Brevsending.

 
Namsos 25de Nov. 1878.
 
Her uppe i Namsos hava me havt det gildt i desse Dagom, daa vaar norske Diktar Kristofer Janson heve gjestat denne Grendi. Det er so sjeldan, at me paa vaare Kantar have Tilgang til aa sjaa og høyra slike store Menner, at det var reint som ei Stortidend aa faa vita, at Janson vilde koma hit. Maandag var (25de Nov.) heldt han fyrste Fyredraget sitt (”dei tri Morsyster” og ”Lurvehetta med Utleggjing) fyre so mange Folk, som det vel kunde rømast paa ein av dei største Salom i Byen. Det gjekk daa her, som det ofta gjeng med denne Mannen, at daa Fyredraget var tilendes, hadde han mest lika so mange Viner, som det var Folk og høyrde paa – at det ogso vart nokre faae – og det reint faae – harme paa honom, mest fyre Maalet, er vel helder ikkje sjeldhøyrt. Janson eig eit underlegt Lag til aa draga Folk aat seg. Han er so kjærleg, endaa naar han er streng; han er so frisk og sterk og norsk og likavel so fin. Tru og Livsmod lyser ut or Augom hans, so det er eit stort Under; eg segjer Under, naar eg tenkjer paa den Motburd, som denne rake Aand heve røynt blandt sume av sitt eiget Folk. Han heve, Gudskjelov, voret sterkaste til denne Tidi, og det er vel aa vona, at det verste er yverstridd fyre Janson no, so det vil koma fleire Solskinsdagar heretter paa hans Diktarferd.
           
Tysdag Fyremiddag heldt Janson Fyredrag uppe i Namdalen paa Ranumssletta fyre Overhaldingarne. Overhaldingarne er staute Folk, store og sterke i Kroppen, kvike og gladværuge, med dei best upplyste Bygdarfolk og oftaste frilynde og norsklynde, so det er ein Hugnad aa vera i Lag med deim. Det var no mange utav deim, som ikkje kunde bida, til Janson kom upp i Overhaldi, men som kom køyrande lange Vegjerne ned til Byen Maandags Kvelden fyre aa faa høyra honom snaraste det var Raad til. Det snjovade og bles ein Grand Tysdag, men det skal hava møtt fram yver halvtannat Hundrad Menneskje paa Søisvenning likavel.
           
Tysdags Kvelden heldt Janson endaa eit Fyredrag i Namsos. Det var ”Haddingssegni” han fortalde og lagde ut. Det synte seg daa best, korleids Folk her likade Janson, med di Salen var mest lika full denne Gongen med. Det er smaatt med Fortenesta fyr Folk her som andre Stader dette Bilet; men det skulde ein ikkje kunna sjaa paa Fyrelesningarne aat Janson. At Janson heldt Fyredragi paa Landsmaal, at Folket her skynade det heilt ut, og at han fekk nog med ”Handklapp”, treng eg vel ikkje aa fortelja. Onsdag Morgon reiste han søretter til Værdalsøyri.
           
Lesararne aat Fedraheimen vilja vist gjerna vita, kor det gjeng med Maalsaki heruppe. No vel, det heve voret myket Snakk um denne Saki her, og det er sjølvsagt, at Meiningarne er nokot ymislege; men elles er no ikkje Motstandet sterkare, en at me tola det. Namsos er ein ny By (kring 30 Aar), og dei fleste Folk er innflutte fraa Bygdom og av Bondeætt, so me skulde ikkje vera ukjende med Landsmaal. Og det er no Folk ikkje helder, maavita. Borni her i Byen snakka so godt norsk, at eg ikkje skynar annat, en at det maatte vera Rett aa gjera same Kravet fyr deim, som det no er gjort i Odelsthinget fyre Borni paa Bygdom. Lærararne her vilde vist ikkje hava nokot mot denne Logi, for det er berre Maalmenner og Maalviner fraa øvst til nedst.
           
Til ein Prøve paa Maalet, som Borni snakka her i Byen, kann du sjaa paa denne litle Barneregla herifraa, som Lærar Pedersen heve uppteket i ”Børnebudet” sitt, eit kvikt og lærerikt litet Blad, som kjem ut ein Gong um Maanaden 1):
 
Kraaka sat paa Harpapinn
saag seg ut i Vestavinn,
saag ei Fløy paa Toppen staa,
saag eit Seil paa Raa’a laa’.
Hei aa hei du Vestavinn!
Imaarraa kjem han Papa din
med Fiken og Sukker til Smaabonna sin’.
 
Men hermed er aa merkja, at Ungdomen her segjer likso ofta (oftare?) ”Segl” (eld. Sæggl) som ”Seil” og alltid ”laag”.
           
Der som Borni snakka so godt norsk Maal, synest det aa vera Synd, at dei skal nøydast til aa bruka dansk i Bok og Skrivt – og eg hadde nær sagt i Tale, for solenge som det ikkje er greidt Logbod um denne Tingen, er ein alltid i Uvissa um, kvat han skal gjera. Berre no det komande Stortinget kunde og vilde gjera eit Tiltak paa denne Leidi, so baade Maali fekk same Retten.
 
1)Kostar ei Kruna fyr Aaret med Postpengar.
 
- r.
 

 

Frå Fedraheimen 04.12.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum