[Baptistmissionær G. Hubert]

 
Baptistmissionær G. Hubert vart fyr ei Tid sidan dømd til Bøter og Umkostnadar fyr i Bergen aa hava døypt tvo Gutar, som ikkje var fullt 19 Aar gamle. Det er gjort Utlegg hjaa Hr. Hubert, og det er no tillyst (kannhenda halden) Auktion yver det utlagde Lausøyre i Baptistkapellet "Ebenezer." Denne Saki finn dei underleg i Utlandet. Liksom Tyskararne plaga segja "die dumme Dänen" (dei toskne Danskar) soleids segjer Amerikanarar og Engelskmenn no "the intolerant Norwegians" (dei utolsame Nordmenn). Ein evangelisk-luthersk Prest i Wisconsin hev i eit amerikansk Blad greidt ut Saki og forklarat, at Riksembættesmennerne, som hev lagt Saki og dømt i Saki, ikkje hev nokot aa fyrebraa seg, men at Missionæren hev paadregjet seg rettferdug Straff ved ikkje aa lyda ei aalkjend Log. Bladet legg likvel til: "Det, at ei Log er aalkjend, gjerer henne ikkje rettvis. Daa Inkvisitionen brende Folk, fyrdi dei las Bibelen, var detta Straffi fyr Brot mot ei aalkjend Log, og da Claverhause brukte Tumeskruven paa den strengt protestantiske Fylking i Skotland, gjorde han det likeins etter ei aalkjend Log. Høver det seg fyr eit sedat Samfund aa hava slike Logjer? Er dei lika fyr Logi – Baptistar og Lutteranarar – naar hine vert dømde i Straff fyr aa upptaka deim, som fyrr dei er fulle 19 Aar gamle, friviljugt og av seg sjølv krev Daup og Samfundsfelagskap, men desse upptek i sitt Samfund ikkje berre mindreaarige – som Baptistarne ikkje gjerer -, men ogso medvitslause Born?"
 

 

Frå Fedraheimen 18.09.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum