Utlandet.

 
Det merkjelegaste, som hev hendt i den utlendske Politik i dei sidste Tider, er det at Times sin Brevskrivar i Paris hev i eit Brev av 6te September kunngjort nokre Uttalur, som Bismarck fyr eit Par Maanadar sidan hev komet fram med um Hendingar og diplomatiske Flokningar i 1871 og 1875. Desse Uttalur gjekk ut paa, at Avgjerderne aat Berlinstemna var reint eit Tjon fyr Ryssland, og at det fyr det hadde Tydskland aa takka; og Grunnen til Tydsklands Framferd var det, at Bismarck vilde taka Hemn, fyrdi Gortschakoff i 1875 hadde sett den tydske Politik mot Frankrike i eit rangt Ljos. Radowitz, ein Mann som stend Bismarck nær, hadde sagt til den franske Sendemannen i Berlin eit Ord um, at Frankrike kom seg att so snøggt, at det var agglegt fyr Tydskland, og dette gjorde so mykje, at Ryssland fann det burde telja til gode, og Bismarck let mest ille yver, at Gortschakoff same Dagen, som Ryssekjeisaren kom til Berlin, sende ut eit Umgangsbrev, som sagde, at "Freden var tryggd." Det saag soleids ut, som um Rysslands Kjeisar var Mann fyr med eit Ord aa faa Tydskland til aa stilla Sverdet. Det er greidt, at det var ei Audmykjing fyr det megtuge Tydskland, at detta vart utyversett, og so mykje harmelegare var det, dersom det den Gongen i Røyndi, so som mange trur, hadde voret Bismarcks Meining aa reisa Krig mot Frankrike, og Rysslands Millomgang var det, som gjorde hans Raader um inkje. Som ventande var, so hev Folk teket den Trui, at Bismarcks bitre Ord um Fyrst Gortschakoffs Aatferd i detta Høvet, maa hava eit elder annat løynlegt Fyremaal, for det er vandt aa skyna, kvifyr desse "Avdukingar", kjem nett no, endaa Sogomannen hev kjennt deim sidan den 2dre Juli iaar. Det hev voret mange Gisningar i so Maate, den eine likso rimeleg som dei andre.
 
Um det uheppelege Aagrip, Austrikingarne gjorde paa Festningi Bihac, er no fortalt, at General Zachs Avdeild tapad 7000 Mann. Bihac var forsvarad av regulære turkiske Herfolk, som hev lagt sterke Verk ikring Byen, og Kommandantaen i Staden lyser upp, at han ikkje hev Order fraa Porten til aa gjeva seg yver, men at han tvertimot hev fenget Tilsetning av Hafiz Pascha til aa verja seg til det ytste.
 
Millom Grækland og Turkiet hev det ikkje set rett so fredlegt ut i det sidste. Porten hev negtat aa uppfylla det Skilordet i Berlinsemja, som han med si eigi Underskrift hadde bundet seg til, at Hellas skulde hava den Luten av Epiros og Thessalia, som ligg sunnanfyr ei Lina yver Janina og Tempe (Elvarne Kalama og Salambria) ja Porten hev jamvel negtat aa tinga med Hellas um Saki og sendt Magterne eit Skriv um, at Avgjerdi paa Kongressen var byggd paa galne Fyresetningar, fyrdi Hellas hadde loget um Tilstandet i dessa Fylki. Hellas hev negtat paa nytt Lag, og Hellas hev difyr bedet Magterne um Studnad og samstundes kallat saman sine heimsende Soldatar. Turkiet hev og samlat Herfolk i Thessalia. Det er trulegt, at Hellas fær Hjælp av Frankrike, som stendigt hev voret paa Græklands Sida, og dinæst av alle Upprørararne i Epiros, Thessalia og Makedonia, og kannhenda av Austrike, som hev havt si store Naud med aa greida Muhamedanarne i Bosnia og Herzegovina og godt kann finna seg tent med aa sambinda seg med dei Smaafolk paa Halvøyi, som det hev Interesse sams med.
 

 

Frå Fedraheimen 18.09.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum