Hemn.

 
[Del 2 av 2. Fyrste delen.]
 
(Sluten.)
 
“Hvad Gud har sammenføiet, skal Menneskene ikke adskille!” sluttad Presten; Sveitten stod paa Skallen hans. Tak det ikkje so tungt, Barnet mitt!” kviskrad Tarald; ”du er godt gift!” - -
 
Hausten etter skulde Presten til Neset i Soknebod; Hallvard Neset laag i Banen og vilde hava Sakramentet, og Tenestguten hans kom etter Presten med Baat, daa Ein laut ro ei halv Mil yver eit Vatn fyr aa koma til Neset. Veeret var halvruskjet; men Presten reiste.
           
Daa han var ferdug paa Neset, var det alt i Kveldingi, og det saag ymist ut med Veeret. Presten laut skunda seg. Han sprang i Baaten og ruggad seg godt inn i Pelsen sin; ”no maa du ro, Gut!” sagde han, - og Guten skaut fraa Land. Daa Presten hadde sett seg, gaadde han, at detta var ikkje same Guten, som hadde rott ’n inn; for denne rodde mykje betre. Hellest kunde han ikkje skilja Andlitet hans no i Myrkret. Han seig av i andre Tankar. Denne Hallvard Neset, det hadde voret ein underleg Mann. Hard som Bein, og vrang, men stundom klokare enn Nokon skulde tru. Hm! han hadde lurt Presten fyr Offeret, betalat Tienden med Lettkorn, stolet Ved i andre Folks Skog, og gjort mange slike Fantestykkje; men no var han bøygd. No var der ikkje stort att av Hardleiken. Han var mjuk som eit Barn. ”Trur du eg kjem i Helvite?” hadde han sagt, ”hell trur du det kann vera Raad at eg slepp? – Han Lars Vollen, koss trur du det gjekk honom? Meiner du han kom i Himmerik -?” ”Me fær vona det. –” ”Ja daa kann væl eg au sleppa inn; for eg trur ikkje eg hev voret verre enn han . . .” ”Daa maa du angra, Hallvard. Gjer du det -?” ”Angra, koss er det?” ”Trega, syrgja yver Synderne dine...” ”Trega, javisst tregar eg! Gud hjelpe meg so sannt, Ein skulde aldri fara fram slik . . . det kjem attum tilslut . . . . Det eg tregar mest paa, det er daa det, at eg tvingad Kari Haugen til aa vera Kona mi . . . Ho hadde aldri ein glad Dag sidan . . . det ligg paa meg mest som eg skulde ha drepet eit Menneskje . . . aa Herre Gud, Ein tenkjer ikkje langt -!”
 
Det rignde og bles, og Kvelden kom paa; men Guten rodde i Veg, so Presten kjende seg trygg. Han sat og tenkte. Detta um den Kona, som aldri hadde havt ein glad Dag, det kom han til aa undrast paa. Kunde slikt vera sannt? Han hadde aldri set nokot rart paa den Kona hans Hallvard Neset; ho saag ut som andre Kjeringar. - Kannhenda gjekk der fleire og bar paa slikt? - Aa langt ifraa. Desse Kvinnfolki, dei hadde det ikkje paa den Maaten. Dei hadde sine Elskhugs-Grillur, naar dei var unge, men naar dei vart gifte, so fekk dei annat aa tenkja paa. Pøh! Kvinne-Elsk? Kven i Verdi brydde seg um slikt? Hm! han hadde vigt so mange slike . . . og skulde d e t vera nokot av same Slaget som aa ”drepa eit Menneskje”, so hadde han voret med og drepet mange . . . Snikk-Snakk! – Nei. Men e i Vigjing var det daa, som han gjerna kunde ynskt ugjord . . . . Huff! so styggt som Veeret skapad seg til . . . ”Ro, Gut!” . . . Ja den Bergljotja . . . ho kunde likso godt voret spard . . . ho v a r liksom nokot djupare av seg enn desse andre. . . . .
 
Daa stadnad Baaten; Guten lagde Aarerne upp. Presten kvakk. ”Kvat er tids?” spurde han.
 
Guten reis upp og gjorde eit Stig fram. ”Er du buen til aa døy, Prest?” spurde han.
 
Presten drog seg ifraa og saag fælen paa Guten.
 
”Er du . . . fraa Vitet?” stotad han.
 
”Er du buen til aa døy?” sagde Guten uppatt og fatad Presten i Nakken med eit grepa Tak.
 
Presten kraup ihop som ein Vott under Neven hans -: ”Nei!” jamrad han med strøypt Mæle.
 
”So lyt du døy ubuen,” sagde Guten og lyfte i honom.
 
Presten krabbad seg skjelvande inn aat Baatkanten og klorad seg fast med eit Krampe-Tak. ”Hugsa paa, at eg er Prest!” bad han; ”det er ei fæl Synd aa drepa ein Prest -!”
 
”Snakkar du um Synd, du au -?” kvæste Guten med skjerande Tenner. Han riste Presten so Baaten skok.
           
”Tenk paa Vaarherre, tenk paa Vaarherre!” jamrad Presten.
           
”Kven tenkte du paa, daa du stod fyr Altaren og vigde Bergljot Haukastad og Paal Braate?”
 
Presten kvakk, so han sleppte Taket.
 
”Er det du -? Var det du, som -?”
 
”Ja! – Skynar du no, at du maa døy?”
           
”Krev av meg alt det du vil, men spara Livet! Spara Livet! Drep ikkje Presten din!” – Han bad som eit Barn.
           
Men Aasulf tok ’n med baade Henderne og lyfte ’n utyver Baatkanten -: ”til Avgrunns med deg!” sagde han.
           
”Lat meg . . . lat meg faa . . . lesa . . . Fadervaaret,” kviskrad Presten, vitlaus av Rædsla.
           
”Les,” sagde Guten og sette ’n nedpaa att. Det var kolmyrkt; Vinnen aukad paa. Den vesle Baaten dansad paa Baaretopparne.
           
”Fader vor . . . du som er i... Himmelen,” sagde Presten. Han sat og skalv; han samlad ikkje det han sjølv sagde.
           
”Spara Livet, Aasulf!” skreik han med ein Gong i. ”Eg skal gjera deg til ein rik Mann . . . dessutan var det Tarald, som hadde Skuldi . . .”
           
”Les!” skreik Aasulf.
           
”Fader vor . . . du som er i Himmelen..... Helliget . . . vorde dit Navn . . . . . Eg skal kaupa deg ein Gard, Aasulf -!”
           
”Dersom du vil lesa Fadervaaret, so er det best du skundar deg no,” sagde Aasulf og drog Presten heilt upp i Armarne sine.
           
”Til . . . komme dit Rige . . . Ske . . . Ske . . . Ske din Vilje . . . som i Himmelen, saa og . . . paa Jorden –”.
           
Daa kom der rasande ei forfælande Vindflaga ovantil Nuten. Det peip og taut i Lufti, det sjoad og saud yver Vatnet, Baarurne lyfte seg liksom Sjøar... daa krengde den vesle Baaten heilt yver paa Sida, og baade Aasulf og Presten datt ut. –
           
Aasulf sleppte Presten og vilde symja; Presten treiv i Rædsla fast Tak i Aasulf, og so gjekk dei til Botnar baade tvo. Vinden skreik i Bergskorterne, svarte Baarur dansad med Skavlar og Skum bortyver Vatstromen; det høyrdest korkje Skrik elder Rop; men Baaten laag og skumplad og hoppad paa Bylgjetopparne og dreiv i Land i ei Vik og vart liggjande. –
           
Kor det gjekk med Bergljot hev eg ikkje fenget spurt. Det er lengje sidan detta hende, og Gud Fader aaleine veit um all den Sorg og Naud, som sidan kann ha voret uppe i Verdi, men no er gøymd og gløymd.
 

 

Frå Fedraheimen 04.12.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum