Fesjaa-Tale.

 
[Del 2 av 3]
 
(Av Jørund Telnes.)
 
(Framhald.)
 
Eg kann aller tru, at den Læra æ fann, at Far Adam æ funnen under Holte ne-i Afrika, aa at dæ æ bare Rova aa noko ana Styggedom, som skaa hava dotte av meg; nei dæ kann eg aller tru. Far Adam va rovelous aa mykjy venare Kar han hell eg. Dæ æ honoms Venleik me skaa prøve aa naa; men den naar me inkje mæ aa vende konns Ouga imot Jordi; den naar me mæ, at me stirer uppimot Himmelen, der Adams Aand, Manns-Aandi, æ komi ifraa; den naar me i Kamp mæ Aand mot Kjøt, den naar me mæ at me opnar vaart Ouga aa Hjarta for alt dæ store aa vene i Himmelen aa paa Jori. Dæ va sagt til honom, at han skulde gjera Jori til Tenaren sin, aa dæ ser ut til, at dæ endaa i Naae skaa uppfyllast paa konn, naar me ser paa alle dei store Framstig, som æ gjorde i so mange Maatar. Men me gjer inkje Jori til Tenaren konns mæ den raae Magti, inkje mæ aa tenkje paa Kjøtgrytunne, men som sagt mæ, at me opnar konns Aand fe alt dæ store aa vene, som Gud vil at ho skaa fyllast mæ. Dæ æ Adams Aand, Mannsaandi mæ Herrens Hjolp, i Samljo mæ honoms Aand, som skaa herske ivi Jori; fe Aandi maa alle Dagar aa i alle Tillfelle vera vigtugare hell Kroppen; dæ æ Aandi, som gjeve Kroppen Liv, dæ æ Aandi, som æ lagt i Hjuli, som drive Lokomotive fram. Dette skulle du, som vil skapa Mat, du ”Forretnings-Mann”, du Røyndomens Herre, syne, at du bære skjyna paa hell som du ofta gjer; daa ville Aandis Mennar ou seta eit større Vær paa deg aa ditt Yrkje. Dei Dikt og Draumar, som du so ofte held fe bare Vas, kann hava meir Sanning i seg enn Ein skulde tru, ja beint fram innehalde Spaadomar um dei Ting, som baatte du og eg gjønne vilde sjaa verkeleg-gjorde. Naar du tenkjer paa Guten, som tok 15 Mil i Stigje, maa du daa inkje koma til aa tenkje paa Telegrafen. Naar du tenkjer paa Guten, som fekk dæ rare Skjipe som han kunne sigle ivi Fjøll aa Finne mæ likso gott som paa Vatne, maa du daa inkje koma ihug Jønnbananne? O. s. v. Dæ vilde bli ei altfor lang aa altfor tung Regste fe meg aa reikna upp alt dæ som Mannsaandi heve lagt ne i Poesien, aa som sea heve blive sannrøynt i Live. Eg vil berre peike paa noko lite. Diktaren Homer song Grekland stort; han sette upp dei Mynster, som Grekarfolkje Ætt etter Ætt stræva etter aa naa, aa dette gjore dei til dei støste aa mest dana Folk i Verdi; dei hev enno i mange Stykkje ikkje funne Likjen sin. Kong David song Jødeland stort; paa honoms Ti va Aand, Song aa Poesi sterkast i Jødefolket; Salomon va større hell David i Vitskap, men mindre i Aand. Som han sjav va gla i Stas aa ytre Storleik, so blei Folkje dæ au; det blei materialistiskt, som dæ heiter; Aand aa Poesi minka av, aa dermæ au Gudelegheiti, Krafti aa Kjærleikjen. Okkons gamle Diktarar aa Sogu-Mennar heve gjort Noreg navngjete fraa Skotland til Messina. Konns Fridom, som blei attefødd paa Eidsvoll 1814, va lengje førr ”songjen inn” av Diktaranne vaare. Nordal Brun veit me song myllom andre: ”Saa vaagne vi vel op engang og bryder Lænker, Baand og Tvang, og naar vi først faar Blod paa Tand vi sødt om Frihed drømme!” Diktaranne æ Folkjes Upvekkjarar aa deires Spaamennar – Profetar -; derfe bli dæ au sagt av lærde Folk, at Diktaranne æ eit Framskot av Profetanne, hell stend liksom nærast i Rekkja etter dei, - some meir i dæ gudelege, aa some meir i dæ folkelege. I 1814 blei me berre reist upp i dæ utvortes, men i dæ aandelige æ me enno ufrie. Den danske Adelen blei vel avsett; - Du veit Løvenskjold (Faer til Storthingsmannen aa Assessoren) reiste seg av Benkjen sin aa sae: ”Skal Adelen afskaffes, da vil jeg sige de norske Fjelde Farvel!” Men daa reiste Jonas Rein seg aa sae: ”Da vil de norske Fjelde svare ”vel! vel!”” Den danske Adel miste sine Ser-Retter. Den norske Adelen hadde blivi Bøndar. Men den danske Aands-Adel heve me enno i Lande, enno site Danskjen i Høgsæte; me lese paa dansk aa tenkjer paa dansk, aa Lovanne okkons bli skrivne paa dansk, aa Prestanne kons talar dansk aa tenkjer som ein Jute. Ja her æ mykjy fremmind Aandsadel enno her i Lande. Dæ æ den, som maa ut, førr me kann seia mæ Sanning, at me æ eit fritt sjølvstendugt Folk. Enno æ me bare som ein Mann, som teke til aa lyfte paa Ougnelokji etter eit Svimeslag, daa han va Douen nere. Men kann me no tru dette, at me kann bli eit heilt upp fritt Folk? Jau, Dagbryne stend alt ivi Aasen, aa me heve Spaamennar som heve sagt dæ. Kven æ dæ? Diktaranne konses: Vergeland, Vinje, Bjørnson aa fleire. Skulde eg inkje tru dei, so maatte eg anten vera blind, hell au maatte eg sjaa paa heile Tii – paa den som æ, den som va aa den som skaa koma – liksom naar eg stirer i den blanke Fjoren aa ser, at Fjølli stend paa Hovde aa Toppanne paa Trei snur ne. ”Hvad Norge var det skal det engang blive!” seie Diktaren, aa daa skal den danske Adelen seia dei norske Fjølli ”Farvæl!” men den gamle Graaskjeggen under Fjølli vil svara so dæ ljomar:
”Vel! Vel!”                                         
 
 

 

Frå Fedraheimen 04.12.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum