Brev fraa Danmark.

 
Odense, den 25 Aug. 1878.
 
Eg er i Skuld til Fedraheimen. Eg kjenner Kravet: det er eit Kjærleikskrav gjenom min avgjengje Ven Per Bø. I eit Brev til meg siste Veter greidde han ut fyr meg um "Fedraheimen" og hans Framkoma og bad meg gjeva Bladet Upplysningar um Friskulen her i Danmark. Han visste, at eg hadde brukt Pennen ymist, og han visste ogso, at Friskulen er den Mark, som eg hev voret med aa dyrka. I dei siste 2 Aar hev eg likevel ikkje skrivet stort, daa eg hev havt Bruk nog fyr Krafterna til mitt Skulearbeid, og eg hev helder ikkje saknat Høve til i større Krinsar aa gjeva den beste Raad, eg veit, etter dei Røynslur, som eg hev gjort. Det er i Aar 25 Aar, sidan eg – etter baade indre og ytre Kall – gav meg i Arbeid med Friskulen, og eg held no paa med aa skriva upp Eit og Annat, som eg minnest fraa den framfarne Tidi, som eg trur kann hava nokot Verde fyr deim, som seinare er komne med i Arbeidet, og som med Guds Hjelp skal føra det lenger fram, naar me, som var med fraa Fyrstunne, er gjengne burt, soleids som Tilfellet alt er med sume av dei Menn, som med Munn elder Pen hev gjevet meg Rettleiding i denne Saki: Ludv. Chr. Müller, C. Kold og N. F. S. Grundtvig. – Dersom "Fedraheimen" hev Rom til desse mine Uppteikningar, skal det vera meg ei Gleda gjenom detta Bladet aa kynna deim aat nordiske Frendar, og eg hev den Von, at dei nog vil kasta nokot Ljos yver og klaargjera litetvetta den Saki, som er ei Livssak fyr vaart Folk, endaa eg ikkje torer venta, at alle "Fedraheimens" Lesarar skal sjaa Saki fraa nett same Sida som eg helder fullt ut hava mitt Syn paa henne. Eg vonar iminsto, at det vil ganga mange, som det gjekk min norske Ven Presten J. E. Gunnerus: daa han i 1874 kom herned, kjende han vistnog Tildrag til vaar Skule og likade Aandi i honom, men var likvel ikkje heil Friskulemann; daa eg med Grunnar godtgjorde fyr honom, at Friskulen hadde store Fyremuner fyr Riksskulen, der Foreldri maa taka til Hjelp utanfyr Heimen med Upplæringi af Borni, sagde han: Detta maa vera Rett, men De hev Tidi imot Dykk! Og daa Gunnerus var so god i eit Par Maanadar aa taka Tott i Arbeidet her, fekk han kjenna, at det høyrer ikkje smaae Krafter til – "imot Tidi" – aa vera Friskuletanken tru i Arbeidet, so det fyr det Fyrste ikkje vert gjort fyr eit Syns Skuld, og det fyr det Andre vert teket naudsynlegt Avsyn paa det Eigedomlege elder Serlege hjaa kvart einskilt Barn og kvar einskild Heim; detta siste er vandt i seg sjølv og ovvandt daa, naar Ein ikkje hev Nøgdi  av tenlege Lærarkrafter aa raada yver, so dei Lærarar, som er, fær for mykje aa gjera, og det er diverr ikkje sjeldan Tilfelle i vaare Friskular paa Grunn av ein syrgjeleg Arv fraa Tvangs-Skuleordningi, som hev sljogat og svevnlullat Foreldri, so dei ikkje hev nokor livande Kjensla av fullt Andsvar fyr Upplæringi og Upptuktingi av Borni sine og difyr tykkjest hava vandt fyr aa finna dei naudsynlege Medel til aa halda frie Skular. Detta maa det Tid til aa faa umbrigdt, men naar me ser attende elder skodar ut yver det, som alt er gjort, so kjenner me rett Sanningi av Bjørnsons Ord:
 
"Faar Barnet bare raade,
Saa lever vi i værste Nød
Som af vor Herres Naade,
Der gi'r i Ørken Brød.
Ja, hvad end træffer, selv Foragt,
Den gjøres om til Troes-Magt,
Og Lykken bare ildner
Og mildner.
 
Held den, som fremad leder
Saa langt, at han et Hjem er værd!
Thi først et saadant freder
Om Barnets milde Færd.
Held hvert et Ord, som Englevagt
Om Barnet staar, saa uforsagt
Det vokser frem herneden
Mod Eden!"
 
 
I desse daagode Vers finn eg Friskulens Grunntanke djupt og fagert utsungen, og det er ei Gleda aa vera med i Arbeidet og Kampen fyr aa faa den gjenomførd i Livet og i denne Kamp aa bera Frukt i Tolmod, i Kampen mot Glimesykja alle dei andre faarlege Sjukdomar, som trugar Barnelivet i vaart Folk og dermed Livskrafti aat vaart Folk som Folk.
 
Eg kom fyr eit Par Dagar sidan heim fraa August-Møtet paa Askov Høgskule, der mi Hustru og eg høyrde til "den faste Stokk", og der det var hugnadlegt aa hausta Frukti av det innelege broderlege Samarbeid millom Høgskulemennerne fraa Askov, Testrup, Vallekilde o. fl. Der var ikring 500 Menn og Kvinnur med i detta Møte; dei fleste hadde likvel ikkje Høve til aa vera der heile Tidi. Aa vera med i heile Haustarbeidet, baade i Skurden, til aa binda upp og til aa køyra Lodi i Hus til Vinterbruk, det var elles forvitnelegt. Hadde eg betre Tid enn eg no hev, skulde eg med Gleda teikna Dykk eit heilt Bilæte av Samlivet og Utvinningi av detta, men no fær eg nøgja meg med aa segja, at detta Møte var eit Tilsprang, og det eit utmerkt Tilsprang, til den utvidkade Høgskuleverksemd i vitenskapleg Stemna, som dei no vil freista paa ved Askov i Saumkvæmd med Grundtvigs Tanke um ein " Høgskule i Sorø", som Etterleivdi etter Nordmannen Ludvig Holberg hev sin store Lut i. Me hadde den Gleda aa møtast ogso med norske og svenske Kvinnur og Menn, millom deim Prest Fr. Wexelsen fraa Throndheim, som bland ymist Annat uppfriskade Minnet um den ovgilde norske Skulemannen Ole Vig og gav oss Upplysning um Gangen i og Vilkori aat dei norske Høgskular.
 
Med detta bed eg Dykk taka til Takka som Fyreord til dei Minne og Røynslur, som eg vonar snart aa faa Høve til aa senda Dykk, Hr. Bladstyrar. Her skal no haldast fleire Møte, som eg tenkjer aa faa nokot aa melda um: i denne Vika Friskulelærar-Møte paa Kolds Høgskule og paa Thorsdag Venemøte med Prest Wexelsen her i Odense, i næste Vika (3dje og 4de Septbr.)Friskulemøte i Dalby, der Kold og Povlsen Dal fyr 25 Aar sidan tok upp Friskule- og Høgskule-Arbeidet, etter fyrst aa hava verkat eit Bil i Ryslinge.
 

 

Frå Fedraheimen 11.09.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum