Framand-Gjenta paa Torpo.

 
(Segn, fortald av ein gamall Kall.)
 
Dæ va ei Gong lang Ti sea – dæ æ fælt lengji sea – dæ skuld' hendt hjaa noko Folk paa Torpo. Dæ va ein Jolefta seint um Kvelden etti dei hadde stellt Krytyro, daa dei skuld te aat Borde 1) aa faa Mat; Mannen va burte aa stellte Hesto. Daa vart han var ein liten Ungji, ein liten Gjentungji, som gjikk ut i Garde aa gret. Detta stirde han paa ei Stund, so reiste han inn att aa tala um detta, um den vesle Ungjin, den vesle Gjentungjin, som gjikk ut i Garde aa gret. Detta heldo dei daa for noko Skrymt aa sa: du ska nokk inkji faa narre oss ut ikveld. Men Mannen sto paa Sitt, at dæ va som han hadde sagt. Tesist strauk Tenestguten i Vegen ut: kannskji e kann faa sjaa Skrei'e, e mæ, sa han. Aa han saag plent dæ sama som Mannen hadde set; han inn att aa fortalde, aa so bar dæ ut mæ alle samle. Daa saago dei alle denna vesle Ungjin, den vesle Gjentungjin, som gjikk burt i Garde aa gret. Dei vorto se daa reine forgrunig paa, kor denna Ungjin skuld vore ifraa, som gjikk der aaleine so seint um Kvelden. Mannen aa Tenestguten gjingo daa burt te dessa Unga, te dei vesle Gjentunga, som gjikk burti Garde aa gret. Men dei voro inkji go-te faa veta, kor ho va ifraa. Dei toko daa inn mæ se denna Gjentungjin; men ingjin va dæ som visste, kor ho aatte heime. Dei toko daa te stelle mæ dessa Unga, mæ dessa vesle Gjentunga, som gjikk ut i Garde aa gret um Kvelden. Ja, dei vermde henne, aa gaavo henne Mat aa Drikke taa alle Slag som dei daa hadde fyr se. Men taa henne, taa dessa vesle Gjentunga, fingo dei kje korkji Maal ell Mæle taa, nei inkji eit einaste Or. Som dei daa soleine hadde stellt mæ dessa Unga, dessa vesle Gjentunga, som gjikk ut i Garde aa gret um Kvelden, so kom dæ inn der eit stort, svært stort Kvenfolk, ja dei sa dæ, at um Døre ha vore ei-te-gong so stor, so hadde dæ turvst; aa ho bar ei Ringji, ei stor, svær stor Mjokkeringji paa Arme. So reiste detta store, svære store Kvendfolkje, som kom inn mæ dessa svære store Ringjinn, burt te dei vesle Gjentunga, som gjikk ut i Garde aa gret um Kvelden, aa te drive tale mæ henne. So tok denna Ungjin, den vesle Gjentungjin, te tale um, koss Folkji der hadde stellt mæ se, at dei hadde vermt henne, aa gjeve henne Mat aa Drikke taa so aa so mykji. Daa sa ’o dæ, detta store, svære store Kvenfolkji, som kom mæ Ringjunn paa Arme: denna Ringja sko de ha, fordi de ha stellt so væl mæ desse vesle Bødne mi, som hadde vorte att-sett her uti Garde i Kveld; aa so sa ho dæ, at so lengje som de ha denna Ringja, so sko de kji vera mjokkelaus. Aa mæ di sama at ho hadde sagt detta, so va ho røykjele' 2) burte, aa daa visste dei, at dæ va eit Haugafolk. Aa soleine vart dæ nokk mæ, at so lengji dei hadde denna Ringja, som dei fingo hjaa dessa svære store Kvenfolkji, som kom inn der um Kvelden, so skuld dei nokk inkje vore mjokkelaus. Kjyd'n 3) deires skuld mjokka baade Vet aa Somar. Mjokk selde dei, naar dei hadde meir ell te overs, aa Krytyri skuld sta'e som are Hesta. Detta skuld endaa hendt hjaa dei Folkeferdenn, som e æ taa, men dæ æ so lengji sea, at dæ skuld vore hjaa 'o Gofar, som va Far aat Far hass Gofar salig, aa ette hono e dæ endaa e 'eite; han skuld endaa 'eitt Ola, aa e 'eite Per.
 
1) Les "Bole" (med tjukk l). Likeins "Gal'en" = Garden o. d. – Maalet er fraa Hallingdal. "Garde", "Ringjunn", "Bødne mi" o. d. er Dativ Eintal.
2) røkjeleg, raskt.
3) Kjyrna.
 

 

Frå Fedraheimen 21.09.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum