Opet Brev til Expeditionschef Herzberg.

 
Kann du hugsa hin Kvelden etter vaart fyrste Møte, daa eg fylgde deg umbord i Lag med Barndomsvinen din, som hadde ført os saman. Eg minnest so grant den hugsame Stundi, daa me tri sat der paa Eimskipet paa Bergens Hamn i den væne Sumarkvelden, uppglødde under Samrøda um vaart Land og Folk. Det var Maalsaki, so som ho stod fyre Ungdomshugen vaar, som var Upphavet til Samlingen og Kjendskapen vaar. Eg kann endaa høyra den hjartevarme Tonen i Maalet ditt; eg ser endaa Glansen i ditt Auga, daa du fortalde korleides Heimhugen drog deg vestetter yver Fjell og Firne kvar Sumar; kor hjartefegen du vardt, daa du naadde fram paa Fjellbruni og fekk sjaa ned i Sørfjorden, Barnaheimen din, og kor undarlegt det lagdest inn paa deg, daa du atter høyrde Haringmaalet, som du daa sagdest kjennast med som ditt sanne Morsmaal. So som du daa stod fyre meg, vil eg i Dag tala til deg. I Kraft av hin Kvelden vil eg i Dag venda meg til honom, som er komen i Tilhøve til at kunna fremja og fløyta den Saki, som han i Ungdomen hadde lagt so varm ein Elsk paa.
           
Daa me hin Kvelden hadde bedet Velfara, spaadde eg, at du ein Gong vilde naa fram til eitt formaaande Livskall, og at du tvillaust vilde koma Til at gjera Maalsaki stort Gagn. Min fyrste Spaadom hev eg longo sidan seet uppfyllt; men kor er det voret med den andre? Sidan hin Kvelden hev her voret trutt og trottig Arbeid med Reisingi av det norske Maalet, som du ein Gong kallade ditt sanne Morsmaal. Sume, og detta av dei beste, hava alt stupat under Arbeidet; sume hava øydt sine beste Krafter, og sume arbeida endaa med Aldrens Aalvor og graanade i Striden. Men kvar hev du voret imedan, og kvat hev d u gjort til at fylle vaare og dine eigne Voner? Den eine gjeng til Kvila og den andre kjem att i Staden; Fylkingi aukar og Framgangen med; men ingen kann verda deg var, korkje som slett og rett Fylkingsmann, og endaa mindre som Fyregangsmann. Ein lyt spyrja: kvervde det Stangske System ogso Syni paa deg, daa du kom inn i Ringen, og lokkade deg burt fraa din rette Farveg og vaar dyraste Sak? Eg kann snaudt tru det, og endaa mindre det, at du skulde vilja Saki til Meins, so som sume ymta.
           
Men daa er det og paa Tidi at du kjem fram or ditt Løyne. Det gjeld i so Maate meir um deg en um andre, at den som inkje er med er imot, og helst so langt som Maalsaki no er komi. Korkje du elder nokon kann hindra henne fraa sidstpaa at sigra. Ho siig fram med den same ustoppelege Tyngd, som kvar den Sak gjerer, som verd frambori paa den sterke, breide Folkeryggen. Men lika so vist som du no i ditt Embætte kann gjera meir fyre Saki en flestalle andre, lika so vist kann du ogso seinka henne meir en andre ved at halda deg undan – det verste som eg er god til at tru um deg -.
           
Det var Tanken paa detta, som dreiv meg i Dag til at senda deg detta Brevet. Er du den Karen, som eg veit du ein Gong var, og helst vil tru, at du endaa er, so naar mine Ord ditt Øyra og ditt Hjarta, alt um dei kjem fraa ein, som sit ugjeten i ein Fjord-Avkrok, og til ein, som er namnkunnig um all Noreg paa den aalkjende Sessen sin.
           
Som du veit, era me no komne til det store Vegskilet, som du og me andre hev seet i vaare fagraste Ungdomsdraumar. Noregs kaarne Menner era komne Maalsaki til Møtes og vilja at ho heretter skal fremjast, so at Folkemaalet, den dyraste Arven som Nordmenn fekk at vardveita, kann verda framhavt og koma Ætteborni, Heimen og Upplysningen til Nytte. Og det er du, som hev fenget den gilde Uppgaava at leggja alt til Rettes, so at der kann verda det rette Framskot paa den dyre Saki!
           
Vil du gjera det som tykjest meg vera sjølvsagt fyre den fødde Haringguten og høver so vel med Hugen, som olst millom Folket inn under Folgefonni i det ”underdeilige” Hardanger? Elder vil du skjota ifraa deg det største Folkekravet, som hev voret uppe i Noreg sidan 1814?
           
Vil du ganga under det Merkjet, som Soga retter imot deg, kvart du snur deg? Elder vil du ganga fram under det Stangske Merkjet med hine vidspurde Vanvyrdingsord til den norske Folkehugen?
 
Eg vonar at du vil velja det fyrste. Eg vonar, at du helder vil hava ditt Namn standande paa Ljossida en paa Skuggesida aat Soga; at du helst vil verda nemnd av komande Ætter i Lag med deim, som rette det som velt var og bøtte vaare Ættarmerkje med den einaste høvelege Bot som duger. Eg hev denne Voni til deg. Eg kann inkje annat, naar eg ser deg ljoslivande, som du feste deg i minnet mitt hin Kvelden.
           
Men daa lyt du no leggja Hand paa Verket! Det er sagt um vaart Styre med altfor god Grunn, at det er skapt til at kjøva kvar lyftande Tanke, at stogga kvart lengtande Steg; at kvar høgsynt Mann, som kjem inn i Trollringen, lyt læra at venda Hugen sin lenger og lenger ned i kvardagslege Tankestemnor. Detta kann ogso løysa den Gaata, at du ingen Ting endaa hev gjort til at brøyta Faret fyre Bondens Tungemaal, alt um det just var slike som du, som skulde ganga i Brodden og rydja dei fyrste og verste Steinar or Vegen. ”Systemet” lyt vel orsaka, at dugande Folk, som skulde vita og sjaa, kvar den rette Leidi er, vingla seg burt i Meinkrokar og Faanytte. Det er sagte inkje so beintfram, naar ein ferdast i slikt Fylgje, daa at skilja Lag og vera Fyregangsmann fyre høgsynte Krav.
           
Onnorleides er det no, naar dei som rettelega era Herre i Huset, sjølve koma med Kravet. No gjeld ingi Orsaking lenger. No er Saki vandalaus fyre den, som vil vera med, so som eg vonar du vil heretter Dags. Men daa lyt du ogso hasta og inkje drygja, soframt du rett vil svara fyre det Embættet, du fekk at røkta.
           
Detta var det eg vilde leggja deg paa Hjartat i Dag. Eg sender Brevet mitt paa denne Maaten, av di eg trudde det kunde vera deg til Studning der du er sett, at faa ei Uppmaning gjenom eit offentlegt Blad. Skulde eg hava teket i Mist av deg; skulde du inkje lenger hava den rette Medhug med vaar gamle Sak, elder skulde du jamvel vilja henne illa, daa er Skrivet mitt eit Mistak. Daa veit eg inkje annat at segja til Velfar, en at det visst vil verda hardt fyre deg at stampa mot Brodden.
           
Ved Sognefjorden 26de Oktbr. 1878.
           
Din
Henrik Krohn.
 

 

Frå Fedraheimen 02.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum