I Telemarki.

 
1 Per “Pussig”.
 
(Framhald.)
 
Men no slo Per tvo Flugur i eit Slag og song:
 
”Eg Olavs Ord imot Sigurd vender,
og Sigurds rakt eg mot Olav sender.
Med Nosi kjenner eg som ein Tev:
Den eine treng til den andres Stev”.
 
Per hadde no stelt og leika ikring, til dei hadde gløymt alle traae Tankar og sat der og godlædde alle i hop. – Det var inkje likt til, at nokon vilde vaaga seg i Kast med han Per meir, men so baud han upp til ny Leik:
 
”Du, Sigbjørn Lid, som siit der aa smøyter,
lyt vera med iblant dei, som brøyter –
du fær kje sitja so lat og dauv;
for Mæle hev du, og Vitet au!”
 
Sigbjørn kremtad ei Stund; so kvad han:
 
”Ja Ful-Ord vankar paa alle Leidur,
og kor Ein snur seg, so fær Ein Sneidord,
- men aldri saag eg den Dag, eg veit,
so mange Kvefsir ikring e i Gjeit!” –
 
Detti om ”Gjeiti i Kvefsebøle”, det var just nokot for Per. Han trippad med Føterne, bles gjenom Nosi, skubbad seg, sprang i Krok og i Ring, peikad paa Sigbjørn og song:
 
”Mæ-æ-æ-æ-æ – dei stikk so ille; -
men du, din Godsaud, at slikt du vilde!
at du vild’ stinge eit stakkars Dyr;
men no lyt eg tru det, eg trudd’ kje fyrr!”
 
Til Slut stod Per still midt paa Golvet og pustad, som han var sprengd. No hadde han gjort sitt. –
 
Per ”Pussigs” rette Namn var Per Olavson Langelid. Kjenningsnamnet ”Pussig” hadde ”gjort seg sjøl”. Han blei so aalment kalla so, at detti Adjektivet til Slut gjekk fyr eit Eigennamn. Det er gamall Sed, detti, aa gjeva framifraa Menn Kjenningsnamn. Paa dei Stader, der Folket hev haldet paa det gamle, der hev denne Skikken haldet seg rein. Men so er der andre Stellur, Skikken er vrengd um, so det er reint uhuglegt aa høyra. Annankvor ein gjeng og ber paa eit Vednamn elder Slengjenamn, som det allstødt er meint einkvort vondt med. Men so var inkje Skikken i Pers Bygd. Ingen vilde leggja nokot vondt ind i Pussig-Namnet, langt derifraa. Og detti visste Per væl.
           
Han var Husmann, men stod seg godt. Mang-ein Gardmann skulde ha ynskt seg so væl i det. Plassen, Langelid, hae voret i Ætti i tvo Leder, og no hadde Per leigt ’n for dei tri som koma skulde. Det var ingji vanleg Husmanns-ætt. Per hadde eit merkjeleg godt Hovud, og var ein snild, godhjartad Mann. Derfor var han umtykt af alle. Hans friske Lenting og Leik rann som ein Fjellbekk i kaate Kast, men aldri i Utidi. Det var Vit, fint Humor, som fossad altstøtt nytt, so ein aldri vart leid av aa høyra det, han baud. Hans Sinns-Jamvigt var utruleg stor, slik som ein helst finn ho hjaa gamle, rike, sjølv-byrge Bonde-Ættir. Men han kunna og, blei han eitra, bruke Spott, og det so det sveid. Folk vilde gjønne ha Per hjaa seg, og han vart jamt benkjad bland dei beste, der dei ynskte Vit, Lent og sin Leik istaden for Raaskap. Det var ein ”Kjellarmann” av det gode Slaget. Derfor var han og med paa Haugvall den Gongen.
 
Men det fylgde Gaman med Per, kor han foor, anten han var i Lag hell inkje. Stundom kunna han reint vera som ein Skodespilar og ”gjeva” heile ”Rollur”. No skal eg fortelja um ein Gong han var i Byen. –
           
Det var Jonsokhelg og ovfint Veer. Per og tri andre Bønder kom til Byen. Dei skulde som vanlegt ”brenne” paa ”St. Hanshaugen” dei kallar; der var reist eit Telt; dei selde Kake, Vin, Sigarar o. d.; eit Dansegolv var au tilskipat. Dit ut laut daa Per og Fylgje honom um Kvelden. ”Kanskji me kunna finne paa noko til Moro”, meitne Per. Men skulde det bli nokot som monad, fekk han laga seg tomsutt. Og du kann tru han skapad seg til. Henderne hekk dinglad som visnat Lauv, Augo laag halvopne og tunge, Underlippa vrengde seg nedyvir Hoka, han gapte og lydde som han var dauvøyrt; Ingen skulde tru, at han bare lagad seg so, nei, det laut vera den fødde Tomsingen detti.
           
Nokle ”Kavallerar”, det var visst Kraambukarar og slike, fekk sjaa desse Bønderne. Dei hae Handskar paa vingstre Haandi, Flosshatten sat litt paa Sneid, og Sigaren stod og rauk millom Langemann og Gullbrann i Handskehondi.
           
”Her skal me faa Moro fyr ein Skjilling!” tenkte dei fine Herrarne og lagde yvir, at dei skulde bjoda Bønderne inn i Teltet. Fyrst laut dei bjoda Sigarar og Vin, og so fekk dei faa ”Bonde-tampene” inn paa Dansetilet, - jau, det skulde bli Gaman, det.
           
So kom dei bortimot Bønderne og helsad aalvorskleg og vyrdsamt: ”God dag, høistærede Herrer!”
           
Bønderne kremtad, akad paa seg, og tok til Luvunn sine; men Per strauk si heilt av han, og klemde ho inn under vingstre Armen. Underlippa skalv, Augo velte att og fram. Han drog seg attum Fylgje sitt. No snudde dei seg med ein Gong til Per: ”Nu, høistærede! Vær saa god, følg med paa et glas of vine and – Sigarer - - vær saa god, alle sammen!” –
 
”Hm, hm – d- d’er Sja–Sja-Sjavvili, er der”, stamad Per fram med stort Stræv.
           
Stamingi Pers høyrdest som ho var medfødd; det rykte i den Andletssida, som vende mot Bønderne, og Veslefingjen paa sama Sida leikad og spratt. Bønderne lo dei – aat Tomsingen, dei drogst med, maatru. Detti byrjad godt, tenkte Bykararne; dei fekk halda fram.
           
”Now – what do you say, Mr. – Ole!Very well, hahaha!” lo dei Fine. Dei blinkad yvir til kvorandre; men Per au lo – med halve Andlitet til Fylgjesveinarne sine, og Veslefing spratt som fyrr. No gjekk Bønderne med inn i Teltet trauigt og seint, som Visen er, Per ustød baketter med Luva under Armen.
           
”Sid ned, gentlemen!” baud dei Fine. Bønderne sette seg; men den stakkars Tullingjen, han Per, stod som ein Stake og glodde. Han stødde seg uppetter Teltveggen. So baud dei fram Sigarar. Per tok trautt imot. Han einstirde paa Sigaren, so han saag inkje, at dei andre tende.
                                                          
 

 

Frå Fedraheimen 02.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum