[Notisar]

 
Lillehammer Tilskuer trur, at det er ei Skrynja, at det vart gjevet 500 Krunur til Vonheims Folkehøgskule i Sumar. Me skal leggja til: Ein Ting er viss, at Gaava ikkje er komet fraa Styret fyr detta Bladet.
 
Sagatun Folkehøgskule. Hr. O. Arvesen upplyser i "Oplandenes Avis", at det er teiknat nog elder nær nog til det nye Skulehuset. Til Kaup av Tuft vil verta uppteket Laan. Hr. Arvesen vil ikkje standa som Eiger av Huset, men naar han sluttar Skuleverksemdi, yvergjeva Huset aat den Nemnd, som so reidebuen tok seg av Teikningi.
 
Sildfisket i Namdals Futedøme. I Juli og August Maanadar hev dei uppfiskat 167000 Tunnur god Vare. Salsprisen hev voret ikr. 12 Krunur Tunna, altso Verdet av den heile Fengd ikr. 2 Mill. Krunur. Men det hev voret ei Mengd Notebruk, Fiskefarty og Kaupefarty um Utvinningi, so det ikkje vert meir enn høvelegt paa kvar Luttakar endaa.
 
Landbruksmedaljer. H. M. Kongen hev den 2dre Septbr. naadugast gjevet desse Herrar den aagjæte Medalje fyr Fortenestur av det norske Landbruk: H. Tveter, Øysteinssjo, øystre Aker; Brukseigar Hofgaard, Sjaastad, Lider; Agronom Bærøe, Vaale (Jarlsberg); Gardeigar Hofgaard, Løberg (Bratsberg); Landbruksskulestyrar Wilson, Fane (Sydre Bergenhus Fylke); Gardeigar Hans (elder Thomas?) Jelstrup ved Livanger; Lensmann Henrik Oksaas, Lyngen (Trums Fylke); Sæmund Olson Jarfjord, Sud-Varanger (Austfinnmorki). – Det er hugnadsamt aa høyra, at det finnst Menn i alle Landsbolkar, som hev innlagt seg Fortenesta av Landbruket. -
 
Gamalt Norskt Vers. I den danske Skald Thomas Thaarups "Høstgildet", som vart skrivet 1790, finnst eit norskt Vers, solydande:
 
"Malmrike Fjeller og kojnrike Daler,
Skoger taa Bjørk aa taa Furu aa Gran,
Elver aa Viker med Smaafisk aa Kvaler,
Tusenfoill gott ga' vaar Herre vaart Land.
Djerv taa si Frihet, sitt Mot aa sin Styrkje,
Griaug paa Ros er kvar odelsfødd Mann;
Men aat sin Konje, sitt Land aa si Fyrkje
Ingen, nei Ingen va' truar enn han".
 
Var ogso Thomas Thaarup " Maalstævar"?
 
Verdepapir. Ein Aktie i Støren-Aamotjarn-vegen paa innbetalde 400 Krunur vart nyst i Throndheim seld fyr 41 Kr., dvs. 10 ¼ fyr Hundrad.
 
Folkemøte. Eit Folkemøte skal verta haldet i Throndheim 12te og 14de Oktober med Fyredrag av Prest Fr. Wexelsen. Storthingsmann Bentsen o. fl. Det er Styret fyr Nordanfjellsk Folkehøgskulesamlag, som stend i Brodden fyr Møtet.
 
Mordet (?) ved Litlesand. Det er framleides lika uvisst, um den Gjenta, som vart funni daud i Fjoset paa Bjørkeland, er stangad ihel av ei Ku elder myrdt. Distriktslækjar Frisach meiner, at det fyrste er Tilfellet; han segjer: "det er ein til Vissa grensande Sannsynd fyr, at Severine Kristensdotter er stangad ihel av ei Ku". Men Folk i Bygdi trur ikkje detta. Hovudet var godt som knust og hadde ei Mengd med Saar, og Øyro var mest avrivne; likvel hadde ho vortet sitjande paa Mjølkekrakken. Litet Mjølk var det ogso i Kolla. Det er visst, at ho var havande. Aat Sorenskrivaren vart under Forhøyret framvist ein blodutt Hamar, men det vart sagt, at han var brukt til aa drepa Hønur med. Det vil daa visa seg, naar Hamaren vert undersøkt "kemisk" elder rettare " mikroskopisk", um Blodet er Menneskje- elder Høneblod.
 
Maanen. Me fortalde i vaart fyrre Numer, at Professor Klein hadde funnet Vatn og Plentevokster paa Maanen. Det er likvel ikkje alle Astronomar, som gjev honom Medhald i detta. Det er ingen eigenleg Skilnad millom Sumar og Vetr paa Maanen, daa Soli stend berre 3 Gradar høgre um Sumaren enn um Vetren (paa Jordi 47 Gradar Skil). Men millom Dag og Nott er Skilnaden mykje større enn paa Jordi millom Sumar og Vetr. Paa Maanen er det berre 11 ¾ Jamdøger um Aaret, men kvart Maanedøger er so langt som 29 3/ 4 Døger paa Jordi. Ein Maanedag er altso lenger enn 2 Vikur, og naar Soli stend so lengje paa, kann Ein vita, at det maa vera ofsa varmt, allvisst dersom det ikkje finnst korkje Vatn elder Luft der. Men um Notti er det so kaldt, at den verste Kulde, Nordpolsfararar hev voret utsett fyre, vilde kjennast som kjøvande Hite i Likning med Kulden i Maanenotti. Varmeskilnaden millom Middag og Midnott paa Maanen er 200 Stig etter Reaumurs Varmemælar (200 o R.).
 
Det svenske Marinestyre. Dag. nyh. veit aa fortelja, at Floteministaren v. Otter med det Fyrste skal taka Avskil, Kommandør Stackelberg skal verta hans Ettermann.
 
Dagen. Dr. phil. N. L. Westergaard, aagjæt Maalgranskar, Professor ved Universitetet i Kaupenhamn sidan 1844 elder 1845, do fyr nokre Dagar sidan, 63 Aar gamal. Han hadde studerat i Kaupenhamn, Bonn, Paris, London og Oxford, reist kring Afrika til Persia og India og derifraa landveges yver Russland attende til Danmark. I Kileskriftmaalet (Gamal-Persisk) og Avestamaalet (dvs. Millom-Persisk dvs. Soroastersk-Persisk) hev han voret med og gjort Upptekter. I Sanskrit (Gamal-Indisk) var han ogso ein av dei hævaste. Han var med i den grunnloggjevande Forsamling i 1848-49, men sidan hev han livt heilt fyr Vitenskapen.
 
Eimskip og Jarnvegjer i England. I dei fyrste 8 Dagar av Septbr. hev ikkje mindre enn 5 Eimskip siglt paa elder støytt imot andre Skip – 4 paa Themsen, millom deim "Princess Alice", som sokk med den største Part av sine mange Passagerar (av 623 Menneskjur kom berre ikr. 130 derifraa med Livet). – 2 Eimskip med Lystreisande hev siglt paa Grunn, ved Wight og Man. Samstundes hev det hendt Ulukkur med 7 Jarnvegstog, fleire Menneskjur hev vortet drepne og mange hev fengjet Mein.
 
Greiv Wilhelm Bismarck, yngste Sonen aat Rikskanslaren, er vald til Riksdagsmann fraa Langensalza. Fyre Valet sende det klerikale (høgkyrkjelege) Centrum eit Telegram til Greiven, som daa var paa Vitjing i Gastein, med Spursmaal um, kvat han vilde gjera i dei sokallade Kulturkamp-Spursmaal. Paa detta svarade Greiven: "Eg trur ikkje, at dilike Spursmaal kjem fyre paa Riksdagen. Skulde det likvel verta Tilfellet, vil eg udbeda meg Raad hjaa Rikskanslaren, som stend meg personleg nær, og eg skal so mykje helder fylgja  dei Raad, eg fær, som eg kjenner hans forsonlege Sinnelag". Etter dette fekk han dei 2079 klerikale Røyster, som ved det fyrre Valet fall paa Krinsdomar Schilling.
 
Kjeisarmordaren Nobiling do av Blodforgifting etter det Saar, han hadde gjevet seg under Freistnaden paa aa drepa seg etter den misslukkade Mordfreistnad nyst fyrr han vart gripen. Det inntrod ein Absces elder ein Bylde i Heilen etter detta Saar.
 
Tjorfiktningarne i Spania. I Aar er det endeleg framsett Forslag i Kortes (Riksthinget) um aa høyra upp med denne Dyrpining. Berre i Madrid er det i 3 Maanadar i Tjorfiktningar vortet drepet 90 Tjotar (Uksar), 25 Kyr og 148 Hestar. 11 Tjorfiktarar er i same Tid saarade. I Valencia vart i 4 Dagar i Juli drepet 21 Uksar. Byens Hospital tente 46000 Krunur paa desse Skodespel i dei 4 Dagar og dei tvo espadas kvar 9000 Kr., men av desse Pengar hadde dei aa løna 7 Fiktarar (banderilleros og picadores).
 
Vesuv, det aalkjende eldsprutande Berg i Italia, trugar med eit nytt Utbrot. Diriktøren ved det metrologiske Observatorium der, Liugo Palmieri, er buen til med Livsfaare aa taka imot ogso den nye Raun- elder Lavastraum, liksom i April 1872. Professor Valmieri er ein modug Mann; han hev voret ved Observatoriet paa Vesuv heilt sidan 1848; hans Skrift Incendio Vesuviano del 26 Aprile 1872 elder greide og samvitsfulle Upplysningar um dei Røynslur, han gjorde under Utbrotet i 1872, er aagjæt yver heile Heimen. Dei, som vil vitja Observatoriet under det Utbrot, dei ventar, vil faa hans Bilæte støypt av den Raun, som no fyller Krateren til Randi. – Til Toppen av Vesuv vil dei no leggja Jarnveg, som vert dregjet upp med Staaltraadtog.
 
Cypern. Det fyrste Numer av ei Avisa er udkomet i Larnaka: Cyprus, a weekly journal. Halvparten av Teksten er skrivet paa Cypermaalet.
 
Hemnd. I Konnektikut (N. Amerika) hende det nyst, at ei Prestfru kom i Haari paa Tenestgjenta si, daa Gjenta hadde trulovad seg med Eigaren av det Huset, Prestefolket budde i. Daa Gjenta vart burtvist, gjekk ho sin Veg. Men um Eftan kom ho att, gjekk radt aat Storstova og sagde: "No er eg Fru - - ver so god aa pakka saman, detta er mitt Hus!" Gjenta hadde gift seg med Huseigaren og sett som Skilord, at Prest- folket strakst flutte."
 
Tak yver Stakkar. Ikring Hastings (R. Am.) er i Sumar vortet kaupt meir enn 150000 Alnar Lerreft av Landmenn, som vil bruka det til Tak yver Kveitestakkarne sine.
 
Kveiteavlingi i dei Nordamerikenske Sambandsrike er i Aar 400 Mill. Bushels, derav 180 Mill. til Utførsla; detta er 80 Mill. meir enn nokot Aar fyrr; Kveiten vert altso billeg.
 

 

Frå Fedraheimen 18.09.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum