Notisar.

 
J. H. Wessel. Paa Trinitatis Kyrkjegard, der Skalden er gravsett, vil dei reisa ein ny Minnestein elder ei "Ærestytta" paa hans Grav i Sluten av Oktober, likeins fyr Joh. Ewald.
 
Vatn paa Maanen. Professor Dr. Klein i Køln tred upp mot den Læra, som hev voret gjengs i det siste Bilet, at det ikkje er korkje Vatn elder Luft paa Maanen. Han hev gjenom mange Aar granskat Maanekroppen og hev sett baade Dimma, som held seg lenge paa same Staden og fyller dei store vulkanske Rivur, og brigdelege grøne Flekkar, som han held og maa halda fyr Plentevokster. Dei ser bleike ut, naar den kalde Maanenotti tek Slut, og vert myrkare og myrkare under Maanedagens sterke Vermd. Der Maanen hev Vulkanar i Mengd, er inkje slikt aa sjaa, men elles yveralt. Daa Maanen soleids ikkje lenger er nokon Repræsentant fyr Dauden og den ævelege Ro, vil fulla ei Mengd Vitenskapmenn no kasta seg yver Maanestudiet.
 
Heimshandelen. Professor Dr. X. V. Neumann-Spallart, Medarbeidar av Behms "Geographiches Jahrbuch", hev utgjevet eit forvitnelegt Verk um Handelens Gang og Vilkor m. m. Um Kjøthandelen segjer Forfattaren: Daa det hev vist seg, at det er moglegt aa forda ferskt Kjøt 6-700 norske Miler fraa Vestriki i Nordamerika til dei engelske Marknader, og selja det med Vinning, so hev Folk no teket til aa tenkja paa og fyrebutt seg til aa henta Kjøt fraa Donau-Landi. – Kolforbruket i Heimen er ikring 288 Millionar Tons (= 2600 Millionar Tunnur) um Aaret. I England vert det utvunnet 136 Mill. Tons. Dei Kolminur, som nu vert drivne, vil vara i 800 Aar i England, 1140 Aar i Frankrike, 750 Aar i Belgia og 300 Aar i Tyskland. Men ogso i Nord-Amerika, Aust-Asia og Australia finnst Kol i Ovmengder. Berre i Kina finnnst Kol yver ei Vidd av 200000 eng. kvadratiske Miler, og i Nordamerika yver 190000 Miler. – Ullhandelen er i Vokster. Aarsutvinningi av Ull er 1400 Mill. Pund til eit Verde av 700 Mill. Krunur. – Umsetningi av Korn er 200 Mill. Hektoliter um Aaret.
 
Skulen i Russland. Ruski Mir (Den russiske Verd) gjev nokre statistiske Upplysningar um Folkeskularne i det store Tshar-Rike, der dei legg Serskatt paa Skularne. 95 Mill. Born – 1 Skule paa 3394 Innbuarar. Rikstilskot 2113686 Rubel, Kommune-og private Tilskot 3792117 Rubel elder 6. 9 Kopek fyr kvar Menneskja i Riket, 6 ½ Rubel fyr kvart Barn, som søkjer Skule. I Italia vert utgjevet 13 Kopek fyr kvar Menneskja, i Spania og Grækland 25 Kop., i Sverike 31 Kop., i Noreg og Frankrike 38 Kop., i England 50 Kop., og i nokre av dei nordamerikanske Sambandsrike 3 Rub. 50 Kop. fyr kvar Innbuar. Japan hev 30000 Folkeskular med 2 Mill. Born paa 33 ½ Mill. Menneskjur og 1 Skule paa 1116 Innbuarar.
 
Minnesmerkje. I Washington (N. Am.) vil dei reisa ein Obelisk, 512 Fot høg, til Minne um Georg Washington, Skiparen av den amerikanske Forfatning. Den namngjetne Cheops-Pyramiden i Egypten er berre 480 Fot, so Washingtonsteinen vil verta 32 Fot høgre enn den.
 
Druknade. I fyrre Vika fann dei Liket av ein Mann i Akers-Elvi (Frysja) i Kristiania; han var venteleg dotten ut fraa den smale Vegen, som gjeng langs Elvi, og som ikkje hev Traleverk. - Eit Par Dagar etter fann dei Liket av ein Skomakar i Sjoen ved Tjuveholmen (Kristiania); han hadde umkomet ved Lauging.
 
Politimeistaren i Odessa, Øverste Antonow, er avsett, arresterad og førd til St. Peterborg, daa han ikkje skal hava vist Kraft nog i Saki mot Kovalski, som etter Standsrettsdom fyr Høgmaalsbrot vart avrettad 2 Dagar fyre Mordet paa Mesenzow. - Ein Gardeofficer, Fyrst (Knjas) Aleksander Chylsow, 19 Aar gamal, skaut seg fyr nokre Dagar  sidan heime i Huset aat Mor si i St. Peterborg. Yverpolitimeistaren hadde gjevet Order til aa arrestera honom ein Time fyre Sjølvmordet; han skal hava voret Medvitar i Mordet paa Mesenzow.
 
Nytt Blad. Folkethingsmann C. Berg, den aalkjende Hovding fyr det danske Vinstre, vil fraa 1ste Oktbr. utgjeva eit nytt politisk Blad: " Roskilde Dagblad."
 
Fyr Arne Kulterstad, som i 1860 vart fraadømd Livet fyr Mord paa Olav Høgland, men etter Bønskrift fraa B. Bjørnson o. fl. vart friteken fyr Livsstraffi mot aa setjast i livsvarigt Straffarbeid, hev hans Skyldingar i Amerika innsendt Bønskrift um, at han no maa verta frigjeven. Fleire gode Menn hev sluttat seg til Bønbrevet, so det er Von um, at Konge og Riksstyre vil lata Naade ganga fyr Rett. Dei meiner ogso, at det eigenleg ikkje var Mord, men Draap, Kulterstad gjorde seg skyldug i.
 
Mord. Paa Garden Birkeland ved Litlesand vert i desse Dagar uppteket Forhøyr um ein braad Daude, elder eit Mord paa ei Gjenta, som vart funni daud i Fjoset ein av Dagarne. Enno hev dei ikkje komet til nokor Vissa, Forhøyret vert framhaldet.
 
Dr. Nobiling, Kjeisarmordaren, døydde Tysdagen den 10de September Kl. 2 ¾ Etterm. av Lungeslag.
 
Jarnveg paa Gottland fraa Visby til Hemse vart opnad Tysdag den 10de Septbr. Kongen uttalade bl. A. "Liksom Glimesteinen fær aukat Verde ved aa setjast i Metal, so skal ogso Gottland, denne Glimestein i Sverikes Kruna, vinne i Verde ved aa innfatast i Jarn.
 
Fonografen og Mikrofonen (elder Megafonen) vil snart verta aa faa sjaa i Kristiania. Hr. Koparstikkar Kingo hev fengjet fat paa baade desse Uppfinningar, visst ikkje utan store Offer, og vil framvisa deim med det Fyrste. Tid og Stad vil han seinare tillysa. Fonografen kjenner alle av Namn og Gagn; han attergjev Manns Maal, Song og Ord, naar det skal vera. Mikro- elder Megafonen styrker Ljoden soleids, at det, naar t. D. ei Fluga gjeng paa Bordet, høyrest, som um ein Soldat med tjukke Styvlar trampade paa ei Steinbru. Hr. Kingo arbeider ved den geografiske Uppmæling og er kjend som ein dugande Koparstikkar og Gravør.
 

 

Frå Fedraheimen 14.09.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum