Til "Fedraheimen".

 
Eg vilde berre svara nokre Ord paa det som stod i No. 51 og 56 av "Fedraheimen." Inkje fyre det eg heve nokot at segja mot det der stod; langt ifraa. Nei, eg vilde berre greida ut mit (og visst mange andres) Syn paa Saki, so De kannhenda inkje skal døma oss fullt so hardt.
 
Hrr. "S" segjer: "Vinje sjølv skreiv so framifraa, at vaare Greidur saag so laake ut, naar dei kom ihop med hans." Det er just det same eg, og visst mange med meg, hev tenkt. Mest alt det, som er skrivet i "Fedraheimen" til denne Tid, hev voret so reint framifraa, og der hev voret so fullt og rikt av det, at iallefall eg slett ikkje hev vaagat meg til at koma fram med nokot av det, eg hev skrivet. Det er 'kje so godt fyre meg og andre slike "heim-alne" Landsborn, som inkje hev voret uppi det, at vita, kvat der skal til fyre at gjeva ut eit Blad. Eg trudde sant aa segja, at naar der berre var Tingarar nog, so stod det inkje paa. Men no er det fallet som Hinnur fraa Augom. No ser eg det vel, at det gjeng ikkje an for Bladstyraren at leggja all si Kraft og all si Tid paa at skriva i dette Bladet. Han kom til at svelta ihel, det er det eine; og so er det væl so han hev annat aa gjera og.
 
Men no vil eg gjera upp eit Reknestykkje fyre Maalmennerne rundt i Landet. Bladet kjem ut tvo Gonger i Vika. 2 Gonger 52 er 104, det. Dersom no 104 Maalmenner rundt heile Landet skreiv berre ein Gong um Aaret, so vart det daa eit Stykkje i kvart Blad. Trur de inkje, me vann med det, gode Maalmenner?
 
Det er oss "unge" Maalmenner eg tenkjer paa. Dei "gamle" torer eg inkje tala um. Eg trur ikkje, det er verdt, me læt oss skræma av det, um me inkje trur me kann mæla oss med Bladstyraren, og at det ser vesalt og ulikt ut, det me skriver. Me fær gjera det me kann og so godt me kann, og so kann han (Bldst.) vanda og vraka; han hev Dugleiken til det, og ingen burde verta tykkjen fyre det.
 
Me kann vita, at det maa erga ein Mann som t. D. Bldst. at slita seg ut i eit slik missvyrdt Arbeid. Han hev komet so langt fram, at han kunde fulla med Tidi verta en "agtet Embedsmand" han au, dersom han vardt ein av "vore" og sleppte sine "afsindige Maalstræverideer." Det veit me, han inkje gjerer (som han au hev sagt); men det burde gjeva oss so mykjet Vyrdnad fyre Mannen, at me inkje leet han vera aaleine. Men me hev legjet for lenge i Stilla og Arbeidsløysa no; det er det som er.
 
Eg vil beda Bladstyraren so hjarteleg um aa inkje leggja ned Bladet. Eg hev talat med mange Motstrævarar (her er fullt av dei!), men ingen hev tort sagt, at dette Bladet vart skrivet av "middelmaadige Begavelser", som er paa Tale. So dersom nokon Ting kann hjelpa og fremja Maalsaki her i Landet, so er det dette Bladet.
 
Det er derfor mi Von, at Bladet skal koma til at ganga, og at fyr Skuld den Vekkjaren i 51 mange vil manna seg upp og gjera det dei kann, og eg fyre min Part vil takka Bladstyraren av Hjartat fyre di han sagde si Meining greidt fram.
 
Tromøyi ved Arendal 9/ 9 78.
 
7. 7.
 
 
Det tek seg no ikkje ut aa prenta av so mykje Ros yver seg sjølv; men Brevskrivaren bed so vænt um aa faa Stykket inn, at me ikkje kann faa oss til aa segja Nei helder. Dessutan ber det Vitne um ein so varm Samhug med vaart Stræv og – fyrst og fremst – um ein so ærleg Arbeidshug, at me tenkjer der kunde vera dei, som hadde godt av aa lesa det.
 
Bldst.
 

 

Frå Fedraheimen 21.09.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum