Utlandet.

 
Frankrike. Etter dei Val som hev voret paa Valmenner til yver Nyaar aa velja nye Medlemer av Senatet, er Republikanarne visse paa aa vinna ikring 30 Røyster i alt; daa fær det 158 R. i Staden fyr 128, det vil segja os myket som eit Yvertal paa 15 Røyster, og kannhenda det kjem endaa nokre attaat. Det er sjølvsagt, at dei republikanske Blad helsar denne Utgang med Fagnad. Journal des Débats skriv den 14de i d. M.: Det som var aa vona, er hendt; Dei fleste Heradsraadi hev valt republikanske Valmenner, som fyr sin Deil att vil velja Senatorar av same politiske Liten. Det framtidige Fleirtal i Senatet vil verta konservativt i den beste Meining av Ordet; det vil ikkje forsvara berre dei store Grunnsetningar, som all Samfundsskipnad kviler paa, men sjølve Formi fyr vaare politiske Innrettningar. Den 5te Januar 1879 vil Republiken sigla um Godvonarneset. Senatet vil ikkje lenger vera eit Samsod av sins-imillon usamde Partimenner, berre samde um aa stræva imot Republiken; det vil verta den beste og fullaste Samnad millom dei ymse Magter i Staten. Endeleg hev Thiers vortet sannspaadd, daa han sagde, at Magti vil tilhøyra den klokaste. Den republikanske Fylkingen hev til dessa voret den klokaste og vil verta so verande. Han veit alt for vel, at kvart eit Mistak, han gjer, strakst vil verta utnyttat av Bakstrævararne.” Bladet spottar det gamle Senatsfleirtalet fyr alt Bryet det hev gjort seg i den ellevte Time, at ikkje Høgre skulde missa Yvertalet, og det fortel, at dei hadde tenkt paa aa senda ut eit Upprop til Landet. Men denne Tanken vart uppgjeven, fyrdi dei ikkje kunde semjast um Innhaldet. Til Slut kynner Journal des Débats, at det kann ikkje vera Tvil um annat enn at sume av dei Senatorar, som til dessa hev marserat under 16de-Mai-Fane vil slutta seg til Republiken, naar han berre gjev Vissa fyr Fred og Fridom. – Idag den 15de skal Senatet velja 3 nye Livsmedlimer etter Bisp Dupanloup og tvo Republikanarar, som er daane. Det republikanske Parti hev sett upp tri Emne, som dei vonar aa faa samlat alle republikanske og sume konservative Røyster um, det er Greive Montalivet, Minister hev voret under Ludvig Filipp, Bankieren André, som oftare hev freistat og fallet, og Generalstabschef, hev voret, Gresley, som fekk Avskil av Ministeriet Broglie-Fourtou. Aatferdi aat Paul Cassagnac i Folke- thinget og serleg hans Aagrip paa Marskalken hev krenkt og argat upp Orleanistarne slikt, at dei her etter Dags ikkje vil hava nokot aa gjera med Bonapartistar og Legitimistar. Usamnaden millom dei Konservative er so stor, at det ikkje hev voret moglegt fyr deim aa semjast um 3 Emne til desse Senatorvali, som no skal gjerast. Difyr er det ikkje visst, annat enn Republikanarne kann setja sin Vilje igjenom, nokot som elles vøre utenkjande slikt som Senatet no er samansett.
 
Det hev i lenger Tid gjenget Segn um at Greive Schuvalov skal taka Styringi av den ryske Utrikspolitik. Det er mange, som trur, at Schuvalov er Maalsmann fyr Fredspolitiken, og at hans Utnemning til Kansler vilde gjera Ende paa all Ugreida, daa det er Fyrst Gortscha- kov, som er Framføresmann fyr Krigspolitiken og stendigt drøymer um aa gjera San Stefano-Semja verkeleg. Andre meiner, at Schuvalov aldri hev voret nokon Fredssvermar, og at det ikkje var Mannemilda som fekk ’n til aa stogga Rysseheren utanfyr Konstantinopel. Daa han fekk Kjeisaren til aa ganga inn paa Kongressen, var det berre, fyrdi han kunde døma betre enn andre um, korleids Sakerne stod fyr Ryssland, og kvat England verkeleg vilde. Han trudde, at Kongressen vilde frelsa Ryssland utor eit Høve, som fyr det kunde enda med Knall og Fall. Det er likevel uvisst, um han kjem til aa avløysa Gortschakov fyr det fyrste; sume meiner, at han skal venda attende til sin Post i London; andre meiner, at den Reisa, han no skal gjera dit, berre er gjort, fyr at han skal levera Papiri sine. Visst er det, at i denne Stund er det Gortschakovs Politik, som er den raadande paa Balkanhalvøyi, likesom den Gongen daa Ignatiev gjorde Fredsemja i San Stefano.
 

 

Frå Fedraheimen 16.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum