Notisar

 
"Aftenbladet" hev fengjet Bod um og er paalagt aa kunngjera, at Kongens Bilæte paa dei nye Postmerke ikkje er teiknat i svensk Admiralsuniform, men i norsk. Skriket i Bladi, daa me fekk Pengesetlar med svensk Konge-Admiral, gjorde, at dei tok seg paa Tak no, daa me skulde faa postmerke, med Admiral-Konge. Dei ljose Strik paa "Rabatterne" er naudsynlege til aa visa fram "Rabatterne", segjer Bladet. "Dagbladet" vilde helst hava umboret baade Bilætet og "Rabatterne" og i Staden havt tydelege Tal paa Postmerki.
 
Daane. Hertug Karl av Glücksborg, Bror aat den danske Konge, er daaen, 65 Aar gamal. Han gifte sig i 1838 med den fraaskilde kona aat Kong Frederik den Sjaunde (endaa Krunprins). Hertug Karl hev ikkje Born. – Provst og Prest i Vardal, J. F. Voss, 72 Aar gamal. - Professor i Rettslæra, Dr. Gustav Hänel i Leipzig, 86 Aar. – Yverlækjar Dr. Hjertstedt i Vadstena, 68 Aar. – Skipsførar K. F. Knudsen, den eldste Skiper i Frederikshald, 86 Aar.
 
Dom. Sjomannslærar Vidvey saksøkte Utgjevaren af "Stavangeren", A. Moe, fyr Ærekrenkjing. Moe er no frifunnen ved Dom av Byfuten i Stavanger.
 
Amtsskulen i Ryfylke vert i Aar halden paa Garden Vea i Skutenes; 43 Lærlingar.
 
Um Sjølvmord vil me ikkje fortelja heretter. Dei fleste norske Avisur vil no rette sig etter det Uppropet, som ein Lækjarkongres i Italia nyst Sende ut um detta (sjaa No. 68).
 
Folketalet i Berlin var den 1ste Oktober 1,036,000 Menneskjur.
 
I Russland gjerer ei liti graa-grøn Aama stor Skade paa Aakeren. Paa 1000 Hektarar i Fylket Saratow hev ho etit upp alt Vetrsædet. Aama er like forkunn paa Rug som paa Kveite; ho krypp endaa ned i Jordi og et upp Roti aat Kornet. Riksstyret arbeider paa aa faa drepet Dyret.
 
I Thuu i Schweiz skaut ein Mann, som kom fraa Amerika, nyst paa ein Domar, daa han totte, at ei Sak, han hadde fyr Retten, tok for lang Tid.
 
Ole Larssen Aga fraa Hardanger rejste til Amerika i 1864, ikring 16 Aar gamal. I 1 ½ Aar heldt han sig i Nordvestriki, sidan var han i Chikago og arbeidde som Skipstimbermann. So gjekk han til Sjøs med eit Skip, han sjølv hadde voret med aa bygt, vart Styrmann og Kaptein. I dei siste tvo Aar hev han siglt paa Sud-Amerika med eiget Skip. Daa detta no i Haust laag i Liverpool, tok Hr. Aga seg ein Svipptur til Hardanger til aa vitja Kjenninger og Vener.
 
I Ajaccio (Korsika), Napoleon I.s Fødestad, tek dei ogso no til at finna sig vel hjelpt med Republiken. Daa den Nemndi, som var tilsend til aa granska dei siste Statsval, steig i Land, vart ho helsad med: "Live Republiken"!
 
Den aalmennelege Bønedag. Fædrelandet tek Ordet fyr, at denne Dagen vert lagd til Hausten, t. D. tridje Fredag i Oktober.
 
Vedrprofeten Mathieu de la Drome i Paris hev kunngjort sin Spaadom fyr Aaret 1879. Detta Aar vil verta hardla regnfullt. Bergfulle og skogrike Land vil faa Regn i slik Ovmengd, at ikkje berre Vegjerne, men ogso Jarnvegjerne – baade i Frankrike og i Europa elles – vil taka stor Skade. Imot Midten av Fyresumaren vil det verta mykje kaldt.
               
Dr. Lebou finn etter eit stort Tal Undersøkjingar, at det er gjenomført Skil paa Hovudformi og Heilemengdi hjaa desse Samfundslag i Frankrike: 1. Lærde og Vitenskapmenn, 2. Paris-Borgarskapet, 3. den gamle Adel, 4. Tenestfolket i Paris, 5. Bønderne.
 

 

Frå Fedraheimen 30.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum