Fraa Jadren.

 
[Brevsending til ”Fedraheimen”].
 
Hr. Bladstyrar! Du heve vel høyrt gjetet, at dei kalla Jadren Noregs Kornkammer elder Matkammer (”Spiskammer”) og so meiner Du væl, at me inkje tryt Korn her paa Jadren. Men fer Du so denne nye Jarnvegen, ser Du meir Lyngheidar og Myrar enn Aakrar og grøne Vollar paa denne største Vestlandske Sletta, og daa tenkjer Du kannhenda med Deg: Korleids tru detta kan hava seg? Aa jau det skal eg segja Deg: Jarnvegen er lagd just yver dei største Øydemarkjerne, Ein kunde leita upp. ”Innsjaanørarne” søkte inkje dei tettgrendtaste Staderne; dei tok Beinleidi, dei, um det so laut ganga yver dei blautaste Gorrmyrar her finnst. Detta er baade illa og væl, etter som Ein tek det til. Det vil kosta aa halda Jarnvegen istand, naar han i vaatt Veer søkk ned Vaar og Haust, og det er inkje fint helder fyre Ferdafolki no um Dagarne aa sjaa paa svarte Torvmyrar og brune Lyngmarkjer. – Stavangerarne jamrad longe 1) i Sumar yver, at dei vart so snart mette av det Slaget; men so er der det Gode med det, at Beinleidi alltid er den tuttaste, og fyr dei udyrkade Vidderne maa me tru, at Jarnvegen vil verta til stor Bate, daa han visst vil gjera sitt til, at dei ein Gong kann verta til Aakrar og blømande Engjer, og naar den Tid kjem, so skal væl dei framande Augo inkje so snart verta mette av Jadren helder.
           
Men hellest er Jadren longe no mykje finare, enn han mange Stader ser ut til aa vera fraa Jarnvegs-Vogni, der Ein sume Tider mest skulde tru, at Ein foor igjenom eit Land, som vart funnet ifjor. Den gode Jordi er mange Stader godt dyrkad, dei grøne Flekkjerne tek til Aar fyre Aar, og daa Jadren er framifraa aarviss, kann Jadrbuarne kvart Aar selja Korn til Dalbuar og Ryfylkingar og Haringar o. fl. Stundom vert der tilmed ført Korn til Engeland. Og naar heile Jadrlandet ein Gong vart uppdyrkat, kunde det verta eit Kornkammer fyre ein større Lut av Vestlandet, um inkje just fyre heile Landet, som Avis-Skrøytarar hava skrevet um.
           
I Aar vart det gild Korn – meir enn medels, so Havren no inkje er meir i Pris, enn at han vert seld fyre 6 Kr. (og 7 Ort) Tunna. I Vaar var Aktions-Prisen 12 Kr.
           
Jordepli slo au framifraa godt til. Ein Mann i Haa heve Rekning paa, at han avlad 16 Tunnor paa ein Aaker-Mole, der han hadde sett 5 ½ Skjeppa, og paa ein Gard, heiter Oma, rekna dei yver 200 Eple paa ein Stylk. Af desse var 140 større enn Toppeple.
           
Det ser soleids godt ut med det, Ein skal liva av tilaars. Dei, som hava mindst gode Voner i so Maata, er Skulelærararne; for dei hava det no inkje for feitt her i ”Norges Kornkammer”. Berre Klokkararne i dei allra største Sokner hava so vidt Løn, at dei fullt ut kunna offra seg fyre sitt vigtuge Kall utan Umsut fyre Føda aat seg og Sine. Men alle dei Andre maa liva som Munkar all sin Dag, i fall dei inkje hava nokot annat enn Skulen aa triva til. Men kjøpa dei seg so Gardar og søkkja seg ned i Skuld og Gjeld, so veit Du, korleids det er. Naar Ein heve 2 Jarn i Elden, vert det eine brent. Det er Skulen, som lyt lida, naar Læraren seint og tidlegt ser seg nøydd til aa kava med Gardsarbeid utan aa faa Tid til aa tenkja og studera paa det som høyrer Kallet hans til. Trøytt og utrekjen er han litet lagad til Aandsarbeid.
           
Men endaa verre faren er Skulen, naar Læraren sit med Kona og Born og inkje heve nokot annat enn Skuleløni aa liva av. Det var ein Klokkar i ei liti Sokn her paa Jadren; han hadde inkje betre Vit, enn at han gifte seg. Lærarbustad var der inkje aat honom; dei meste Skulehus her vantar Rom aat Læraren. Han laut smjuga inn i ei rata Hytta. Telet skal vera av Jord og Stein, segja dei. Men detta var no inkje det verste; Kongar og Jarlar hava bergat seg med sovoret Tele, endaa det kann no so vera, at det, som klarad seg fyrr, inkje alltid gjeng an i desse Dagar. Men mykje verre var det, at han med alle Borni sine var paa Veg til aa svelta ihel – her i Noregs Kornkammer. I denne Armodskapen misste han Vyrdsla av Store og Smaa; han tapte Hug og Dug til si Gjerd; for utan Mat og Drykk er Helten ingen Ting, veit Du. Det hjelpte inkje, at han hadde Eksamen fraa ein Lærarskule med glupe Karakterar; det hjelpte inkje helder, at han hadde eit framifraa Songmaal i Kyrkja, Folk vilde vera honom kvitt. Baade Prest og Prost leet honom vita det, at i fall han no søkte um Avskil, kunde han hava Von um Pension, - hellest inkje. Kvat Raad var der? Han laut gjera, som dei vilde. Det er inkje ei gamal Segn dette; det var i Sumar, han sagde ifraa seg Posten. Og daa han no er ein gamal Mann, som litet formaar aa grava, fær Fattikkassa kanskje punga ut det, som Skulekassa heve spart. Det er væl gjort aa kvitta seg av med uduglege Lærarar; men det er ille, at Lærararne skal svelta seg uduglege.
           
Stipendiat Hans Ross heve voret hjaa oss i desse Dagar. Det var Hugnad aa høva ein sovoren Mann. Han heve i Sumar samlat paa Lag 1500 Ord, som inkje stend i Ordboki hans Ivar Aasen. Av desse era umkring 1000 funne vestanfyr Fjellryggjen. Berre paa ei Vika fann han her paa Jadren ikring 100. Han syntest aldri verta trøytt av aa leita etter Ord og Ordtøkje og grunna paa deim, og daa me bad honom halda eit Fyredrag um Maalreisingi, var han ferdug til det au. Laurdag Middag den 19de Oktober sende me Bod um detta kring nokre Gardar, og um Kvelden samlad seg baade Unge og Gamle, so Skulestova paa Time vart full, og mange jamrad etterpaa, at dei fingo for seint Bod til aa kunna koma. Aa høyra ein Vitenskapsmann er nokot Nytt her. Han lagde fram so djupe Grunnar, at det syntest vera umoglegt aa rikka deim. Aa skriva upp den gilde Talen hans tarvst inkje, daa han sjølv nyleg i Stavanger let prenta eit Fyredrag, som han tidligare heve haldet, og som gjeng i same Leidi; difyre er det nokk aa leggja til, at Talen hans var framifraa god. Hadde eit Ord som ”Bravo” høyrt det jadarske Folkemaal til, og hadde Haandklapping og Sovoret voret i Vis her, so hadde det vortet brukt baade daa han talad, og daa han las upp Prøvor av Landsmaalet og av ymse Bygdarmaal. – Hermed Takk fyr denne Gongen.
 
1) alt, ”allerede.”
 
n.
 

 

Frå Fedraheimen 02.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum