I Telemarki.

 
1 Per “Pussig”.
 
Den megtuge Haugvallen, Aslak, den navnspurde Rikingen, skal endeleg no halda Brudlaup. Det hev ingjen Braadhast havt med honoms Gifte. Han vilde vera full-budd paa sin Giftarsdag, den Karen. Du turvte inkje einstire for aa gaa dei graa Haari i Hovudet honoms. Han var sjølv-trygg, den Guten. Han viste fullt væl, at han inkje greip i misst etter den Møyi, han traadde, naar Tidi honoms kom. Og no var ho komi. No kunna den unge, fagre Ragnhild Bø med Arvesylvet paa Hovud og Bringe, taka trygg Sess paa den gamle, Væne Ættgarden, Haugvall, - og ho visste, hot ho fekk, naar ho tok Aslak.
               
Det var Brudlausdagen. Flokk etter Flokk af stasklædde Gjestebodsfolk drog seg seint uppetter mot Garden. Skuldfolk og Langfarande var komne Dagen fyriaat. Alle de hævaste i vid Krins skulde ditupp den Dagen.
               
Per Pussig var sjølvsagt den, som laut vera Kjellarmann elder Kjøkemeistar i eit slikt Lag. Eit dusta Lag utan Pervilde vera som Dans utan Felelaat.
               
Det var ut paa Ettermiddagen Vigjingsdagen. Folk var ikkje i Lag; det var stuslegt i Brudlaupsgarden. Tingen var, at Haugvallen hadde fengjet det Ordet paa seg, at han var smaasaar og knipen; Folk sat og tenkte, at alt her var dei missunnt, og slike Tankar tyner Gleda i Bondestoga. Per var kvik og lentug som vanleg; men det vilde ikkje mona. ”Hm! sjaa slikt!” tenkte Per. ”Her maa nok annat til!”
               
So stansar han framfyr Brudgomen, smaahuskar Paa seg og kved:
 
”So drikk no Aslak! Men drikk med Maate,
dei tek te vente dei Gutann kaate!
Naar som ei Gjente me duppar Munn,
So fær me duppe ei lenger Stund!”
 
Aslak, som væl visste um, at han hadde fengjet paa seg detta falske Ordet, letst som ingen Ting var, og svarad lystugt:
 
”Min gjæve Per, lat ber’ ingen vente,
lat ingen ein vera som ei Gjente!
 
Det Haugvalls-Ølet eg trur er sunnt:
Lat dei digre Bollarne valsa rundt!”
 
”Sjaa so; det var rett, Haugvallen”, tenkte Per med sjaveseg. Det var just eit slikt Ord, han vilde lokka fram. No kunna det vera Von um aa faa Liv i Laget. Han kvad:
 
”So høyr no, Godtfolk! ver inkje Gjentur,
men sug og drikk liksom tysste Plentur!
Naar Bollen svive i Ringen rundt –
So drikk dykk utysst, det er dykk unnt!”
 
Seinste Lina song han tri Gonger, sterkare og sterkare. Det rykte i Kinni hans Per, med’ han song. Og no laut Folk til aa læ. Han var som Johannes Brun, Per: Han kunde bare leda ein Ting, segja eit Ord, draga Pusten, ganga som ingen Ting var yver Golvet elder annat slikt – so lo Folk, so dei riste. No maatte dei læ aat Rykkingi i Andletet honoms. So vart han som reint forundra yver denna Laatten; og dess meir lo dei. Og dess meir undrast han! Snart stod Stoga i eit Gov av Laatt og Gaman. Men no vende Per seg brennsvint til ei ung Gjente, baud Øl og Kvad:
 
”So, Sigrid, vis no, du er ’kje Gjente
(at Gutann inkje paa deg tarv vente),
men sup av Bollen i djupe Drag
og gløym, at Gjente du er i Dag!”
 
Den andre Strofa song han halv-høgt, men so lentugt og leikande, at det var so det krok i dei, som lydde paa. Men Sigrid vart sprut-raud, ho. Per gjekk lenger fram. No hadde Stevjehugen teket ’n Per. Han sette Bollen fraa seg, gjorde eit lett Hallingkast, stod atter still mitt paa Golvet, saag seg ikring og kvad:
 
”No hev eg fengje slik Hug te kveda,
no vil me gamast og hava Gleda!
Eg slenger Stevet til kven som vil:
Den, som vrangast svarar, er ovleg snill!”
 
Sigrid tok no Mot til seg og svara helder kvasst:
 
”Ja, pussig er du, det veit me alle,
og derfor laut me deg ”Pussig” kalle;
men om me kring-gjeng deg alle her,
for d e g det snaudt vil bli pussig, Per!”
 
Men Per var aldri den, som var i Beit fyr Svar. Han kvad:
 
”So fort eg merker de bli for slemme,
eg gjer som Reven, han sat i Klemme:
Eg ropar: ”Slepp, og tag Revens Fot”,
so bit de Tennann i Gronerot!”
 
No tok ein gamall, kvithærd, lystug Rugg til aa røyve paa seg i Kubbestolen, han sat i, og song, skjelvmælt, men sterkt:
 
”Men enddaa Reven i Soks eg fangar;
so sløg han er, han mot Veggen stangar.
Han raakar somtid paa Bjønne-Vit,
som kjenner Mikkel paa Lag og Lit!”
 
Daa tok Per den største Bollen, drakk nokle djupe Drag, baud Motstandaren sin, som au drakk væl, sette so Bollen burt, gjek baklengjes i kaat Halling Golvet rundt eit par Gonger, stansad so midt framfyri Gamlen, sløgad seg til og lagad seg som ein Rev og kvad:
 
”Glyp Soksi Rova, eg bit’o av meg,
aa prøv so, Godfar, om du kann ta’ meg!
 
Men um so høver, du fangar meg,
Ung-Reven enn kann bli lei fyr deg!”
 
Det vart tvifald løglegt, for alle visste, at Son hans Per, Ketil, som var ein ovsnaal Gut, gjekk etter den eine Dotteri Gamlens, og at denne rike Ruggen vreid seg stygt med aa gjeva Dotter si til ein Husmannsson. Alle storlo, utan Per og Gamlen. No tok han Olav i:
 
”Naar du vil hava meg til aa kveda,
eg ein Ting heve, eg lyt deg beda:
De er, at harmlaust du Vitet ditt
vil bruka soleids, at kvar fær sitt”.
 
Han vilde hjelpa den Gamle, han, maa vita. Ein annan, Sigurd, song no:
 
”Du Per, som er no so ”linn i Kjeften”
og med ei Nos, som av alt hev Teften:
Du slengjer Vers imot han og han, -
men deg sjølv du gløymer, du hæve Mann.”
                                                              
 

 

Frå Fedraheimen 30.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum