[Notisar]

 
Fraa Færøyerna. Skipseigarne D. C. & J. G. Knudsen fraa Porsgrund kaupte i Sumar Barkskipet Agnes Compbell, som var strandat og laag i Vestmanhavn, fyr 10,000 Kr., etter at "det forenede Dampskibsselskab i Kjøbenhavn" hadde fengjet Tilslag paa Auktionen yver det fyr 5200 Kr. - Prost Hammershaimb, som hev utgjevet Sjurdar-kvædi og færøyiske Folkedikt, hev no flutt burt; me veit ikkje kvarhelst; dei heldt Avskilsfest fyr honom paa Lagthingssalen i Thorshavn, nyst fyrr han for av.
 
Kinesararne hev lengje fyre Europeararne uppfunnet ikkje berre Kompasen (1000 Aar f. Kr.), Bokprenting, Krutet, Postelinet og den kunstige Fiskeavlingi, men ogso Saamaskina. Timkowski fortel i si Ferdasoga (1821), at dei ei 20 Mil fraa Peking pløygde fyrst med ein aalmenneleg Hakkeplog, som vart dregjen av tvo Oksar, og der- etter med ein Plog so lett, at den kunde lyftast med ei Hand; denne Plogen hadde 3 Jarn, 1 Alen i Lengdi, og dei stod 9 Tumar fraa kvarandre; dei var røyrformade og traktformade og vart fylde med Riskorn fraa ein Kasse som stod yver dei. Naar Plogen vart køyrd, fall Saakornet ned paa Aakren, og denne vart uppskoret av  gaffelformade Jarn, som var fest bak dei 3 nemnde Jarn (Rillejarn). Attanfyr Gaffeljarni var det eit rundt Bjelkestykkje til aa trykkja Jordi saman med (Trommel).
 
Godt Kaup. I den av A. E. Eriksen (Rektor paa Trums) og P. A. Paulsen utgjevne "Norsk Læsebog", 2dre Utgaava, 1874, III, Sida 562, segjer dei Herrar Samlarar: "Carl Ploug, fødd 1813 i Kolding, er sidan 1841 Utgjevar av Dagbladet Fædrelandet. Som politisk Skribent, Talar og Skald hev han voret Folkefridomens trufaste Forkjempar." Hev voret! Er det Gjøn, dei vaagar seg til driva med ein "nationalliberal" Landsthingsmann, og Samfundsstytta, elder Godseigarstytta?
 
Bjørnerud-Mordaren. Osk. Frederikson er no hitkomen og innsett i Akershus Fylkesfengsel ved Straumen. Av Forhøyret i Linkøping ser det ut, som um han er den skylduge. Grunnen til Ugjerningi er, segjer han, hans "starka natur."
 
Den aalkjende ungarske Sogeskrivar Mikal Hørvath er daaen, nær 70 Aar gamal. Han var Kyrkjeminister under Fridomskampen i 1849, og hev sidan 1866, daa han kom att fraa Utlegd, stendigt voret Storthingsmann fraa Segedin elder Buda-Pest; hans Sogeverk er mange og vidgjetne.
 
Nordmenn paa Island. Fyr 10 Aar sidan nedsette nokre Nordmenn seg i Seydisfjord paa Austlandet; dei hev stendugt drivet Sildfiske, som Islendingarne ikkje skynar seg paa. Sume Aar er det gjengjet klent, men i Fjor fekk dei 2000 Tunnur, og i Aar hev dei til dessa teket upp 3000 Tunnur Sild, og Sildi stend enno tjukk i Fjorden. Underlegt, at Islendingarne ikkje fiskar Sild; det Fiske var daa kjendt i Noreg, daa Island vart upptekt. Thorolv Kveldulvsson hadde Folk baade i Eggver og Sildver, segjer Egils Soga, medan han budde paa Sannes i Haalogaland (paa Harald Haarfagres Tid).
 
I Kristians Fylke er det Futarne, som hev mest Vit i Spursmaalet um Folkehøgskulen; Bønderne, som skulde ha Gagn av den, ligg langt etter. Paa Amtsthinget i Fjor talade ein av Futarne i Fylket, Sommerfeldt, vel um Vonheim Skule, - han sa seg iminnsto aa semjast med Hr. Bruun i mangt -, og i Aar vart det gjevet 500 Krunor til denne Skulen – av ein Fut: F. W. Heyerdahl i nørdre Aurdal, Valders.
 
Umkomne. Ein Jarnvegsarbeidar ved Sarpsborg fekk den 24de Aug. i eit Grustak eit Jordskreid soleids utyver seg, at han vart kastad upp aa Skinnegangen med Hovudet yver den eine Skinna. Ulukka vilde, at Grusvognen kom med det same og knuste Hovudet. Mannen var Svenske og gift. – I Bergen heldt dei paa med aa bøta den tekniske Skules Hus Onsdag i fyrre Vika. Ei Stilling gleid ut fraa 3dje Høgd: ein Murar slo seg ihel, ein kom nokot til Skade, den tridje fekk Tak fyr seg; den umkomne var ugift. – Handelsmann Hr. Floer paa Sørøyi (Finmorki) kollsiglade med ein Listerbaat den 14 Aug. og druknade; han leiver etter seg Ekkja, 3 Born og Foreldri.
 
Unge Røyvarar. 2 sexaarige Gutar vart nyst paa Vegen fraa Skulen til Heimen sin paa Jeløyi (ved Moss) stansade av eit Par større Gutar; den eine av desse tok ein av hine og blaaheldt honom til dess, han hadde fengjet teket ein Gullknapp or Skjurta hans; so strauk dei si Kosa baade tvo.
 
Eldbrune i Moss. Reynerts gamle Mylna, Bredals og Volds Mylna og Reynerts nye Mylna strauk med i ein Brand hin Dagen. Gerners Mylna fekk Skade av Vatnet. Husi var assurerade fyr 168000 Kr., mykje Korn gjekk med. At Skaden ikkje vart større, hev dei det gode Vassverket aa takka. –
 
Ny Kaffi. Paa Seylon trivst Kaffitre, som er flutt dit fraa Veststrondi av Afrika, so vel og gjev so mykje og so god Frukt, at det er Von um, at det nye Kaffislaget vil taka Luva fraa det gamle.
 
Sjoormen. Nyst vart eit Sjoskrimsl sett i Nordland af truverduge Folk, og no hev godtsom heile Byen Aalesund havt Høve til i tri Dagar aa gleda seg ved Synet av eit dilikt Skrimsl i Sjoen utanfyr Hamni; dei trur det er Sjoormen: Hovudet er flattrykt, stort som eit grepa Hundehovud; Manke hev han ikkje; Kroppen er takt med Skjeljar, han er sjogrøn av Lit, uppimot 30 Alner lang og kringum 1 Alen i Tvertmaal. Dei gjorde sjølvsagt Jagt paa Karen, men han er baade sleip og var og skjot i sine Rørslur, vert det sagt.
 

 

Frå Fedraheimen 31.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum