Kristiania, den 10de September 1878.

 
Londons Storleik er 700 eng. (14 norske) kvadratiske Mil., og Byen hev no yver 4 Millionar Innbuarar, ibland deim fleire Katholikar enn Rom, fleire Judar enn Palæstina, fleire Irlendingar enn Dublin, fleire Skottlendingar enn Edinburg og fleire Wallisarar enn Kardiff. Det vert 1 Menneskja fødd kvar 5te Minutt, og det døyr 1 Menneskja kvar 8de Minutt. I Gaturna, som er 7000 eng. (1000 norske) Miler lange, hender ei Ulukka med 7 Menneskjur um Dagen. Innbuar-Talet aukest dagleg med 123 og aarleg med 45000 Menneskjur. Det er likso mange Utlendingar – Folk fraa andre Land enn Storbritania og Irland – i London, som det er Menneskjur i Kristiania.
 
Dei Nord-Amerikanske Sambandsrikes Status. Finantsministar Cherman heldt nyst ein Tale i Mansfield (Ohio) og upplyste, at Skattkammeret hadde 140 Mill. Dollars i Metal, daa det tok upp Utteljingi etter Borgarkrigen. Sidan hev det lukkadst aa minka Renturna av Riksskuldi med 10 Mill. um Aaret. Alle Skuldbrev av Aar 1865 er innløyste.
 
Jarnveg i Palæstina. Eit Samlag i Konstantinopel vil leggja Jarnveg fraa Jerusalem til Jaffa og byggja Hamn i Jaffa. Ogso i Litle-Asia vil Folk leggja Jarnveg.
 
Nordlands-Jarnvegen. 2 Ingeniørar hev funnet, at det ikkje er ofsa vandt aa leggja Jarnveg gjenom Dalarne ved Luleå og Torneå fraa den bottniske Viken yver Fjelli til Noreg. Paa svensk Sida er rike Malmar, paa norsk Sida er Hamn og Fisk. Jarnverk kann leggjast ved Nordsjoen og Kol fraa England førast dit. Vetrtrafiken vil ikkje verta vandare enn i det sydre Sverike, naar 2 Mil yver Fjelli vert yverbygde. Paa Flaturna kann dei hindra Snjoen fraa aa leggja seg for tjukk ved aa planta Pil (Salix), som vil verta 3-4 Meter høg.
 
Godt Minne. I Vilna (Russland) liver ein Jude, Jakob Rosenfeldt, som kann alle 35 Band av Talmud (ei Visdomsbok, som inneheld alle moglege Ting, lærde Tydningar av Bibelen, Segner o. d.) utanbokes. Han kann segja, kvat fyr eit Ord kvar Sida byrjar med, og gjev Ein honom upp eit Ord, som stend mindre ofta, kann han segja fraa Side- og Linetal. Vert ei elder fleire Linur paa ei Sida uppgjevne, kann han lesa deim upp, og han tek aldri med Ord, som stend fyre elder kjem etter deim, som stend paa dei uppgjevne Linur.
 
Dom. Agent B. C. Antonisen, som handlade med stemplat Papir og kom i ein Underbalanse av ikring 75000 Krunur, vart ein av Dagarne av Kristiania Byrett dømd til Straffarbeid i tvo Aar.
 
Gamal. Ekkja Karen Mørch, fød Lorange, do den 12te Juni paa Garden Hougen i Ramnes (Jarlsberg) nær 104 Aar gamal. I dei siste 10 Aar hadde ho voret blind.
 
Forgiftat Ty. Ein Kaptein, som bur i Kristiania, og Kona hans vart nyst forgiftad av Arsenik i eit Sengjeteppe elder ei Yverdyna. Dei hadde ikkje brukt Dyna lenger enn 2 Vikur. Me hev sett Tyet; det ser nogso uskuldugt ut.
 
Marokko. Sultanen i detta Riket ligg sjuk; han skal vera forgiftad – med Arsenik – av dei Store, som var missnøydde med hans Frisind.
 
Rom. Protestantarne i Rom tek til baade i Tal og Magt. Dei er no yver 2000 og hev 4 Kyrkjur. Paven og Kardinal Lavaletta hev i det siste Bilet havt ymse Møte um, kvat det kann gjerast til aa hindra, at Protestantismen veks Katholicismen yver Hovudet.
 
Cyankali. Professor August Fischer i Prag blandade nyst Cyankali med Salmiak og smakade paa Blandingen. "So langt" sagde han, "hev Vitenskapen komet, at Ein endaa kann taka til seg Cyankali utan Faare." Men Forgifti verkade strakst, og det varde ikkje mange Minuttarne, fyrr Dr. Fischer var eit Lik.
 
Midhat Pasja, som seinast hev voret i England paa Vitjing, skal no vera heimkallad og utnemnd til General-Guvernør i Litle-Asia; dei meiner, at han skal verta Storvisir paa eit politisk Program, som han hev uppsett og fraa England sendt til Konstantinopel.
 
Ny By. Paa ein ber Stad i Kolorada ved Arkansas-Elvi er i mindre enn 4 Maanadar reist ein By paa 9000 Innbuarar, Bankar, Skular, Kyrkja og Avis; byen heiter Leadville. Det er Sylvminur elder Blyminur med rik Sylvblanding, som hev gjort, at Folk hev flutt dit.
 
" Svenske Gardin". Ei ung Gjenta kom nyst graatande inn paa ein Politistation i Hamborg og bad deim leita etter Liket av Festemannen hennar, ein ung Snidkarsvein fraa Saksen. Han hadde i Ørvæna skrivet til henne, i Brevet teiknat Alsterbasinet og til Slut set Ordi: "Her er mi Grav". Det allvitande Politi førde strakst Gjenta ikkje til Alsterbasinet, men til eit av dei Hus, som hev "svenske Gardin" (Jarnstenger) fyr Vindaugo, og som i dagleg Tale kallast Fengsel. Den "daane" Brudgom var innsett der nokre Dagar etter Dom fyr Tigging.
 
Truverdugt Vitne. Ei Kona i Berlin hadde nyst stemnt ein Naabu fyr Retten; ho vilde hava Kloi i eit Skaap, og sagde, det var hennar. Domaren sagde, ho maatte prova sin Eigedomsrett med Vitne. "Ja, hadde eg min Mann her, kunde han gjera Eid paa det", sagde Kona. "Kor er Mannen Dykkar daa?" spurde Domaren. "Han er ikkje heime, han sit i Tukthuset fyr Meineid", svarade Kona.
 
Nytt Skattefundament. Landsthinget i Ostrogosh, Russland, hev lagt ein Serskatt av 80 Rubel paa kvart Herad, som hev ein Folkeskule. Kommuner med fleire Lærarar betalar etter Maaten meire.
 

 

Frå Fedraheimen 11.09.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum