"Paa Hjemveien".

 
II.
                                
(Sluten).
 
[Del 4 av 4. Fyrste delen.]
 
Det einaste, Fru Worm her gjere, er som du ser, at ho vender seg til Mannens eigi naturlege Kjensla fyr Rettvisa og Ærlegdom, og det viser seg daa, at endaa ein slik som Worm, som er so langt nedpaakomen i Fals og Kjeltringskap, eig nok av naturleg Mannsæra til aa bøygja seg fyr det ærlege og sanne. – Det Bilætet, som Stykkjet gjev av den raadande Handelsmoralen, er – som du væl alt hev ei Kjenning av – myrkt og strengt. Men det er aa ottast fyre, at der er mykje Sanning i det. Tvo av Skaldarne vaare, Bjørnson og Ibsen, hev synt fram liknande Bilæte fyrr av denne Moralen og av vaar Samfundsmoral i det heile, og no kjem den tridje og syner oss det sama med ikkje mindre Aalvor. Han Kandidaten, Festemannen aat Anna, segjer mill. A. til Frua: "Ser De – i ein so liten By som denne, der alle Folk kjenner kvarandre ut og inn, som Ein segjer, er der svært faae Kaupmenn – um dei finst -, som Ein ikkje veit ein hell annan Strik um, ei hell onnor mindre pynteleg Utnytting av Tilhøvi, og – ser De! – denne gjensidige Kunskapen um kvarandres Vant og Lyte – den kvittar – fyr aa bruka eit Kierkegaardsk Ord – "til fælles Contentement og Fornøielse." Og Worm sjølv segjer til Kona si: "Du forstend ikkje desse Ting, du hev ikkje Greida paa Løyndomarne i Handelslivet. Du veit ikkje, kor haarfin den Grensa er, som skil Logbrotet fraa det, som ein Mann med Utnytting av alle Umstende kann tillata seg fyr Vinning Skuld. So fin er denne Grensa, at naar Ein fyrst er komen inn imot 'a, so merker Ein knapt den Staden der Ein steig yver; men gaar Ein so etter at Ein er yverkomen – ja – so ber det fort nedyver Bakken. Difyre argad det meg so smaatt, daa desse Herrarne dernede helste so byrg-blidt paa meg, for eg kjenner dei! Eg kjenner den noble Kunsten aa vera ein ærleg Mann! - varlegare, sløgare – det er dei; men neigu um dei er stort likare enn eg!" – Skildringi er som sagt ikkje hyggjeleg; men det Bilæte Samfundet sjølv gjev oss, med alle dei Uppspil og Svik og Fantestykkje, er ikkje stort hyggjelegare det. -
               
Fyr aa faa syna oss Grunnen til denne Vesalldomen i vaar Samfundsmoral, treng Diktaren – ein Prest. Og det ikkje nokot Rengjebilæte av ein Prest, men ein retteleg Prest, ein "bra” Prest, ein av dei som me ser og høyrer i Kyrkja kvar Sundag. Lat oss no høyra, kvat denne Mannen segjer.
               
Han talar allstødt um, at me alle er so veike. Han tymtar paa, at Frua liter formykje paa sin ærlege Karkater og sitt eiget Arbeid. Detta er, meiner Presten, "i sume Maatar" godt; men det hev og gjort henne for hard, for kaut, so ho hev for liten Medynk og kann for litet bera yver med andre Folks veike Vilje og Mistak. "Ak, mine Vener, Mannens Ætt er ei veik og skrøpeleg Ætt; Freistingarne er mange og mange Slag, Ein fell fyr ei Freisting, ein Annan fyr ei onnor. Ei streng Rettferdskjensla kann au vera ei Freisting, naar ho ikkje er sambundi med det sanne Mjuklynde, den sanne Mildhug mot Næsten - - Kven veit, um ikkje den, som gjenom Mistak førdest inn paa rette Vegjen, um ikkje han i all sin Armodsdom er eit kjærare Syn fyr den rettvise Domaren, enn den, som i Lit til seg sjølv og si eigi Rettferd held Vegen sin rein, - ja væl endaa gjere det me maa kalda gode Gjerningar? Aa, Vener, lat oss daa kvar fraa si Sida liva kvarandre med Broderkjærleikens og Mildhugens Kaapa; for einast d e t veit me um kvarandre, at me alle er so veike – oh – so veike!"
               
Fru Worm: "Lygn – Prest! So veike er ikkje Folk; men De og dei andre av det Slaget vil gjera deim til det! Sanneleg, um Ein vilde finna paa ei Raad til aa gjera Karakteren veik og Viljen magtlaus mot Freistingar – Ein kunde ikkje finna nokot betre enn detta: i Einingom aa fyresyngja Folk: aa, me er alle so veike. Det er gjenom slik ei Umrengjing av ei fager Læra, at dei byggjer ei Bru yver fraa dei vaknande Lyster og til den Hugbrand, som avlar Logbrotet; og paa same Vegjen er det dei fører Brotsmannen gjenom ein Halv-Anger attende til eit Samfund av halværlege Brotsmanns-Emne. Soleids er i den offentlege Moralen den gapande Klova millom ein ærleg Mann og ein Kjeltring mest utjamnad, og Folk tek til aa tru, at det berre er ei haarfin Grensa, som skil den driftige Handelsmannen fraa Brotsmannen. Men detta er ikkje sannt! for den Lukkelege, som ikkje hev vakset upp i Armod og Styggedom, han hev ingen naturleg Trong til aa stikka Haandi i Næstens Lumma, og difyr er just den Viljeblautskapen, som fører til Logbrot slike som det Mannen min hev gjort, eit sutsamt Talamaal fyre, korleids ein slakk Yverberingsmoral kann øydeleggja endaa dei beste Upplag."
               
Det, som Presten og Fru Worm her talar saman, kann og forklara oss Meiningi med det, som vart sagt her i Stykkje I, at den kristne Moralen er for "ideal" (for høg) til aa vera Aalmann elder Samfundsmoral. Etter Kristendomen duger vaare eigne Gjerningar til ingen Ting, dersom dei ikkje er gjorde i livande Tru. Hev Ein ikkje denne livande Trui, so er det – i trudomsleg Meining – mest det sama, anten Ein er ein skikkeleg Mann elder ein Kjeltring; Ein stend like langt fraa Guds Rike fyr det, og den reinaste er fyr Gud likso svart som den fælaste Syndaren. Ja det er ikkje fritt fyr, at Kjeltringen liksom stend eit Steg nærare Guds Rike 1), av di han lettare maa kunna koma til aa angra. Detta er sannt og godt i reint trudomsleg Meining; men i Samfundslivet høver det ikkje, av di det, som Fru Worm segjer, hjelper til aa jamna ut Klova millom den ærlege mannen og Kjeltringen, og lærer Folk til aa hava mindre Vyrdnad fyr eit i verdsleg Meining reint Liv, enn Samfundet er tent med. Den Læra, at me alle er so veike, hev ogso sin gode Grunn i det Gudelege; men i Samfundet, der Storfjølden av Folk i Røyndi er Heidningar, vert den same Læra usann og faarleg. Den Krafti, som trengst til aa liva eit skikkelegt Liv i verdsleg Meining, er nedlagd i kvar Natur, som daa ikkje er sjuk elder øydelagd; det gjeld berre aa vekkja og styrkja denne Naturdrifti, so ho kann koma til full Magt. Men det gjer Ein ikkje ved "allstødt aa fyresyngja Folk: me er alle so veike." Faa ein Mann til aa tru, at alle er Kjeltringar elder so burtimot Kjeltringar, og at Ingen kann vera ærleg utan serskild yvernaturleg Hjelp, - og han vil falla fyr den fyrste Freisting.
               
Var alle Folk sanne Kristne, so vilde Læra um Veikskapen ikkje vera faarleg. Daa vilde Samlivet med Gud i Bøn og Kjærleik vera ei endaa sterkare Hjelp til eit fullærlegt Liv enn denne Naturdrifti. Og daa trongst ikkje dei "nye Samfundstankarne" held. Men Trui er ingi Magt i Livet hjaa "Millionarne." Storfjølden vil altid liva etter sin eigen Hug. Vil daa det nye Samfundet faa Tak i alle desse Millionarne aa hjelpa dei fram iminsto til eit folkelegt Liv her paa Jordi, so kann det ikkje gjera Trui med sin ovhøge Moral til Drivkraft og Samlarmagt. Her vert ikkje nokot annat Emne aa byggja taa enn vaar eigen Natur slik som han eingong er, elder slik som han kann verta gjenom god Upplæring. Og det nye Samfundet trur som sagt, at Mannsnaturen skal vera god nok til aa byggja eit skikkelegt jordiskt Samfund paa. Men daa gjeld det, som Fru Worm segjer, aa "agta seg fyr dei Folk, som talar mykje um at me er so veike mot Freistingi"; vil Ein Samfundet væl, bør Ein helder styrkja dei Veike i Trui paa, at Naturen deira er god, - ikkje god i trudomsleg Meining, til aa vinna Guds Naade og æveleg Sæla, men god i jordisk Meining: sterk nok til aa halda dei uppe i eit ærlegt folkelegt Liv.
               
- Mange trur, at det norske Folk er so gjenomkristelegt, at det ikkje treng desse nye Tankarne fyr Samfundslivet sitt. Herum fær kvar hava si Meining. Eg vil berre nemna det i denne her Samanhengen.
 
1)Sml. det Presten sagde her ovanfyre: "Kven veit –" o. s. fr.
 

 

Frå Fedraheimen 30.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum