[Bonhus og fri presteleg Verksemd.]

 
Bonhus og fri presteleg Verksemd. Bispen i Kristianssand kallar Prest Oftedals Verksemd i Stavanger eit "Uvæsen", som baade vaar norske Log og Guds Ord fordømer. Men kristeleg Klokskap forbyd aa fylgja den heilage Skrift og Logjerne so nøgje. Ein maa vera tolsam, skal Ein kunna halda Rikskyrkja saman. Elles er det ikkje berre i Stavanger, at det vert drivet slikt "Uvæsen", segjer Bispen: det er i likso stort Maat Tilfellet i Kristiania lika under Augo paa Bisp og Kyrkjestyre. Prest Munch, som er trod ut or Rikskyrkja, og iser Prest Storjohann hev latet uppføra mange Bønhus og samnar store Skarar av Rikskyrkjelemer um seg, men naar Bisp Essendrop og Kyrkjestyret tegjer og inkje gjerer ved den Saki, helder ikkje gjera nokot ved "Uvæsenet" i Stavanger annat enn gjenom "Advarsel og privat Irettesettelse søge dette Uvæsen standset".
 
Det er Hr. P. Anton Vidvey, som fortel, at Bispen hev uttalat seg slik. Men me vil vona, at detta ikkje er soleids. Guds Ord forbyd visst ikkje aa driva fri kristeleg Preikeverksemd, og Bisp Moe er, etter det me veit um honom, den siste, som kann meina slikt nokot. Sume vil "organisera" Leikmannsverksemdi under Rikskyrkja, Andre reint ut negta Leikmenn aa halda Uppbyggjingar. Baade Slagi er etter vaar Meining lika galne. Her maa vera full Fridom fyr alt Aandliv, ogso fyr det kristelege Liv. Og tek Rikskyrkja Skade av det, so er det ikkje Raad med det. Me bed difyr Herrarne Munch, Storjohann og Oftedal, som, um dei enn er prestelærde, er Leikmenn, naar dei preikar i Bønhus, Skulehus Privathus o. s. fr., og alle ikkje-prestelærde Uppbyggjings-Talarar, som ikkje er Hyklarar, halda fram, som dei hev byrjat.
 

 

Frå Fedraheimen 14.09.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum