Utlandet.

 
Den Talen, som den engelske Finansminister Northcote heldt i Wolverhampton um Berlinsemja og um Stellingi, som ho no er, lyder i det store so: "Den engelske Regjeringi hev ærleg arbeidt fyr aa halda Freden uppe. Hadde dei Avtali, som vart gjorde paa Berlinstemna, vortet retteleg iverksette, so vilde ein betre Fred voret vunnen, enn tenkjande vøre paa nokon annan Maate. Men ein lyt no setja fram det Spursmaalet: Kjem Semja til aa verta gjenomførd? Eg Trur, at alle Sættemagterne (dei Magter, som var med i Forliket) ynskjer det av Hjartat, men det Hev voret reist og fyrefunnet Vandemaal, som hev stadet til Meins. Eg vøre hugad til, at eg kunde Syna dei Magter, som hev voret med og underskrivet Freden, kor vigtugt det er, at ikkje heile Strævet vert til inkjes; og torde eg vona, at mine Ord Naadde Øyro aat Sultanen og hans Regjering, so Vilde eg ropa ut den høgtidlege Aatvaring: Hugse paa, at sidste Voni um aa berga Riket dykkar ligg i ei ærleg Gjenomføring av Vedtekterne paa Berlinmøtet! Men eg trur, at Sultanen og hans Raadgjevarar vil verta kloke, fyrr enn det er for seint, og eg vonar, at ingi framand Magt vil gjera nokot, som kunde kollkasta det store Verk. Er me altso trygge fyr, at Krigen ikkje vaknar uppatt? Eg tor ikkje svara ja”. Talaren meinte, det var det, at dei andre Magter kom til den Yvervitning, at Englands Thing og Folk studde sine Utsendingar, som Kongressen hadde aa takka fyr si Heppa. Skulde denne Yvervitningi kverva af, so vilde det sjaa speleg ut fyr Semja. Det var sume Klassor i Landet, som kunde setja Europas Fred i stor Faare, dersom dei ikkje var varsame med sine Ytringar. Ein maatte vera varsam med aa bruka Kritik baade paa den engelske og dei utlendske Regjeringar. Ministeren slo deretter paa den Eldhug, som hadde gripet Thinget, Landslyden, Reservarne og dei indiske Tropper, og han roste Sir Garnet Wolseley og hans Soldatar paa Cypern. Hersetningi av denne Øyi hadde til all Lukka havt eit betre Utfall enn Hersetningi av Bosnia, og i Røyndi var dei General Wolseley og hans Hjelpesmenner paa Cypern stor Takk skulduge. – Talen er soleids fyrst og fremst stilad mot Turkiet, og han synest alt ha gjort Mun. Storvesiren Safvet Pasja skal ha vissat, at Porten Gjer alle Fyrebuningar til aa verksetja Avgjerderne i Berlinsemja fyr Serbia og Montenegro. Likeins heitest det, at Turkiet no er viljugt til aa gjera Semja med Austrike og ganga inn paa dei engelske Umbotforslag fyr Litleasia. At Porten no ter seg so vægjen og raadtægd kjem fulla snarare av det faarlege Uppstandet i Rumelia og Makedoniaenn av Aatvaringi aat den engelske Ministeren. Det er trulegt, at Ryssland stend bak denne Reisningi. Porten hev sendt eit Skriv til dei utlendske Magter um, at Upprøret er sett i Verk av slaviske Samlag i Sudbulgaria, som arbeider paa aa kollstøyta det ottomanske Velde og Tyna alle Muhamedanar. Dinæst hev Porten sendt ein ”Note” til Ryssland; i denne klagar han yver, at det hev voret ettersleppugt med Rørsla, og bed um aa faa hjelp av dei ryske Tropper til aa kua Upprøret. Um sjølve Uppstandet er upplyst, at aatte større muhamedanske Landsbyar (Grender) er nedbrende, og at det spøkjer fyr andre Bygder med. Det er nokot uvisst, kor vidt Rørsla rekk utyver. Hovudsætet fyr Uppstandet er Landskapet ikring Saloniki, Seres, Krasna, Djuma og Samakov-Raslik: same Landskapet, som Rhodopeuppstandet heldt til i, endaa det rekk nokot lenger mot Vest. Um Upphavet og Maalet aat denne Reisningi er det ymse Meiningar, men det er berre ei Mening um, at ho er livsfaarleg fyr Turkiet, som alt fyrr er so aatkomet.
 
Um Ryssarne sine Tiltak paa Balkan-Halvøyi er mellt til Times i tvo Telegramm, eit av 21de Oktober: ”Fyrst Lobanov, den ryske Utsending i Konstantinopel, hev sagt fraa ved Storvisiren, at Ryssarne ikkje vil røma sine nohavande Stellingar, fyr det vert gjort ei Greida med dei kristne Rømingar, som fylgjer med Rysseheren. Samstundes tok Utsendingen uppatt det, at den ryske Heren vilde verta verande i Adrianopel, til den endelege Freden (um dei Punktar, som ikkje vart avgjorde i Berlin) vara underskriven.” Eit annat Telegramm, av den 22de Oktober, lyder so: ”Ein stor Deil av den ryske Heren er paa Vegen sudetter. Det 9de, 12te, 13de Armekorps og sume Luter av det 14de stend alt sumanfyr Balkan. I alt finnst det 11 Infanteridivisionar elder minst 80,000 Mann i Austrumelia. Derforutan stend eitt Korps under General Skobelev millom Austrumelia og Konstantinopel. I Byen Adrianopel er det 15000 Ryssar, Soleids kjem det seg, at det er berre faae Ryssar i Bulgaria”.
               
Ministerkrisarne i Austrike og Ungarn er enno ikkje avgjorde. Det er fortalt, at Pretis skal ha uppgjevet aa skipa til det nye austrikske Ministerium, fyrdi han ikkje kunde samla nokot traust Fleirtal. I Ungarn er det Von um, at Tisza vert standande ved Styret.
 
I Italiahev Fyrsteministeren Cairoli teket Utriksministeriet, Artillerigeneral Bonelli Krigsministeriet og Admiral Acton Marineministeriet.
 

 

Frå Fedraheimen 30.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum