Kristiania, den 17de September 1878.

 
Um Norsk i Skulen. Paa eit Lærarmøte i Trøndelagen, der Skuledirektøren var tilstads, fortalde ein av Lærararne, Hr. Øveraas, at han i den fyrste Tid, etter at han kom fraa Seminariet, i Skulen heldt seg strengt til Dansken elder Bokmaalet, men ikkje fekk det til aa ganga; Borni lærte Inkje. So tok han aat med aa nærra seg Talemaalet aat Borni, og strakst gjekk det betre. Daa han merkte det, tok han Stiget  fullt og underviste Borni heilt og haldent paa Bygdemaalet, og det gjekk betre og betre, di lenger det leid. Dei Skular, der Norsk brukest, stend langt yver alle dei andre, det hadde han havt Høve til aa røyna. Presten lagde ved hans Skule ingen Hindring i Vegen fyr aa bruka Norsk – det hev han helder ikkje det Grand med -, men ymse Pietistar var missnøydde med, at Religionsundervisningi gjekk paa Bygdemaalet; dei fann det aa vera aa gjera det Heilage vanheilagt! Men ogso dei hev sidan gjevet seg. Hovudmannen fyr deim sagde etter siste Eksamen, at han aldri meir vilde anka yver, at Landets eiget Maal vart brukt ved Undervisningi. (Det kann elles vera det same, anten uvitande Folk ankar elder ikkje. Bygdemaalet vert likvel det beste)
 

 

Frå Fedraheimen 18.09.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum