania, den 3die December 1878.

 
Hr. Ekspeditionschef Hertzberg fortel oss i Aftbl., at Grunnen til at Fjellfolk er meir livlege og aandsfriske enn Utmannen skulde vera i stor Mun den, at ”den ved Bogsprogets og Bygdemaalets indbyrdes Forskjelligheden fremkaldte Øvelse i at sammenstille og overføre fra det sidste til det første Tankens Udtryk allerede hos Børnene er egnet til at fremkalde et mere levende Tankearbeide og derved formidle en større formal Udvikling.”
           
Etter detta skulde det vera best aa gjeva Flatlendingen (og Bybuen) Lese- og Lærebøker t. D. paa Svensk. Det vilde vera leidt, um Flatlendingar (og Bybuar) skulde liggja til atters i Vit og Aand av ein Grunn, som det daa leet seg gjera aa retta paa.
           
Av same Grunn burde dei Svenske i sine Aalmugskular innføra d a n s k e Lærebøker; dei Danske burde innføra tyske, Hollendingarne flamske, Tyskerarne hollandske o. s. fr. Den Hertzbergske Lærdomen vilde, dersom han var sann, snu upp ned paa all Verdens Maal- og Skuleskikk.
           
Det hev lengje voret trutt, at det var med Barnet som med vaksne Folk: at det kunde tenkja lettast og best og med mest Liv, naar det fekk tenkja og læra paa det Tungemaalet det best kunde. Men kannhenda Hr. Hertzberg fær Folk til aa tru nokot annat no. Hr. Hertzberg er ein “Autoritet,” og skulde forstaa seg paa Skulesaker! –
           
Me skal hellest vera so ærlege aa leggja til, at det er ”en forstandig Undervisning” i Framandmaalet, som Hr. H. trur skal gjera so store Ting. Og daa vert der iallfall eit Slag Meining i det. ”Forstandig Undervisning” i eit framandt Maal er visseleg til Gagn fyr den ”formale Utvikling”. Men det fyrste Kravet til ei ”forstandig Undervisning” i Framandmaalet, er – at Undervisningi gjeng fyr seg i Heimemaalet. Derimot det aa gjeva eit Barn ei Bok paa eit framandt Maal og segja: ver so god les og forstaa! og aa setja Barnet inn paa ein Skule, der Læraren talar Framandmaalet, og segja ver so god høyr etter og forstaa! - det er ikkje ”forstandig Undervisning”. Det er uvitug Undervisning. Og Uvitug Undervisning i eit framandt Maal er ikkje til Gagn fyr den ”formale Utvikling”. Men denne Maaten hev just voret i Bruk her i Landet, serleg i dei seinare Aar. Skulde det daa vera den, som gjer Fjellfolket vaart kvikare og klokare enn Utmannen? Aa nei.
           
So er det ein Ting til. Er det berre den ”formale” Utvikling, som Aalmugskulen vaar skal gjeva? Skulde det ikkje fyrst og fremst vera ”real” Daning? Gagnleg Kunnskap? Uppfostring og Utvikling av Vilje og Hug? Og tru den Hertzbergske ”Overføring af Tanker fra Bygdemaal til Bogmaal” skulde vera so gagnleg her? –
           
Endeleg skal me merkja oss, at det, som dei 36 vil, er just det aa faa upp ei ”forstandig” Undervisning i det danske Maal. Vaare Bondeborn skal læra Dansk paa same vituge Maaten som Byborni lærer t. D. Tysk. Byborni lærer ikkje Tysk paa den Maaten, at Læraren gjev seg til aa tala Tysk og so segjer: ver so god forstaa! - men paa den Maaten, at Læraren talar Barnets Maal og derigjenom forklarar Tysken fyr det, so det lærer aa skyna detta Maalet. So skal ogso Landslæraren gjera med Dansken. Han skal – gjenom Barnets eiget Maal – forklara Dansken fyr dei Smaae, so dei lærer aa skyna, lesa og skriva Dansk; men han skal ikkje sjølv – utan han av ytre Grunnar er nøydd til det – tala Dansk, og alraminst skal han hava Lov aa krevja, at Barnet skal tala det. For um enn detta i seg sjølv var forsvarlegt, som det av ymse Grunnar ikkje er, so hev Aalmugskulen ikkje Tid til slikt, dersom han hellest skal gjera sin Gjerning paa skikkeleg Maate.
           
Naar Hr. H. [etter Pontoppidan] fortel, at Fjellbonden er meir aandsfrisk og tankekvik enn Utmannen, so hev nok detta andre Grunnar enn den han dreg fram. Er Talen serskilt um Justedølen, so skal me endaa til minnast at Justedølsmaalet er mindre ulikt Dansken enn Maalet lenger ute, t. D. Maalet hjaa Strilarne 1), som var dei Bønderne Pontoppidan best kjende, og som han væl difyr helst hev samanliknat Justedølarne med. I det Heile er det nok ei Røyndomssak, og Aasen hev sjølv havt det framme, at Maalet i dei øvste og mest avstengde Bygder ofta er mindre sermerkt enn Maalet lenger ute. Det burde altso etter Hr. Hertzbergs Lærdom vera reint motsett imot det er: det skulde ikkje vera Bonden fraa dei øvste Bygder, som var mest aandslivleg og tankefrisk. Den Grunn fyr sitt Maalstræv, som Ekspeditionschefen vil draga herifraa er soleids verre enn Ingen.
           
Det er sannt, at Fjellmannen er ein livlegare og meir utviklad Kar enn Utmannen; iser stend han høgt yver Aalmugen ikring Byarne. Det er ein Ting, som Byfolk sjølv vedgjeng, ja stundom held fram, at Byarne her i Landet hev havt ei forkryplande Innverkning paa Folket ikring seg. Dei hev spreidt ut Materialisme og Raaskap meir enn Daning og Aand. Det vert leset meir Blad og Bøker upp i Fjellbygderne enn nedikring Byarne, og dei Bønder, som er mest ”maalvenlege”, er paa same Tid dei som les mest Dansk og fylgjer mest med i alt. Det hev seg ikkje so, at ”Maalstrævet” dreg med seg ”Avstengjing” og ”Utestengjing”, tvert imot. Det, at Bonden fær Agt fyr seg sjølv og sitt eiget, det folkar elder ”humaniserar” honom, so han fær Sans fyr alt annat au, som ein Mann bør hava Sans fyre. Men ”By-Kulturen” verkar ikkje slik. Sann Kultur er der ikkje stort av i Byarne vaare, og det vesle som er, er ikkje so voret, at det hev vidare Magt til aa spreida seg. Men Rangsidurne av Bykulturen, d e i hev Magt til aa spreida seg; Fjas og Udygd er paa den eine Sida og Sjølvnytte og aandlaust Matstræv paa den andre et um seg helder snøgt, og dertil kjem endaa denne kjøvande Kjensla, som Landmannen alstødt hev av aa vera liksom eit ”laakare Slag” enn desse Folk, som briskar seg med ein framandsleg Kultur, han aldri til Gagns kann eigna til seg. Dersom Byarne vaare var meir norske, hadde ein meir national Kultur, vart det visst likare; iallfall er det ikkje alle Stader, at Byarne verkar so tyngjande paa Folket ikring seg, som dei gjer her.
           
Den Hertzberg-Bonnevieske Skuletanken gjeng ut paa aa draga heile vaart Bondefolk uppi den same Maal-Uføra og dermed i mange Maatar inn i den same Ukulturen, som Bøndene ikring Byarne er komne uppi. Lat oss agta oss fyr desse Ting! Ekspeditionschef Hertzberg er ein snild Mann; men av Aftenbladsstykki hans kann Ein altfor godt sjaa, at han veit ikkje kvat han gjere.
           
Hr. H. tilstend, at han hev sviket si Ungdoms Tru paa den norske Maalsak. Og han forsvarar seg med, at han – er ikkje aaleine um det. Sannt og visst! – men det var just det, Henrik Krohn vilde vita: um Hr. H. var ein av desse, som var ”begeistrede” i ”50-Aarene”, men som sidan sloknad, daa dei saag, at der var ”lenger fram” enn dei hadde tenkt, og som slog seg til Ro med, at Tanken var ”ugjenomførleg”! Krohn trudde ikkje, at Hr. H. var av det Slags ”Begeistrede”. Naa! som sagt, Hr. Hertzberg kann so godt trøysta seg med – ”commune naufragium”. Han kann endaa i Chr. Bruuns ”Folkelige Grundtanker” lesa seg til, at den Ting aa sleppa sine Ungdoms ”Draumar”, naar Ein vert ”gamall og klok”, elder naar ”Draumarne” tek til aa verta Aalvor, - den Tingen er s o aalmenn her i Landet, at det Motsette er eit reint Undantak. I so Maate kann altso Hr. H. vera trygg. Men naar han – som alle Motstrævarar – set sine Voner til Dansk-Norsken og talar um, at den i dei seinare Aar hev komet so langt fram i Norskdom, so kann me ikkje annat enn beda Hr. H. – lesa sine eigne Artiklar. Og daa vil han finna, at det Maalet han sjølv skriv, er so god Dansk, at det visst likso godt kunde voret skrivet av ein Kjøbenhavnsk Skule-Autoritet – t. D. mot det Jydske Maalstræv. Og ingen dansknorsk Lesar vil finna nokot framandt i Hr. H.s Maal. Dei vil finna, at han skriv ein ”meget god Norsk”. – So dersom me skal venta, til Dansk-Norsken skapar seg um i Norsk, so vert det nok med oss Nordmenn paa Lag som med det Eselet, som stod ved Aabreddi og bidde paa, at Aai skulde tømast. –
 
1)Justedølen talar – vil me vita – meir Nordfjordsk, hev t. D. ei Infin. av Verbi og i veike Femininsord, der Strilen heva paa gamalnorsk Vis.
 

 

Frå Fedraheimen 04.12.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum