Ved Amtsskularne i Nordre Bergh.

 
(Innsendt).
 
Amt er der god Søknad i Aar. Ved Sogndals Folkehøgskule, heve eg høyrt, der skal vera 36 Gutar. Ved Florøy Amtsskule er der 25 og ved Amtsskulen i Gloppo 42 Gutar.
 
Paa sidste Amtsthing vart der gjevet Pengar til eit 3 Maanars Gjentekursus ved kvar av desse Skular. Gjentekurset kjem vonleg til at byrja, trast Gutaskulen er slut. Umframt desse Skular hev me endaa ein Gjenteskule fyr Bondegjentor her i Amtet. Den Skulen er i Ytre Holmedal i Sunnfjord, og styrest av Agronom Eide. Eit Kursus varer i 9 Maanadar, og Gjentorna fær der læra Husstell og Mjølkestell og Sauming og Veving og meir slikt.
           
Det er det ”praktiske”, som etter Planen er det vigtugaste ved den Skulen. Han heve havt god Søkning i dei 2 Aar, han heve voret til.
 
I ”Søndre Bergh. Amt” hev dei og ein slik Skule og dei likar honom so væl, at det i Aar paa Amtsthinget, um eg hugsar ret, vart avgjort, at Amtsskulekommissionen skulde sjaa til aa faa istand 2 slike Skular til der i Amtet.
 
Ein hadde lenge her i N. Bergh. Amt tenkt paa, kvat ein skulde gjera fyr Kvinna, so ho baade kunde lyftast litet Grand upp yver Matstrævet og paa same Tid ogso læra seg til at stræva soleis med Maten, at detta Matstrævet inkje skulde falla henne altfor tungt. So fekk dei daa istand den Skulen i Holmedal. Der er no som ventande var inkje Rum til alle, som vil dit, og so er det vel so, at det er mesta berre dei velhaldne Folk, som orkar at senda Borni sine dit. No var det Tanken med desse Gjentekursus, eg nemnde her uppe, at ogso dei, som hadde ”mindre Raad”, skulde faa litet meir Upplysing, enn dei kann faa i Aalmugskulen. Det hev voret so her paa desse Kantar, at Kvinna hev voret brukt kanskje væl mykje til utanhuses Arbeid, so ho altforlitet heve fenget ”stellt med Huset”. Difyr heve det og altfor mykje voret klent med Husstellet, maa vita. Fyr aa retta paa detta er det, at der skal lærast ”Husstell” paa Skulen i Holmedal. Sjølvsagt maa det ogso verta so her etter Dags, at Kvinna mindre enn fyr vert med i Utearbeidet, elles nyttar det inkje stort, kvat ho hev lært; ho vinn so inkje paa alt likevel. Sume Stadar heve det og vortet betre i denne Vegen i dei sidste Aar. Her heve lenge voret Skular fyr Gutar; men her er, som sagt, berre 2 Aar, sidan Gjenteskulen i Holmedal kom istand. Dette, at her var so litet Tilhøve fyr Gjentor ”at faa læra nokot meir”, medan her var Skular nog fyr Gutarne, liknade ein Talar i Amtsthinget i Sumar ihop med den Tilstand ei Vogn var i, naar det eine Hjulet var blankt og vælstelt, og det andre rustat og vanflitt. Amtsthinget, som vonleg fann, at der var Sanning i denne Likningi, gjorde daa, som sagt, det dei kunde fyr at baadeHjuli kunde blenkjast.
 

 

Frå Fedraheimen 16.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum