[Stjernekikarar]

 
Stjernekikarar. Me fortalde i vaart fyrre No., at Astronomen Watson i Ann-Arbor (Michigan, Nord-Amerika) hadde funnet 22 av dei smaa Vandrings-Stjernur millom Mars og Jupiter. Me bed orsaka: til Juni 1878 er det likvel berre 21 av desse Stjernur han hev funnet; den 22de er funni av ein annan Watson, Astronom i Peking (Kina). – Yver Watson (Ann-Arb.) stend elles, naar Ein ser paa Mengdi av uppdagade Planetoider, berre ein Stjernekikar, Christian Heinrich Friedrich Peters, Direktør ved Observatoriet i Clinton (New-York, Nord-Am.), upphaveleg ein Tyskar – som Ein ser av Namnet -, fødd i Coldenbüttel i Fylket Eiderstedt (Slesvik) 1813. Han hev fraa 1861 til no uppdagat 28 Planetoider; attaat di hev han arbeidt mykje med Kometarne. Næmast desse tvo stend som hepne Uppdagarar av Vandringsstjernur: Luther i Bilk (nær Düsseldorf), som hev funnet 20 Sjernur fraa 1852 til 1873, Goldschmidt i Paris 14 (1852-61), Vallisa i Pola (Istria, Austrik) 13 (1874-78), Hind i London 10 (1847-54), de Gasparis i Neapel 9 (1849-65), Borelli i Marseille 9 (1868-77), Prosper Henry i Paris 7 (1872 -78), Chacornac i Marseille 6 (1853-60), Paul Henry i Paris 6 (1872-77), Tempel i Marseille 5 (1861-68), Perrotin i Toulouse 5 (1874-78), Pogson i Madras 4 (1861-68), Pogson i Oxford 3 (1854-60), Ferguson i Washington 3 (1854-60). Kannhenda er Pogson i Oxford og Pogson i Madras same Mannen. Paa dei nemnde 16 elder 15 Menn fell Uppdagingi av 163 Vandringsstjernur, av deim, som finnst i Romet millom Mars og Jupiter. Dei andre 24 – me kjenner no 187 dilike Stjernur – er uppdagade av 19 Astronomar, med di 5 av deim hev funnet kvar 2 Stjernur. Av alle desse 35 Uppdagarar er berre ein fraa "dei nordiske Rike", d'Arrest fraa Kaupenhamn, som den 12 Oktbr. 1862 fann den 76de Planetoid, Freya. Fraa 1ste Januar til 10de April 1878 er av 6 Astronomar funni 8 fyrr ukjende Stjernur av detta Slaget. Lat oss vona, at den 188de Planetoid vert uppdagad i Kristianiai dei klaare Næter, som no er!
 

 

Frå Fedraheimen 31.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum