Olav Tryggvason.

 
Fraa Gjentur, som hev voret ved Askov Folkehøgskule (i Jylland, nær Grensa mot Slesvik, Forstandar den dugelege Ludv. Schrøder) er det sendt Skulen eit Maalarstykkje "Olav Tryggvason" av Kyhn. Maalaren hev fest til Lereftet det "Moment", daa den norske Floten kom heim til Noreg etter Slaget ved Svoldr; det er Bjørnsons Vers Ein her ser:
 
"Brede Seil over Nordsjø gaar,
Høit paa Standsen i Morgnen staar
Erling Skjalgsson fra Sole.
Hvor bliver Ormen lange?
Kommer ikke Olav Tryggvason?"
 
Ein ser dei store Langskip koma fram, det eine etter det andre, i det døkke Himmelleite. Tunge Skyer kjemper med Graaljoset i den tidlege Morgon. Havet rullar i tunge Dynningar etter ein Storm.
 

 

Frå Fedraheimen 24.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum