Kristiania, den 15de November 1878.

 
Vaare Ministerblad forsvarar dei kvite Fanur, dei 4 Hurra og alt det, med aa fortelja, at Regjeringi hev – Ingenting meint med det.
           
Det er Tilfelle og Tankeløysa alt ihop. Naar Landet lid Skade paa si Æra, bør altso Ingen gjera Staak fyr det.
           
Dessutan er der Ingen, som hev Andsvaret. Den einaste, som skulde hava det her, maatte vera Kongen sjølv, og han – er andsvarslaus etter Grunnlogi.
           
Det er norsk Politik det! Armodsdomen gjer seg so breid, at han vert reint ufysen.
 
Tankeløysa og Andsvarsløysa i det Smaae som i det Store. Tankeløysa og Andsvarsløysa gjort til politisk Prinsip! – Ja, det maa vera norskt. Og so desse Ministerblad, som ligg der og liksom gjer seg til av, at dei hev slik ei Regjering aa forsvara!
           
Der kann vera nokot sannt i det, som Mgbl. skreiv her um Dagen, at vaare Fridomsblad i denne Striden minner um Don Quixote. For aa slaast med ei andsvarslaus Regjering er ikkje stort likare enn aa føra Krig med ei Vindkvern. –
           
Eit merkjeleg vælskipat Samfund, der Styret gjeng i Ørska og læt Tilfelle og Silkehandlarar syta fyr Landsens Æra, og der alle er andsvarslause, so snart som det gjeld! – Er ikkje Norig eit politisk Mynsterland, so finnst det ikkje paa denne Sida Kloten.
 

 

Frå Fedraheimen 16.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum