Amerikanske Forteljingar og Skildringar.

 
(ved A. H.)
 
[Del 1 av 2. Fyrste delen.]
 
2. Pantelaanaren
 
(Dr. Th. Griesinger).
 
(Sluten).
 
Ho, Husfrua, gjev mest Gaum etter Klædeploggi, Sengtyet og Linvarurna; ho er kringmælt, og Tunga hennar stend ikkje still fraa tidleg Morgon til sein Kveld. Det er, som um eit perpetuum mobile laag i henne! Og kor verdelause gjerer ho ikkje dei Saker, som vert frambodne til Pant? Kor svivyrdelegt kastar ho deim ikkje til Sida og skambyd paa deim, kannhenda berre Tiandeparten av deira sanne Verde! Og kor lær ho ikkje hjaa seg sjølv, naar ei faatøk halv-ihelsvolten Ekkja byd fram eit Shawl, som kannhenda er kaupt fyr 20 Dollars og enno er verdt sine 10 Dollars, og læt seg nøgja med - ein Dollar fyr det! Ho veit vel, at faatøke Folk sjeldan kjem til aa løysa att pantsette Ting!
 
I detta ligg nettupp Fortenesta. Korleids kunde ein ærleg Pantelaanar elles nøgja seg med berre 25 fyr Hundrad? Daa turvte han lang Tid til aa verta rik! Men dei Pant, som ikkje vert attløyste, dei er det Pantelaanaren liter paa.
 
I Amerika gjeng mange til Pantelaanaren, endaa Folk, som i Europa umogleg kunde gjera det. Mangein Lækjar, som no tener sine 3000 Dollars um Aaret, - mangein Kaupmann som no indfører Varur fyr Femtitusund aarleg, - mangein Mann, som no liver rumt av dei Pengar, han tek inn i Leiga av sine Hus, var kannhenda fyr nokre Aar sidan enno nøydd til aa bera sine Dyrgriper og endaa Dyrgriperna aat Kona si til Pantelaanaren. I Amerika hender det tidt, at ein Mann kjem i Lægervall ei Tid og ikkje kann greida seg paa annan Maate enn ved aa ganga til Pantelaanaren med einkvar Tingen. For kor skulde han elles faa Hjelp fraa? Fraa sin Ven Naabuen – elder fraa Skyldingar? Tusund Takk! Naabuskap og Venskap hev ein Ende, til Frendar er det lang Veg. Laan vert gjevet berre, naar det gjeld ein Handel, og det er berre Varur, Ein fær borgat! – No, desse Pantesetlar vert attløyste, men Pantesetlane aat dei Faatøke, aat Arbeidararne! Tiderna batnar oftast ikkje so skjott, at Arbeidaren i nokre Maanadar  kann spara saman ein liten Kapital, og kor mangein Festar-Ring, kor mangei Sylvskeid, gjevi i Faddergaava av Frendar og Venner i Europa, gjeng det ikkje til Pantelaanaren, som sel dei med hundrad Prosent rein Fortenesta, naar eit Aar er gjenget, og lengje fyrr!
 
Di laakare Tidi er, di meir gled Pantelaanaren seg. Naar Drift og Handel gjeng godt, og alle hev Henderna fulle av Arbeid, daa er "Kunderne" hans usedugt Pakk, lauslynde Kvinnfolk, Drikkarkjerringar, Tjuvar, kringvagande Skarvar, Spilarar og Dugløysur. Men naar det kjem ein Driftskrise, naar Bankarne spiler upp, naar Arbeidararne fær Avskil, daa gjerer han rik Haust. Aa, kor det daa regner med nye Klæde, godt Sengety, Gullog Sylv-Ur! Hans einaste Ynskje er i slike Tider, at den kjære Gud attaat detta vilde senda ein liten Hungersnaud, so Folk maatte bera alt, dei eig, til Budi hans! Og kor stortøk vert han ikkje i ei slik Tid! Fyrr nøgde han seg med eit Ull-Underliv og gav nokre Cents paa det; no idest han ikkje sjaa paa dilike Ting. Berre Gull og Sylv er Gull og Sylv verdt! I det Høgste kann han taka imot fint Postelin elder Dunsengklæde! Det er underlegt med Menneskjurna: gjeng det deim etter Ynskje, so vert dei storlaatne, gjeng det deim imot, so er dei ferduge til aa yvergjeva seg til Orvøna.
 
Irlendingarne er dei, som i størst Fjølde gjeng til Pantelaanaren. Dei veit ikkje aa spara, dei kann elder vil ikkje rekna. Til aa pantsetja hev dei visstnog ikkje mykje, daa Husbunaden aat ein Irlending kvæmleg gjeng paa ein Handvogn; men - Brandy (Brennevin) maa dei hava, um so Kokegryta fyr den Skuld maa dansa til Pantelaanaren.
 
Dei kjærkomnaste Vitjarar hjaa ein Pantelaanar er Herrarne av Langfingerlaget. Han kjenner desse Herrar vel: alt paa lang Leid ser han, um ein Mann driv detta Yrkje; med mange stend han ogso i aarlangt Venskapsband. Desse Herrar kjem ikkje med gamle Klæde og enno mindre med gamalt Sengety! det, dei byd fram, er heile Stykkje nytt Ty og Silkevevar; dei kjem ikkje med halvslitne 6-karatige Skyrteknappar elder gyllte Massing-Ur; men dei hev Gullkjede og Gullskart i Hundradtal aa bjoda og rekner med vegtuge Ankergangs-Ur i Dusintal. – Pantelaanaren veit vel, at det er nokot faarlegt aa handla med deim, men han veit ogso, kvat det er aa tena paa det. Han veit vel, at desse Sakerna ikkje maa finnast, naar Politiet  kjem paa Rannsaking; men han veit ogso, at Pantesetlarne fyr dilike Ting vert sundrivne av Pantsetjararne, og difyr passar han vel paa aa skilja seg med deim Dagen etter Pantsetningi, trass i det, at det er hans Skylda aa halda Panti eit heilt Aar! Kjem daa Politiet paa Leiting etter stolet Gods, so hev han det ikkje! For ei Ulukka, um han hadde det; han laut daa gjeva det ut att! - Difyr er Pantelaanaren varhyggd og ser helst, at Herrarne "med Forkjærleik fyr framand Eigedom" ikkje kjem høgstdags, men um Kvelden etter Bud-tid. Ein aalmenn "Kunde" vilde han jaga burt paa denne Tidi, men slike Gjester maa han visa Merksemd! Aa vinna 200 Procent paa 24 Timar, det er ikkje aa blaasa aat. Til Æra fyr slike Vener løner det seg aa tendra Gasen paa nytt!
 
Pantelaanaren vert paa faae Aar ein rik Mann. So kauper han seg Gard i ei fin Gata og spilar der den fornæme Herre um Sunndagen. Um Kvardagarne er han i Pantebudi, for den g jev han ikkje upp so lett. Ei betre Verksemd finnst ikkje! Er ho ogso tiltalande? Fyr eit kjennslefullt Hjarta, fyr den, som hev Medkjennsla med Naud og Ulukka hjaa sine Medmenneskjur, i alt Fall ikkje. Kor  mange Taarar er ikkje fest til dei Ting, som vert førde til Pantelaanaren? – kor mykje hugsott gjekk ikkje i Fyrevegen fyr dei tunge Stig til honom? Men det bryd han seg litet um, hans Hjarta er berre ei Reknemaskin, som er kringbyggd med ein Steinmur.
 

 

Frå Fedraheimen 31.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum