[Kristi krossfestingsdag]

 
Kristi Krossfestingsdag. Ein tysk Professor, Lutterbeck i Giesen, hev nyst utgjevet ei Bok ("Im Jahre Christi"), som set Kristi Krossfestingsdag til Fredagen den 3dje April Aar 33. Denne Dagen fær han ut ved aa sluta fraa ei Maaneformyrkning, som ein annan Professor (Förster) hev hjelpt honom med aa utrekna. At det var Formyrkning den Dag, Kristus vart krossfest (fraa den 6te til den 9de Time = Kl. 12 Midd. til Kl. 3 Ettermid.), segjer alle dei 3 fyrste Evangelistar (Math. 27,45, Mark. 15,33, Luk. 23,44), so det maa Ein halda for visst, og Lukas legg til, at det var Soli, som vart formyrkt. Lutterbeck meiner likvel, at det var Maanen, og at Lukas hev teket i Misst. Ein tridje tysk Professor, Bruhns i Leipzig, hev den 6te Aug. sendt Lutterbeck eit Brev og segjer i detta, at han (Bruhns) hev latet utrekna Formyrkningi etter dei Maanetavlur, som er uppgjorde av baade Laland, Burchardt og Largetau-Gumpack, og attaat di hev samhaldet Utrekningi med Leverrier's Soltavlur fyr Fullmaanetidi. Det var etter desse Utrekningar full Maane Kl. 6. 29' um Ettermiddagen den 3dje April 33, og Formyrkningi var synleg i Jerusalem fraa Kl. 6. 19' 5" til Kl. 8. 41' 3" Em., alt Jerusalems Mideltid. Formyrkningi var berre partiel (0.59 av Maaneskiva formyrkt). Som Ein ser, høver detta ikkje korkje med Evangelii (Maaneformyrkning i Staden fyr  Solformyrkning, Kl. 6-9 i Staden fyr Kl. 12-3 Ettermidd., og me kann fulla ogso segja partiel i Staden fyr total) elder med det, me elles veit (elder trur aa vita), at den romerske Abbeden (Dionysius Exiguus), som langt ute i Midaldren (6te Aarhundrad) sette den kristelege Tidrekning, tok i Misst nokre Aar. Vart Kristus krossfest 33 Aar etter Kristi Burd kristeleg Tid (dvs. Dionysisk Tid), so do Herodes den Store minst 4 Aar, fyrr Kristus vart fødd, og so kann Forteljingi um dei tri vise Menn, Barnemordet i Betlehem og Ferdi til Egypten ikkje vera sann. Kom oss med ei Solformyrkning Fredagen fyre Paasken i eit av Aari fyre Aar 31 etter Kristi Burd kristeleg Tid, so skal me tru paa, at den rette Dag er funnen. Det tykkest berre aa kunna vera Spursmaal um 24, 31te Mars, 7, 14, 21 April 30, 25de Mars, 1, 8, 15, 22de April 29 o. s. v. (med di Ein legg 1 til fyr kvart Aar uppyver fraa vaar Tid til dess Ein møter Skotaar, daa Ein legg til 2). Ei Uppgaava fyr vaare Astronomar!
 

 

Frå Fedraheimen 31.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum