Brevsending fraa "Jevnaker".

 
Det er ikkje fraa Jevnaker, me skal faa eit nytt norskt Maal. Landsmaalet gjeng her under namn av "Fjellmaal;" for dei hev høyrt Febønderne" tala paa Lag slik. Likevel er dei samde um, at Bokmaalet, me hev, er Dansk, og difyr vil dei, at Maalet skal reinskast og vølast paa, so det kjem til aa likna meire Aalmugemaalet; men Grunnen skal vera den same, den skal vera dansk. Her er nok ogso ein og annan, som likar so maateleg, at "Maalet hennar Moer" skal hava Løyve til aa stiga yver Dyrstokken inn i Skuleromet. Bland deim, vil eg vaaga meg til aa nemna gamle Prosten vaar. Han hev nok søkt Avskil no. Han kallar det "bedrøveligt, at Bygdemaalene skulde  blive indførte i vore Almueskoler." Det var her i Sumar, han sa' detta, daa han var paa "Visitatsmøte" her ved "Jevnaker." Grunnen kvifyr det var so "bedrøveligt", fekk ikkje eg høyra; men um ein liten Forteljing skulde greida litt upp i hans Meiningar, so skal eg segja den. Paa Kyrkjegolvet var der ein Gut, som skulde lesa i Testamentet fyr Prosten. Guten uttalad daa etter sitt Maalføre "mig" fyr "mei"; men det kunde Prosten ikkje tola. Etter at "Visitatsen" var slutad var det at han talad med Lærararne um "Bygdemaalets Indførelse" og um "mig" og "mei." Han sa daa bland annat, at Lærararne aldri maatte lata Borni faa uttala "mig" fyr "mei" naar dei las Guds Ord. Prosten sa' ogso "mei" i dagleg Tale; for det var dei "Dannedes Hverdagsmaal"; han kunde ogso bruka det paa Preikestolen, men aldri, aldri, naar han las Herrens eiget Ord. "Kjære Lærere", slutad han, "hav den dybeste Agtelse for Guds hellige Ord!"
 
Kvat Meining fær du utav detta, Lesar? No maa eg faa Løyve til aa segja deg mine Tankar: Kann verkeleg mitt Maal vera for simpelt aa bruka, naar eg skal tala med min Gud? Er det so, at der i Sanning maa svarast Ja til dette Spursmaal, so Gud hjelpe baade meg og dei mange Tusund, som ikkje kann tala imindsto dei "Dannedes Hverdagsmaal!" Skal me, naar me talar med Gud, faa det Svar av honom: "Eg vil ikkje høyra Bøni di; du talar so udanat og stygt med meg; - tenk, tala med Gud paa ditt eiget Maalføre!" Nei, Gud vere Lov; han tek visst den Tingen paa ein annan Maate. – Fyr 15 Aar sidan kom her istand eit Lærarsamlag fyr Jevnakerlærarom, og Møte vert haldne rundt um i Skulekrinsarne annan-kvar Maanad. Tri fire av Lærarom skal daa undervisa øvste Afdeildi i eit Fag, t. D. Trudomslæra, Bibelsoga, Maallæra o. dl. Dei andre Lærarar høyrer paa. Etterpaa verd det samtalat um den beste Maaten aa undervisa paa i dei Fag, som hev voret framme. At ymse Tenkjemaatar og Umgangsmaatar ved slike Møte kjem fyr Dagen, det er greit, og der kann sume Tider verda antrad reint hardt um desse Ting. Men det gjeng altid broderlegt til, og eg trur eg kann segja, at det er ei god Aand, som raader i detta Laget. Væl burde der i dessa Møtom vera Rom til andre og meir aalmenne Samtale-Emne. Men dei er gode som dei er ogso. Lærararne lærer aa kjenne kvarandre og kvarandres Undervisningsmaate, og der er altid nokot aa læra; for ingen er so god, at han ikkje tarv læra meir, og laak maa den vera, som ingen kann læra nokot av. Eg spurde ein Dag ein av dei eldste Lærararne, kvifyr dei ikkje hadde frie Samtaleemne paa Møtom, og daa svarad han, at det var fyr aa ikkje vekkja Usemja. Det hadde voret freistat med slike Møter i Gran, sagde han, men det varad ikkje lenge, fyr den og den vart raakad av eit ubeinsamt Ord, og so heldt han seg heime. Tilslut møtte Ingen. Det er no ikkje gildt aa tru, at det skulde bera slik til; men kannhenda gjeng det so lell?
 
I Sumar fekk me ny Prest; han viser seg svært venleg mot disse Lærarmøtom og vil av sin heile Hug hjelpa til, at dei fær liva. Fyr Aalmugeskulen gjer han og ikkje so litet. Her er ein høgre Aalmugeskule, som hev vel ein 30 Sveiner. Skulen hev fyrr voret i Hovudsoknet, "Jevnaker;" men i Sumar vart han flutt herifraa til Vedsoknet, Lunner. Her er no allstad faste Skular, naar eg undatek paa dei einbølte Gardar.
 
Paa dei fleste Stader er det leigde Skulestovur; men det er no paa Tal at byggja eigne Skulehus og Bustad til Lærararne. Men det er tronge Tider, so det dreg i Langdrag. Her er ogso talat um ein liten Jordlepp til Lærararne; men Jordi er dyr her paa Austlandet. Soleides vart her no i disse Bilom kaupt tvo Maal Jord til ein Lærar, og den vart bitalat med Kr. 200 fyr Maalet. Ein annan Stad hev dei kaupt 30 Maal til Læraren sin. Det skulde kosta paa Lag Kr. 1600. Her er soleids Folk, som hev Syn og Skyn fyr Aallmugeupplysningi; men her sleng nok ogso slike, som er like sæle um baade Lærar og Skule. Nokot, som talar fyr Uvilje mot Skulen og Læraren skal eg her nemna. Ein Mann baud seg til aa gjeva fri Jord til Læraren, naar dei berre vilde vera med paa aa byggja Skulehus. Men nei Takk. Sjølvbodi Tenesta er alltid forsmaadd; so gjekk det her med. Dei meinte vel, at Læraren hadde stor Løn nok fyrr, um han ikkje fekk Skulejord attpaa. No vil dei trulegvis venta, til dei ein god Dag maa kaupa ein Jordflekk til Læraren sin, og det i dyre Dome. Det plar ganga so ofta, veit eg.  
 
Her hev voret fleire av Lærararne, som hev havt Kveldsskular, og dei hev voret godt søkte, endaa eg ikkje vaagar meg til aa segja, at Ungdomen hev den Hug til Upplysning, som han skulde hava. Det talar ikkje nokot godt fyr oss, at her hev voret freistad paa med Leseselskapar, men at dei ikkje hev gjenget. Ein hev ikkje det aa skulda paa her, at her er gresgrendt. Nei Syn og Varmhug er det som vantar; hadde me det, so vilde mangt retta paa seg, endaa i desse tronge Tider.
 
Hermed Takk fyr denne Gangen.
 
I September 1878.
 
H-h.
 

 

Frå Fedraheimen 28.09.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum