Utlandet.

 
Tyskland. Til sin Laurdag var det gjort 43 Umval. Ved desse hev dei Nationalliberale leget under i 10 Krinsar, som paa fyrre Riksthing hadde nationalliberale Thingmenner. Derimot hev Socialistarne voret heppnare, enn Folk hadde trutt. Dei fær no i alt 8 av sine paa Thinget; 5 av deim er fraa Kongeriket Saksen. Grunnen til, at det hev gjenget til atters dei Nationalliberale, er den, at Socialistarne og dei konservative Parti paa fleire Stader hev haldet ihop mot deim. Dei Nationalliberale er likevel rett velnøgde med Utgangen, fyrdi dei meiner, at Bismarck ikkje kann greida seg deim fyrutan i det nye Riksthing, og at han difyr lyt gjera Forlik med deim. Det kann nok koma til aa knipa fyr honom. Som me veit, sette Regjeringi ivaar etter den fyrste Mordfreistnaden fram eit Logforslag mot Socialistarne. Dei liberale Fylkingar slo seg saman imot det, fyrdi dei var rædde, at det skulde gjeva Styret for stor Magt, og fann, at det greip for sterkt inn i den aalmenne Samlags- og Samlingsrett og Trykkjefridomen. Men so kom den andre Mordfreistnaden, Vonerne um aa driva Forslaget igjenom vart betre, og i den Støkken, som hadde gripet heile det tyske Folket, var det kannhenda Tak til aa verta kvitt det nationalliberale Yvertal i Riksthinget, som det ofte var brysamt aa styra saman med. Riksthinget vart daa uppløyst og nye Val utskrivne. Eit nytt Forslag til Logi mot Socialistarne, strengare enn det fyrre, er no lagt fram fyr Sambandsraadet, og det er mest visst, at dette tek ved det. Meir uvisst er det, kor det gjeng i Riksthinget.
 
Etter dette Framlaget skal det skipast til eit fast "Reichsamt für Vereinswesen und Presse." Dette Riksembættet elder Departementet skal hava 9 Medlemer, og av dei skal minst 5 vera Statsdomarar. Det fær Hals og Hand yver Samlagsretten og Trykkjefridomen. Alle Samlag og alle Skrifter, som hev det minste aa gjera med demokratiske, socialistiske, kommunistiske elder "andre Fyremaal, som gjeng ut paa aa undergrava Riks- og Samfundsskipnaden", er forbodne. Straffi er Pengebot elder Fengsel paa upptil 1 Aar. Dei Domar, denne nye Domstolen avsegjer, skal vera endelege og ubrigdelege. Vert den nye Logi vedteki, vert det reint ut umoglegt aa halda socialistiske Samlingar i Tyskland, og likeins vil Styret kunna tyna heile den socialistiske Pressa med eitt Slag. Den same harde Medferdi er lovad Boktrykkjarar, Bokhandlarar, Gjestgjevarar og Huseigarar, som paa ein elder annan maate gjer seg skylduge i Medverknad til socialistiske Fyremaal. Framlaget hev vekkt stor Harm bland dei liberale; i ser er Bladi aat Framstigsfylkingen stride til aa fordøma det. Helder ikkje Centrumspartiet hev stor Hug paa det. Dei Nationaliberale held seg fyr det meste fraa aa uttala nokon Dom; dei vil fyrst sjaa, kor det lagar seg. Me tek inn nokre Uttalor i tyske Blad til Prøva. "Fyr kvar ein, som vil sjaa – skriv "Hamd. Corr." – er det audsynt, at det i Logframlaget ikkje gjeld fyrst og fremst um Socialdemokratarne. Det er heile Fridomsvokstren i dei sidste Aar, dei er ute etter, og me er aat og skal faa ein Politistat i Staden fyr ein Rettsstat. All fri Meiningsytring vert kjøvd, og likesom Samlagsretten vert burtteken, so vert og heile den frie Pressa gjevet Politiet i Vald. Det er ikkje lenger Domstolarne, som avgjer Sakerne paa Grunnlag av klaare Loger, men det vert gjort til Skyldnad fyr Politiet aa fara fram med Ovrike paa den berre Mistanke um socialistisk Hugstemna, ei Hugstemna som ikkje er nøgje avstakad i Logi desshelder. Dermed er Aandi i Logi til Fullnad framsynt. Me fær no sjaa, um Logi vert umbrigd av Sambandsraadet; men me ventar oss ikkje mykje av det fyr Skuld den Trykk, som det prøysiske Styre er i Stand til aa setja paa det." Bladet kann ikkje tru, at Riksthinget vil taka ved eit slikt Framlag. - "Neue freie Presse" (i Wien) meiner og, at Folkehugen i Tyskland – kvat dei konservative Bladi so skriv – vil vera avgjort imot aa taka ved ei Socialistlog, som kann brukast til aa døyda all Fridom og kvart eit Parti, som ikkje Styret likar. – Bismarck ligg no i Kissingen – som han plar gjera eit Bil Høgsumars – og skal friska paa seg. Der er ogso fyr Tidi Pave-Utsendingen Masella. Det hev voret mykje Snakk um Samtal og Tingingar, som skal ha gjenget fyr seg millom dessa tvo Kararne. Mange hev voret rædde, at Bismarck skulde vilja sona seg ut med dei Pavelege, og hev i desse Tingingar sett eit Teikn til, at han vilde "ganga til Kanossa," som dei segjer. Visst er det, at han godt kann trengja deira Hjelp, skal han faa Socialistlogi si igjenom. Men det er ikkje sagt, at dei Ultramontane (Pavelege) læt seg kaupa – i all Vissa vert det ikkje nokot Godkaup - til aa ganga med honom; dei er ikkje alle so bakstrævalle i Politikken som dei er i Trudomsvegen, og dei hev ikkje Bismarck aa takka fyr nokor Velgjerd fyrr. Skulde dei Nationalliberale negta sitt Samtykke til Logi, er det faarlegt, at ho vil falla, og daa er Rikskansleren i ei leid Knipa. Det er soleids størst Von til, at han lyt koma til Semja med dei Nationalliberale att. Men den Mistanken til honom, at han vilde slaa inn paa ein ny Innrikspolitikk og søkja Hjelp hjaa dei Ultramontane, hev vortet so sterk, at "Prov. Corr." hev lotet ut og avsanne dei Tidender, som hev gjenget um Tingandet i Kissingen.
 
Ved Umvalet i Harburg sin Laurdag slo Socialdemokratarne seg saman med Centrumspartiet, og Greive Grote av Centrum vart vald. Baketter samlad det seg ein stor Folkemuge, som huad og styrjad i Gleda yver Utgangen. Ein heil Hop med Herk og fulle Folk slo seg saman med deim og gjorde Uppstyr i Gatorne. Dei stadnad utanfyr Huset aat den nationalliberale Motkandidaten og slo inn alle Glasrutorne. Politiet, som ikkje var meir enn 10 Mann sterkt, var ikkje god-til aa stagga deim. Det friviljuge Brannmannskapet drog ut imot deim med Sprøytor, men vart jagad attende. So skulde Hermagti ut. Det var 12 Soldatar og ein Underofficer, dei andre var ute. Men Herket tok imot deim med Stein og saarad fleire av Soldatarne. Ei Salva med laust Krut hjelpte ikkje, og so maatte dei taka til skarpe Patronar. Daa fekk dei endeleg rudt Gata. Av Ustyrjorne vart 30 saarade, og 3 av dei er seinare daane. Herkemugen for heile Natti att og fram i Gatorne, og Øsingi var stor; fyrst um Sundagen, daa Garnisonen kom heim, fekk dei agat Hopen att.
 
Det engelske Riksthing vart slutt sin Fredag. Det hev vart i 7 Maanadar. Thinget hev umfram den vanlege Rikspening gjevet eit framifraa Tillag paa 6 Millionar Pund, endaa ein Tilleggspening, til aa dekkja eit digert Underskot, og den indiske Rikspeningen, som iaar hev eit stort Underskot, men aat Aare er meint aa skula faa eit Yverskot paa 2 Mill. Thinget hev lagt paa Innkomeskatten og Hundeskatten, det hev gjevet ei Log fyr Irland um at Vertshusi skal vera stengde um Sundagarne, udvidat Umkverven fyr dei engelske Domstolar til tri Miler fraa Land, gjevet ei Log um Fe-Farangen og ei irsk Skulelog og gjort 4 nye Bispeembætte.
 

 

Frå Fedraheimen 24.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum