Stordaad.

 
(Sluten.)
 
[Del 2 av 2. Fyrste delen.]
 
Daa tok det i der nede, skjelvande, jamrande:
 
"Du er den femte hell sette,
eg hugsar 'kje det so grannt.
Men at du vert den rette
det tor eg segja fyr sannt.
- Dei dudeludelu, dudelu!
 
No er eg leid av Dansen,
no vil eg gifta meg.
Og du kann tru meg, Hansen!
at eg vil hava deg.
- Dei dudeludelu, dudelu!
 
Ja du kan tru meg, Hansen!
eg likar deg slik du er.
Lat andre sjaa etter Glansen!
eg ser paa Mannens Verd.
- Dei dudeludelu, dudelu!
 
Eg ser paa det, som varer,
naar Glansen sloknar ut.
Du, Hansen, betre Kar er
enn so den finaste Gut.
- Dei dudeludelu, dudelu!
 
Du skruknar og du spaknar,
du vert baade gruv og graa,
men du eig det andre saknar
naar Livsens Tyngd kjem paa.
- Dei dudeludelu, dudelu!
 
Studenten var burti Vindauga att. Gjenta stod og sveivad paa Lira og song, og Guten stod og vreid Henderne og song; Vinden føykte med Klædefillurne deira og dreivde Rok og Dumba uppi Augo paa dei; det var reint so vondslegt aa sjaa. No saag dei upp etter att; der var som ei grøteleg Bøn i Augo deira; det var greidt aa sjaa, at dei baade svalt og fraus. . . han hadde Tolvskillingen millom Fingrarne – det fekk vera det sama med Middagsmaten – ned Tropperne bar det, Tolvskillingen var i Neven aat den vesle Gjentungen, og so gjekk han upp paa Romet sitt att.
 
Daa tagde dei tvo Smaae, saag paa Skillingen og saag paa kvarandre; der skalv Graat um Munnen deira, og Augo vart fulle og varme, liksom det kunde vera av ei Glede-taar. Dei heldt kvarandre i Henderne og saag upp mot Vindauga aat Studenten . . . og so ruslad dei.
 
Men Studenten fraus, daa han kom inn att, og kjende seg trøytt, og so lagde han seg ned. Han vilde sova burt Middagen. Og han kraup kulsen inn under Aaklædet, drog Pusten tungt og saart, og tenkte: "Den som no endaa var viss paa at dei skarve Ungarne var so trengjande som dei saag ut til -?"
 
Men den vesle Guten og den vesle Gjentakavad seg fram gjenom Stormen som dei best kunde. Hjartesæle var dei, og baade tvo gjekk dei og tenkte paa, korleides dei best skulde gjera godt av den nye Rikdomen sin.
 
"Er du svolten?" spurde Gjenta.
 
"D'er kje fritt," svarad Guten.
 
Skal me paa 'Dampen' aa faa oss Middag med Tillegg?" spurde Gjenta.
 
"Ja!" ropad Guten med lysande Augo, "kom!"
 
Han tenkte paa Middagsmat, god, varm Middagsmat, i ein varm, ljos Sal, der han og Syster hans kunde sitja i Ro og eta av same Fatet og eta seg mette og verma seg . . . han vart varm berre av Tanken.
 
Det var annat det enn aa sitja heime i den svarte, kalde Stova og tyggja paa ei Braudskorpe og høyra paa Graat og Illelaat av Mor . . .
 
Kalde Stova? Mor? – Han stadnad.
 
"No," sa Gjenta, "kvat er det no, du tenkjer paa?"
 
" – Mor," kviskrad Guten.
 
Gjenta stansad au. "Mor, ja . . ."
 
"Ho sit heime og frys, ho . . . og svelt . . ."
 
"D' er Von det."
 
- Dei tagnad baade; so gjekk dei eit litet Stykkje til, men seint, og seinare etterkvart, og til Slut stod dei att.
 
"Um me gjekk heim -?" sagde Gjenta.
 
"Ja-a," sagde Guten.
 
"Og fekk heim litegrand Ved . . . og eit Braud . . ."
 
"Ja-a?"
 
"Og kanskje Mor kunde faa til ein Dram, so vart ho sjaag, ho au, veit du -?
 
"Ja-a!" sagde Guten, han vart reint glad han, Stakkar!
 
Gjenta stod og vreid seg.
 
- "D'er no godt aa faa Middagsmat au," sa ho.
 
"Det er so," meinte Guten.
 
"Og det er no so sjeldan, me fær den," sagde Gjenta.
 
Guten sukkad. Han saag seg ikring: - alle desse andre fekk Middagsmat kvar Dag, dei! –
 
"Og so kunde me altid spila ihop eitpar Skilling til 'a Mor i Ettermiddag," meinte Gjenta.
 
"Aa ja, me kunde det," svarad Guten.
 
- Dei gjekk att . . . fyrst fort, liksom dei kvar fyr seg var rædde at den andre kunde skifta Meining att . . . so seinare – og seinare - -
 
"Kvat var du sagde?" spurde Gjenta.
 
"Eg? – eg sagde ingenting eg," svarad Guten.
 
Dei drog seg eit Stykkje til. "Sagde du nokot?" spurde Gjenta. "Nei," svarad Guten. –
 
No saag dei Damp-kjøken. Dei glytte burt til kvarandre; den eine ventad liksom, at den andre skulde tala; so stadnad dei.
 
"Mor hev ikkje smakat Mat i Dag," sagde Gjenta.
 
"Det er kanskje so," sukkad Guten.
 
"Der var ein Braudskalk i Skaapet, den fekk me."
 
Guten tagde.
 
"Og det er paa Voni, kor snart me fær Skillingar i Ettermiddag."
 
"Aa ja," sagde Guten. Han stirde burt-til Dampen; Munnen vreid seg, liksom til Graat. –
 
"Eg meiner me gjeng heim lell eg," sagde Gjenta livlegt, liksom til aa kvikja den vesle Stakkaren upp.
 
"Aa ja, me lyt væl det," kviskrad Guten – og gjekk. Han glytte burt til Dampen, han kjende Mat-Teven . . . han kunde ikkje tvinga Graaten, men han gjekk eit Stykkje fyre, so Systeri ikkje skulde sjaa det.
 
Og Systeri gjekk eit Stykkje etter; ho kunde ikkje helder tvinga Graaten; men det var ikkje verdt at Broeren saag det.
 
- - Dei gjekk heim.
 

 

Frå Fedraheimen 12.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum