Notisar

 
Ved Universitetet i St. Petersborg finnst fleire Lærarstolar i Russisk, Tydsk, Fransk, Engelsk, Tshekhisk og endaa 31 Lærarpostar i Arabisk, Persisk, Turkisk, Tatarisk, Kinesisk, Manshurisk, Mongolsk, Gruisisk, Sanskrit, Zend o. s. b. – I Russland vil dei no inndraga fleire Ordenar: den kvite Ørns, den heilage Katarina, Aleksander Nevsky-, St. Anna- og Stanislausordenarne, soleids at det vert att berre St. Georgsordenen fyr militær Dug, St Vladimirordenen fyr civile Dygder og St. Andreasordenen som høgste Løn fyr aa ha utmerkt seg i Rikstenesta. Alle gode Ting er tri, meiner dei.
 
Me minner Folk um, at det no er paa høg Tid aa skilja seg av med alle 2- 4- og 8-Skillingar av Sylv, som er slegne etter 1814, og alle 1-Skilingar og ½-Skillingar av Kopar, slegne etter 1866.Dei vert innløyste hjaa Futar og andre offenlege Tenestemenn til 31te Decbr. 1878 (sjaa kgl. Kunngjerd av 29de Decbr. 1876).
 
Røysterett i Italia. Innriksministaren Zanardelli hev haldet ein Tale og upplyst, at det er Ministeriets Tanke aa faa gjenomført, at kvar vaksen Mann, som kann lesa og skriva, skal ha Røysterett. Det er i det katholske Italia, det!
 
Folkehøgskular. Alvheim Skule i Borgesysla hev 17 Lærlingar. Styrar Cand. jur. N. J. Sørensen. Uppdal Skule hev 30 Lærlingar. StyrarSeminarist D. Sæther.
 
Den franske Senator Jacotin, vald fraa Haute-Loire, vart nyst gripen i aa spila falskt; han nedlagde den 7de Novbr. sitt Mandat.
 
”Vestlandske Tidende” undrar seg yver, at mest alle Eimskip, som fer langs Vestlandet, hev Kongenamn: Kong Sverre, Kong Sigurd, Kong Magnus, Kong Haakon, Kong Halvdan, Kong Bjørn, St. Olaf, Harald Haarfagre, Haakon Adalstein, Dronning Sofie o. s. b. Daa dei fleste av desse Namn minner um Norigs Stortid, hev me Inkje aa segja. Onnorleids vilde det ha voret, um Oldenborgarar hadde voret uppkallade elder Erik av Pommern.
 
Den aagjæte Leksikografen Littré, Medlem av det franske Akademi, ligg faarlegt sjuk paa ei av dei hyeriske Øyar.
 
Utgraving. I Olympia hev dei 40 Meter fraa Zev’s Tempel støytt paa Hovudporten til Altis og ved Enden av ei Gata ein Bygnad, som dei meiner hev voret eit Leonidaion, eit romersk Hus, der ein høg Embættesmann budde.
 
Me gat i eit tidlegare Blad um, at Russar hadde yverfallet og teket Børsur m. m. fraa eit norsk Skip ved Novaja Semlja. Russen Sidorov segjer um detta i ”Helsingfors Dagblad”, at Nordmennerne hadde skamferat (hogget av og skotet igjenom) dei russiske Krossar og religiøse Minnesmerkje paa Øyi, og daa Russarne talade deim til Rettes fyr desse Herverk, skrøytte dei berre av sine Børsur. So gjekk Russarne umbord hjaa deim og tok med seg 6 Børsur og ein Kikar, som det likvel var deira Meining aa yvergjeva sin Reidar, Kaupmann Norkin i Kiev.
 
”Fædrelandet” gjev vondt fraa seg, fyrdi vaart og andre Blad hev uttalat seg imot Prest Storjohanns Preika paa Gardermoen, men Bladet ser seg likvel nøgd til aa medgjeva, at Preika var ”beklagelig uheldig og misforstaaelig.” Kvat skal det so smaka av, at Bladet ikkje sa’ det bidige Ordet, den Gong Preika vart haldi?
 
Sjøormen. Lærar H. Fredriksen skriv i ”Almuevennen” fraa Tjotta (Halogaland), at han hev sétt Sjoormen paa ei Ferd han gjorde ut paa Sjoen til aa skjota Fugl. Hovudet, likt eit Aalehovud, lyfte Ormen ei 30-40 Alen fraa Baaten 1 Alen yver Vatstromen; han saag 5 Bugter av Dyret, som var so tjukt som ein vaksen Kar, og høyrde grannt Snyktingi aat det. Kroppen, men mest Hovudet, var takt med smaae Skjeljar. Fredriksen segjer, at ogso fleire i Tjotta hev sétt eit slikt Dyr.
 
Nytt Logforslag. Fredr. Bajer hev i det danske Folkething framsett Forslag um, at gift Kvinna skal ha Rett til aa raada yver det ho vinn ved personlegt Arbeid, og at det Gods, som er vunnet ved slikt Arbeid, ikkje skal hefta fyr Skuld, som Mannen hev gjort, minders Husfrua hev samtykt i Skuldstiftingi, elder denne hev voret naudsynleg fyr sams Hushald elder til Uppfostring av Borni, Detta skal gjelda, baade naar det er upprettat Egtepakt, og naar Egtefolki liver i full Sameign.
 

 

Frå Fedraheimen 16.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum