Den Gamle.

 
Dei gjeng og ventar, at eg skal døy;
dei veit eg maa til; alt kjøt er som høy.
 
I hjarteleg ro dei ikring meg gjeng:
" han lyt so snart i si sisste seng"!
 
I hjarteleg ro dei framum meg sviv:
"å ja, han eig no 'kje lengje liv"!
 
Det er so naturlegt: den gamle skal døy;
dei endser det knapt; alt kjøt er no høy.
 
Dei undrast kvar morgon, når upp eg stend:
"å jamen liver den gamle enn!"
 
Dei undrast kvar kveld, når eg legg meg ned:
"tenk! jamen livd' han den dagen med!"
 
Og talar dei til meg, då er det som so:
"å jamen, Pål, vert du gamall no!"
 
Kvar ein gjeng so tryggt sin eigen veg;
du høyrer aldri dei hugsar meg.
 
Alt no, fyrr ned eg i jord er gjøymd,
eg er i grunnen båd dåen og gløymd.
 
Og når eg so sloknar, i haust elder vår,
ingen vil fella ei einaste tår.
 
Dei drikk seg ein rus i den likferdsgard,
og spyr, og undrast, kor gamall eg var! -
 
- Å, kunde eg lura dei kvar og ein,
og verta so gamall som mose på stein!
 
Å, kunde eg liva, til all denne flokk
ein fyr ein ned i gravi si sokk!
 
Ja, kunde eg slita dei alle ut
og liva, til jordi stod tom til slut!
 
- Men hjelpe meg Gud; alt kjøt er som høy;
det er ikkje råd; ein dag må eg døy.
 
Og det er mi såraste harm og sut:
dei unge fær rett: eg må døy til slut.
 
Og det er det fæle, at dom er sagt;
det hjelper kje korkje kunst elder magt. –
 
Men ein ting huggar den gamle gut:
dei unge, dei vert au gamle til slut!
 
Og ein ting lettar mi einslege ferd -:
dei sjølv skal få læra, kor gild ho er!
 
Kvar den som no gjeng der so staut og fjong,
skal sjølv få læra å luta ein gong!
 
Og dei, som so syrgjeleg gløymde meg,
skal sjølv fara eine sin seinste veg.
 
Då skal dei få sjå, at det var ikkje beint;
men då – å jau, - då er det for seint.
                                                              
19.
 

 

Frå Fedraheimen 30.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum