Um dei aalkjende kvite Flag, Salutreglementet, den svenske Konges Portræt paa norske Pengesetlar

 
og Postmerke og dei 4 svenske Hurra skriv "Göteborgs Handels- och Sjöfarts-Tidning" ein lang og forvitneleg Artikel. Me tek ut desse Setningar:
 
Forsømde Saluttar hev meir enn ein Gong vortet tekne som Svivyrding . . . Ei Svivyrding, ja berre ei Forsøming, som kann takast som Missmæting, kann ofta pustast upp til ein Krigsloge. Ein bør difyr ikkje leika med slik Eld . . . Det er berre ei Etikettesak, svarar sume . . . Men Noreg hev full Rett til aa krevja, at der paa dess Mynter . . skal standa Noregs Konge, ikkje Sverikes . . Ikkje ein Gong ei unionell Uniform, um ei slik fannst, vilde her vera paa sin Plass, so lengje me ikkje hev nokor unionell Mynt. Kvifyr ikkje teikna Kongeportrætet i annan Klædnad enn den militære, naar det gjeld ein so borgarleg Ting som Mynt elder Frimerke? . . Kvart eit Folk bør hava Vyrdnad fyr og Kjærleik til sine nationale Fargar. Den blaa-gule Farge maa vera det svenske Folk kjær liksom Trikoloren fyr Frankrikes Søner . . . Soleids maa ogso Nordmennerne hava baade den Rett og den Skylda aa halda sine Fargar i Vyrdnad og Æra. – Og kvar er det vel, at desse Fargar skal gjera seg gjeldande, um ikkje i Flaget og Krigsfana? Naar det gjeld um aa strida og døy fyr sitt Land, daa bør Bardagen standa under dess Fargar . . . . Me elskar ikkje Villdyri, men me elskar Løva paa Sverikes Fana, liksom Franskmennerne elskar sine Ørnar . . . Kvat var det daa fyr ein Tanke, som laag i det aa gjeva dei norske Regiment kvite Fanur med Kong Oscar II's Namn? Noreg hev fraa gamal Tid sin raude Farge, og det hev si Løva paa den raude Botn. Kvifyr ikkje halde desse Minne i Æra? . . Trur Ein vel, at den kvite Farge, Teiknet paa Uskuld, og det fredelege Emblem i Midten paa Duken skal gjeva Noregs unge Krigsmann nokor Lyfting i Hugen? Me tvilar paa det, men det skulde vel vera Uppgaava. Er det fyr at Truskapen mot Fana iser skal innprenta Truskap mot Kongen, d. v. s. den noregjerande Konge? Jamvel denne Tyding er litet mæteleg; for Ein skapar ikkje Truskap paa den Vis, minnst naar Ein ved detta vekkjer Missnøgje hjaa Folket. Me stend sannt aa segja utan Svar paa detta. Ingen av dei Tydingar, me hev høyrt, paa denne underlege Gjerd er fullnøgjande Berre Etikette? Etiketten kann vera Mæting av Kjenslur og Ynskje hjaa Andre, og den bør minnst missmætast paa dei Høgder, der Ein elles er so rædd fyr aa brjota med 'n, at Ein kannhenda meir enn ein Gong gjerer seg til hans Træl. Og til detta kjem, at det her gjeld Kjenslurne hjaa eit heilt Folk. Slike Ting, som ser so smaae ut, kann draga Fylgder etter seg fyr Framtidi; deim burde Ein ikkje yversjaa elder missmæta, men so mykje som moglegt hindra i Vokstren. Naar Ein gjerer det, vil Ein ogso fylgja Logjerne fyr den sanne og rette Etikette."
 

 

Frå Fedraheimen 30.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum