I "Fedraheimen" nr. 65

 
hev hr. R. Konstad teket til motsvar mot "A. H.", når han i si "Ferdasoga" segjer, at "det hev voret strengt forbodet å bruka nokotslag bygdemål ved øvingsundervisningi" på Klæbu seminarium, og tok lærararne reint frie fyr detta "norskdomshatet." Men eg meiner, at dei er då ikkje so reint frie helder, og "A. H." kan godt lata sine ord standa, når han med "strengt forbodet" ikkje meiner, at me fekk tamp eller nokor onnor kropsleg straff fyr å bruka eit ord af bygdemålet. Fyr kvart eit slikt ord, som kunde stela seg framyver tunga, so vart det framteket og nedhaklat, ikkje berre i øvingsundervisningi, men elles au, når me vart eksaminerade. Eingong etter ein slik "kritik" sagde andrelæraren umlag som så: "Det kan synes som småting dette og ikke værd slig opmerksomhed, men min grundsætning er den, at vi må holde os love og forskrifter efterretlige, sålænge vi har dem; siden når storthinget beslutter noget andet, så vil jeg være den første til at give efter." Det var, då bygdemålsaki var fyre i tinget. Ein annan gong sagde han med avsyn på målsaki, at "det enno aldri hadde hendt, at eit land hadde fenget eit nyt bokmål" (!) Tridjelæraren sagde det ikkje so beint, men ein kunde skyna på "kritikken" hans, at han meinte det sama; fyrstelæraren var meire tolsam; han hadde ogso eit godt ord um målstriden vår eit par gonger. Eg kunde nemna fleire småting, men eg vil ikkje taka burt romet til slikt. Hr. R. Konstad kan hava rett fyr seg kanskje, at det var ikkje so, då han var der; eg snakkar um, korleids det var no sidste året, og eg gjer det, fyr at det ikkje skal sjå ut, som "A. H." hadde faret berre med usanning. Stordeilen av deim, som var der saman med meg, vil segja det sama, som eg hev sagt, dersom dei vil segja sant. Eg vonar, De er so "upartisk", at De tek detta og, hr. bladstyrar.
 
Uppdal 22de oktober 1878.
 
W.
 

 

Frå Fedraheimen 30.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum