Husmannsstellet.

 
Paa Storthinget i Aar vart der sendt Bod til Regjeringi um aa gjera Framlegg til ei meire folkeleg Log um Leiglendingsverket. Det var Agronom Jensenius, som hadde gjevet inn eit Forslag fyr aa hjelpa nokot paa Leiglendingarne, etterat han i mange Aar truget hadde arbeidt med den Saki.
 
Det kjem no vel til aa verta drivet fort paa med dette, so dei, som hev leigt Jord av dei store Jordeigarar, kann løysast nokot or dei Baand, dei er innsnørde i, og faa friare Rett til aa styra seg sjølve i sitt Arbeid og Stræv.
 
Daa Saki var fyre i Storthinget, var det ikkje fritt fyre, at dei kom til aa tala nokot um Husmannsvæsenet au. Dette gjorde, at eg hev tenkt litevetta meire yver detta "Væsen."
 
Det er mest kallegt aa tenkja paa, koss det stend til paa ymise Stader i Landet med Husmannsvæsenet, og eg undrast paa, at Folk i dette Land hev kunnat tolt slikt Trældomsverk so lenge. Det er daa paa Austlandet, at det er verst; paa det rike Austland, der Folk hev Ord fyr aa vera komne lengst fram i Storkarkultur, der kann den største Vesaldomen au trivast. Mange tykjer nog dette er nokot drjugt sagt; men eg skal med det same gjeva Vissu fyr, at her ikkje talast utan Grunn.
 
Naar ein Husmann tek imot ein Plass, so gjer han ei Kontrakt med Gardmannen, som bind honom til aa arbeida paa Garden so tidt og so myket, Gardemannen vil fyr ei Betaling av - 8 Sk. om Dagen (elder so umpass) og Kosten; men so skal daa Leiga av Plassen anten inkje reiknast elder setjast so laag, at det inkje er nokot aa tala um.
 
At ein og annan "Proprietæren" elder Storbonden kann tola aa hava Husmenn paa slike Brev, det kann Ein inkje bisna so myket paa; men at Landets Regjering tek det fyr godt, det er mest utrulegt. Og enddaa er det so. Eg hev set, at daa der ein Gong var kaupt ein ny Prestegard og Handelen skulde slaaast fast av Storthinget, og Regjeringi elder Kjyrkjestyret skulde reikna upp alle Lundar og Lutar til Garden, og hellest Alt, som kunde vere til Bate fyr Eigaren, so vart imillom alt annat ogso det nemnt, at der var so og so mange Husmenner, som var nøydde til aa arbeida fyr Jorddrotten, nær han kravde det, fyr 8 Skilling um Dagen og Kosten. Det skulde vera eit Lunnende (Herlighed) til Prestegarden detta! Kven kunde tru sovoret? Laut Ein inkje helder tenkja det, at ein Kyrkjestatsraad var ein Mann, som vilde stræva med aa faa rivet ned og reint rudt burt slik Stakkarsdom, og at sovorne Tilstand allraminst kunde tolast paa ein Prestegard? Men so er det inkje. Prestar, Bispar og sjølve Statsraaden ser paa og toler godt, at Husmannen vert kuat ned i Armod og Trældom.
 
Det er syndlegt, det er reint grøtelegt aa tenkja paa slikt, og at det rike og vene Austlandet skal liggja trykkt av ei slik Trældoms Magt.
 
Me veit vel det, at Bønderne inkje er so barbariske, at dei tek all den Baten, som dei hever fengjet i Husmannbrevi sine; gjorde dei det, so vart snart Husmennerne reint tynte; for det maa Alle vita, at ein Mann umogelegt kan sleppa ut med aa arbeida fyr 8 Skill. um Dagen, um han hev aldri so god Plass. Logi hev gjevet honom 2 Dagar i Vika frie, men det hjelper inkje til. Skal han hellest tvingast til aa arbeida etter Kontrakti, so er han nøydd til aa ganga fraa Plassen.
 
Mange og kannhenda Mesteparten af Gardeigarar er gode Folk, som gjer mot Husmannen som rett kann vera, so han inkje kann krauna, men liver nok so godt. Eg veit det er so. Men det hjelper inkje til. Alt det gode, som Husmannen paa denne Maaten fær, det fær han av Gardmannens "Naade." Husmannen kjenner væl dette; han veit væl, at dersom Gardmannen vil, so kann han mest taka Livebraudet fraa honom.
 
Den Tanken, at han liksom liver av Andres Godvilje, og at han allstødt lyt syna seg "takksam", um det skal halda ut, den Tanken fylgjer med honom heile Tidi og et likeins som Rust paa hans Sinn og veiknar burt hans Livsmod og Fridomshug. Dette kjem inn i Uppdragingi og gjeng fraa Mann til Mann som ein Arvesjuke. Slikt gjerer, at Husmannsson mest jamt lyt verta Husmann, og at det vert ein Kaste, som tilslut vil bera liten Vyrdnad fyr seg sjølv.
 
Av denne Grunn kan der inkje verta nokot naturlegt Samhald millom Gardmannsstandet og Husmannsstandet, men dei skjilst meire og meire fraa einannan med kvar Ættled, og Enden vil verta "Herrar og Trælar", dersom inkje Rettebot gjerest.
 
Men eg trur, at um Folk inkje hev Tanke og Magt og Mod av seg sjølve til aa styra i ei betre Leid, so vil der snart i Storthinget gjerast Aalvor av aa tyne i Botn og Grunn slikt Tilstand.
 
Det er harmelegt, at denne Tid, som krev Fridom i Alt og Jamnskap mellom alle gode Folk, kann tola slikt Tilstand og sjaa paa, at slike Brev skal standa aa lesa i Regjeringsbøker og Thingbøker. Kaa vil Etterkomararne fram igjenom Tidi tenkja, naar dei ser sovoret?
 
Alt dette gjeld som sagt mest Austlandet. Det kann nok av og til vera galet paa Vestlandet og, men der er det daa myket betre.  
 
Naar ein Mann fær ein Plass der, so gjer dei og Kontrakt um Arbeidet, men dei set det til ei viss Tid, so Husmannen utanfyr den Tidi er fri. Han skal soleids vera 1 eller 2 eller 3 Vikur i Slaatten utan Løn, eller han skal skjera 1 eller 2 Maal Aakr eller hausta inn til eit visst Stykkje av Garden. Naar han daa hev gjort dette, so er han fri, og han kjenner seg like so god som Gardemannen og vert vyrd paa same Maaten som han. Husmann og Gardemann er ihop som Jamnlikarar, og der er sjeldan Teikn til, at ein Husmann er mindre vyrd enn ein annan Mann. So skulde det vera, og so maa det verta heile Landet rundt.
 
l.
 

 

Frå Fedraheimen 14.09.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum