Um Kui.

 
[Del 1 av 3.]
 
Av Ukseætti hev fleire Slag vortet tamde og brukade til Husdyr. Soleids Bison, Yakuksen og Uruksen. Fraa denne sidste er vaare Husdyr ættade, og den hev soleids størst Vigt fyr vaart Husdyrbruk. Uksen hev tidleg havt ei stor Utbreiding, det lærer baade Bibelen og Historia. Av ymse Leivningar, som Ein finn nedi Jordi, kann Ein skyna, at han hev havt stor Utbreiding i Europa i gamle Dagar; men etter som Skogen hev vortet nedhoggen og Morki rudd, hev han daaet ut.
 
Men nettupp dei same Tilhøve, som hev tynt den ville Uksen, hev brøytt Veg fyr den tamde, so at Uksen no visst er likso utbreidd som nokotsinn. Men no, han er so vidt utyverkomen, hev han og komet under mykje ulike Vilkor, og desse hev daa ført til ymse større elder mindre Avbrigde i Byggnaden. Slike Vilkor kann vera: Verlag, Føda, den naturlege Lagnad paa Landet – der er soleids Skil paa Flatlands- og Fjellkretur -, kvat Kreturi er brukade til og meir slikt.
 
Kreturi vert haldne mest fyr Skuld Avdraatten, dei gjev, og sjeldnare fyr Arbeidet, endaa dei sume Stader lyt ganga under Oket attaat, um ikkje nettupp her i Landet. Der kann og vera Skil paa kvatslags Avdraatt det er, som løner seg best, og som Ein difyr vil leggja seg um. Sume Stader, der Kjøt stend i høge faste Prisar, kann det betala seg best aa driva paa aa ala upp Kretur til Slagt, andre Stader kann Mjølk og Smør gjerast ut i so mange Pengar, at det løner seg best med Mjølkekretur, og endeleg kann der vera Stader, som ligg avstengde, men likevel er godt lagade fyr Feavl, der kunde det kannhenda løna seg best aa ala upp Ungkretur til Sals. Der fær Ein daa ala upp det Slags Kretur, som Ein kann faa best Avsetnad paa.
 
Feavlen kann soleids drivast paa ymse Maatar, men desse krev daa og ymse Upplag hjaa Kreturi og ulik Utvikling av dei. Denne Utvikling gjeng fyr seg etter ei Naturlog, som med eit framandt Ord heiter "Reaktion." Denne er ei Grein av Livskrafti og kjem seg av, at nettupp dei Likamsluter, som vert mest aaleitade, fær seg tilført so mykje Næring, som dei tarv fyr aa verta likso sterke att som hin Kroppen. Det vil daa segja, i Fall Dyret er friskt og ikkje er skamslitet paa nokon Lim. Men vert no i lengre Tid ein og same Limen meir aaleitad, so venst Blodet til aa strøyma til den Limen og fører med seg dei Emne, som trengst til aa bøta det slitne att, og soleids kjem Stoffskiftingi til aa ganga snøggare der enn i hin Kroppen; han er difyr friskare og veks og legg seg betre ut. Vert no t. D. ei Ku, som er nokorleids lagad til Mjølkeku, sterkt mjølkad og paa same Tid sterkt fodrat og godt stittad, so ho ikkje tarv umaka seg stort fyr aa finna Føda, so vil Blodmengdi etterkvart strøyma til Juret og der lagast um til Mjølk. Vil Ein gjøda upp ei Slagteku, gjeld det um aa fremja Kjøt- og Feitt-Umlagingi og hindra Stoffskiftingi paa andre Leider. Denne Utviklingi, attaat ymse naturlege Vilkor, vil frametter Tidi (etter fleire Ættledar) hava ein sterk Innverknad paa Kroppskapnaden og Eigenskaparne aat Dyret, og paa den Maaten fær Ein daa dei sermerkte Slag elder "Ras." Desse skil Ein daa i tvo Hovudslag, Mjølkeslag og Feiteslag, og av kvart av desse er der daa ymse mindre Avbrigde. Fyr oss er visst Mjølkekreturi dei gagnlegaste, naar dei attaat Mjølkerikdomen kunde faa ein betre sluttad og kjøtrikare Kropp, som gav eit nokot betre Slagt, naar dei eingong skulde latast. Av dei framande mest forædlade (uppdyrkade) Kreturslag skal her berre nemnast eit Par, daa dei hev vortet innførde her til Landet, og til Deils vortet brukade til Forædling av vaare norske Kretur. Det fyrste er Stutthornslaget. Det er det mest framkomne Dyrslaget i Kjøtvegen; det er sjeldnare nokot sers med Mjølkingi, men der finnst sume gode Mjølkarar ihopmed. Men dette Slaget krev so rikleg Fodring og godt Stell, at det ikkje vil duga stort paa landsbygderne hjaa oss. Det andre er Ayrshireslaget. Det er mindre enn det fyrre og er eit Fjellkretur, men hev ein finare Beinbygdnad og betre sluttad (sammaatad) Kropp enn detta og gjev soleids eit betre Slagt. Det mjølkar likevel godt, og naar Ein hev kryssat (blandat) det med andre Slag, hev Avkjømet havt mykje av desse gode Eigenskapar. Dette Slaget hev voret røynt her til Lands og hev vist, at det trivst i vaart Verlag, so at um nokon Landmann vil og hev Raad til aa halda større og dyrrare Kretur, so høver kannhenda detta Slaget best. Her er no og dei av vaare best lærde Landmenn, som trur, at det er best aa halda paa dei norske Buslag, og med vitug Aling og godt Uppdrætte og Stell arbeida dei fram. Og det er visst, at me hev so gode Mjølkekretur, at me vilde vinna litet paa Bytet, det skulde daa vera i Kjøtvegen; men me fær hugsa, at eit større finare Kreturslag ikkje er so smaanøgt i Maten. Daa Norig hev mange Landsbolkar, som er nokot avstengde, vil Ein og finna mange smaae Kreturslag, som ikkje er so sermerkte, at dei kann kallast Ras. I heilo hev dei trutt aa kunna føra alle desse Smaaslag saman i tvo elder tri Storslag: Telemarks-, Fjord- og Smaalensslaget. Det sidste er daa mest eit Blandingsavkjøme av Fjordraset og ymse framande, og soleids snaudt nokot reint norskt. Telemarksslaget er eit Fjellkretur, som er haldet ublandat fyr seg sjølv og hev voret godt stittat. Det er kjennt fyr aa mjølka godt, men gjev eit mindre godt Slagt og vilde difyr kannhenda hava godt av lite Ayrshireblod fyr aa retta paa detta.
 
Fjordslaget er mindre og er meint aa vera ættad fraa det upphavlege Landsslaget. Fjordkui er triveleg og mjølkar godt, men hev hellest same Lyti som Telemorkskui, kannhenda større. Men vaare norske Kretur er hardføre og trivelege og gjev ein rimeleg Avdraatt paa smal Fodring og klent Beite, der større og finare Slag snaudt vilde liva. Eg hev soleids paa ein Fjellgard, der Stellet var laakt og Vegen til Beite um Sumaren var tung og lang, set ei fullblodug Ayrshireku, som Eigaren fortalde hadde kostat honom 13 Dalar, daa ho var 14 Dagar gamall; men eg saag ikkje Skil paa henne og dei andre Kreturi. Det maa me hugsa, at det nyttar ikkje aa halda kunstigare Kreturslag utan at dei fær betre Fodring og Stell; og daa vilde visseleg og vaare norske Slag koma seg upp.
 
Det gjeld daa um aa semja ei større Kjøtmengd paa vaare Kretur attaat deira Mjølkerikdom fyr aa faa eit høvelegt Kreturslag. Dette vil bestfremjast ved eit betre Uppelde og eit gløggare Val av Eldeskretur.
 
Likesom hjaa Hesten maa Ein og her merkja seg av Øyro og Augo um Dyret er livlegt, friskt og godslegt. Horni bør vera slette og fine og helst smaae, utan der det høyrer med til Slaget at dei er onnorleids. Skjeive, lange og grove Horn tyder paa ein grov Byggnad og er attaat stygge. Av Horni kann Ein sjaa, kor mange Kalvar Kui hevhavt, avdi det vert ein Ring fyr kvar Kalv.
 
( Meir).
 

 

Frå Fedraheimen 28.09.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum