[Statistik. Det Norske Samlag]

 
StatistikDet Norske Samlag hadde ved Utgangen av 1877 eit Medlemstal av 742, derav 3 Utlendingar. Dei andre 739 Medlemer budde i (dvs. Bøkerne vert sende til) desse Fylke:   
 
                                                     Folketal    Byar    Bygder    Ialt    Altso pr. 10000 Mann. 
Romerike (Akershus) og Oslo           191800        82         16      98                    5. 11
Borgesysla (Smaaleni)                      107600          6          9        15                   1. 39
Sud-Upplandi (Buskerud)                  101900         10        21       31                    3. 04   
Aust-Upplandi (Heidemarki)              119800          8         54       62                    5. 18   
Vest-Upplandi (Kristians)                  116000          7         65       72                    6. 21   
Vestfolden (Jarlsberg og Larvik)         89300          16         2       18                    2. 02      
Thelemark (Bratsberg)                        84000         14        74       88                  10. 48 
Øystre Agder (Nedenes)                     76000         24        21       45                    5. 92
Vestre Agder (Lister og Mandal)          77300          8        12       20                    2. 59
Rogaland (Stavanger)                       114200          5        14       19                   1. 66
Hordaland (Sydre Bergenhus) og Bergens By
                                                         155900         38        34       72                   4. 62    
Fjordarne (Nørdre Bergenhus)            86200           0        12      12                   1. 39
Møre (Raumsdal)                               116800           4        39      43                   3. 68     
Sydre Throndheim                             116800         33        22      55                   4. 71
Nørdre Throndheim                             81900           7        46      53                   6. 47  
Sydre Nordland (Nordland)               103600           0        18      18                   1. 74  
Nørdre Nordland (Trums)                   53900            4          7      11                   2. 04
Finnmarki                                           24200            3         4        7                   2. 90
Riket                                             1,817,200       269      470     739                  4. 07 
 
Yver Millomtalet stend altso Thelemark, Nørdre Throndheim, Vest-Upplandi, Øystre Agder, Aust-Upplandi, Romerike med Oslo, Sydre Throndheim og Hordaland med Bergen ialt 8 Fylke, og av dei andre 10 Fylke er det berre 2, Møre og Sud-Upplandi, som kann segjast aa standa nokorlunde nær Millomtalet.  Under Millomtalet lægst stend umfram dei tvo sistnemnde Fylke Borgesysla, Fjordarne, Rogaland og Sydre Nordland, og deretter Vestfolden, Nørdre Nordland, Vestre Agder og Finnmarki. Av Bygder, som skil seg ut fraa Mengdi med etter Maaten stort Medlemstal skal me nemna: Aasnes (8), Reindalen (6), Gausdal (10), Lom (11), Torpen, nørdre Land (9), Selljord (12), Brunkeberg, Kvitseid og Vinje (kvar 7), Laardal (6), Ullensvang (10), Sunddal (6), Byneset (7), Frosta (14), Nedre Stjørdalen (16) og Sortland (7). Utanfyr desse 16 Bygder hev Samlaget 327 Medlemer i  181 Bygder (Millomtal 1. 8). Nokre Medlemer, som læt sine Bøker senda til Byar, bur ogso paa Landet. – I Byarne hev Samlaget flest Medlemer i Kristiania (82), Bergen (38), Throndheim (33), Tvedestrand (16), Kraakerøy (10), Larvik (8) og Hamar (8). Daa Noreg hev 459 Herad, finnst enno 262 Herad, der Samlagsbøker er ukjende, dersom Folk ikkje hev kaupt slike i Bøklødurna. Men det finnst likvel fulla ingen Mann i Landet, som ikkje hev høyrt gjetet, at det vert skrivet Bøker og Blad i Landets eigi Tunga. – Skuledirektør  Bonnevie er ikkje Samlagsmedlem; han veit likvel, at det Tungemaal, Samlagsbøkerna er skrivne i, høyrer heime paa  Bergenskanten. Er detta Tilfellet, kvat kann det so koma av, at det er Telemarki ( Bratsbergs Fylke) og ikkje er dei Bergenske Fylki, som hev flest Samlagsmedlemer? Det er berre Ullensvang Herad, som hev eit større Medlemstal i dei Bergenske Fylki, naar me undantek Bergens By.
 

 

Frå Fedraheimen 12.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum