Lysingar.

 
Det norske Samlag.
- 1878, 9de Aaret. -
 
Samlaget hev til Fyremaal aa hjelpa fram den norske Bokavlen, og gjev ut Bøker baade paa Landsmaal og i Bygdarmaal.
 
Den, som vil vera med i Samlaget, bitalar 4 Krunor Aaret (elder 60 Kr. eingong fyr alle) og fær daa alle dei Bøker, som Samlaget gjev ut, fritt sende med Posten. Ein melder seg i Brev til "Rekneskapsføraren fyr det norske Samlaget (Lærar Johanson, Rusløkvegen 44) Kristiania," og maa med det same senda Aarspengarne.
 
Dei, som no skriv seg og bitalar med same, fær fritt ikring 8 Bøker elder Hefte (af Aasen, Vinje, Janson m. fl.), so langt upplaget rekk, - umframt dei nye Bøkerna, som kjem ut i Aar.
 
Av dei Bøker, som truleg er ventande i 1878, skal me nemna: Norske Fornkvæde og Folkevisur I; Dikt av Jørn Telnæs; Norske Eventyr ved Kristofer Janson; Soga um Magnus Gode, Harald Haardraade, Olav Kyrreog Magnus Barfot (Snorre III); Gudelege Smaabøker II. o. m. – Ein fær og fritt til-seg-sendt Maanadsskrifti "Fraa By og Bygd," som kjem ut i Bergen.
 
Paa 6 bitalte Bøker fær Ein den 7de fritt. Likaeins vert Ein Lagsmann fritt, naar Ein melder og bitalar fyr 6 nye Lagsmen.
 
Eldre Lagsmenn maa altid hugsa aa senda in Pengarne fyr kvart Aar i fyrste Helvti av Aaret; hellest stansar Boksendingi, so lengje til dess Pengarne kjem.
 
 
St. Johannes Evangelium i Bygdemaal fra Vestre Telemarken. Pris 80 Øre.
Er aa faa i Ringvolds Trykkeri, rett imot Eidsvolls-Jarnvegs-Stationen.
 
 
Fedraheimen
kjem ut tvo Gonger i Vika. Prisen er den same som fyrr: Kr. 2, 20 fyr Halvaaret (elder Kr. 1, 10 fyr Fjordungaaret) med Postpengar og alt.
 
Bladet hev no betre Rom til nokot av kvart; serleg kann det fortelja meir Nytt, so at Folk vil kunna hjelpa seg med Bladet i den Vegen. So hev det og ein fast Skuleartikkel, som inneheld Tidender (og andre Stykkje) um Aalmugeskulen, Folkehøgskulen og Amtsskulen; ledige Lærarposterm. m. Hellest vil det som fyrr innehalda: Utgreidingar um ymse Ting, Politik, Reise- og Naturskildringar, Forteljingar, Segner, Dikt, Rispur o. d. Gode Menn er med og skriv.
 
Bladet er enno aa faa fraa Nyaar 1878.
 
 
Oplandenes Avis,
udgivet af Kand. O. Arvesen, Hamar, udkommer i stort 5-spaltet Format 2 Gange om Ugen med et mindst 14-dagligt Tillæg "For Kirke-, Skole- og Folkeoplysning". Prisen for Hovedblad og Tillæg, der maa tinges sammen, er 4 Kroner Halvaaret og 40 Øre i Postpenge.
 
Sertrykk av Soga um Peter Schlemihlmed Fyreord er aa faa hjaa Boktrykkar Ringvold (Jarnvegsgata 6) og Kasseraren i det Norske Samlag H. Johanson Rusløkvegen 44). 6 Ark Pris 60 Øyrur. Dei, som tek 5 Bøker, fær den 6te fritt. Den, som sender Pengar til Hr. Ringvolds Trykkeri, fær Boki fritt til-seg-send.
 

 

Frå Fedraheimen 31.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum