Skule og Upplysning.

 
Um vår lærar-utdaning.
 
(Av T. O. Gran.)
 
III.
 
Um det og er ein sannrøynd ting, at dei skular, som skal føra nye krafter til lærarstandet, ikkje just er hagade og lagade etter dei krav, som vår tid set upp og framtidi vil setjaupp til lærararne i folkeskulen, so skal ein likevel ikkje lata dette ganga for mykje ut yver lærarmannskapet på dei einskilde seminarskular. Det hev tidom voret åmålat på det fyr meg, at seminarlærararne fær so ofta høyra vondord fyr det at dei sender ut so mange "forvirrede subjekter." Um det kann vera mindre grunn til slik klaga no enn fyrr, det vil eg ikkje døma um. Men eg trur, at i det store og heile er det rettast å ikkje taka seminarlærararne til skotmål, når talen er um kvat som vert lært. Til å greida detta betre ut, skal eg taka uppatt det eg fyrr hev haldet fram: det er ikkje ventande, at seminarlærararne, som hev fenget under hender so mange ånds-skattar, som læraren – skal verta – skal gjøyma og deila ut att, kann få inn-arbeidt nokot lære-emne til gagns i den korte tid, dei hev å gjera på her hjå oss. Eg vil berre nemna, korleids historia og geografien vart avgreidde imot sluten av det skule-skeid, som eg var med i. Den franske umstøyt gjekk vår duglege historielærar fullstendigt igjenom med oss, men dei seinare tilburdar måtte me "fara yver med harelabben." Slag, fredgjerder, tider og stader vart nemnde, men me fekk ikkje nokot av det, me hadde ventat: fullt ljos yver samhøvet millom magterne innbyrdes, og eit klårt yversyn yver tilstandet i det heile. Likeins då me av geografien hadde att den ostindiske øyheimen, so vart det peikt på kartet og synt, kvar dei og dei øyarne ligg, og uppreiknar ein heil hop malebariske namn, men helder ikkje stort meir. Berre dette til døme. Soleids vert dei norske skulemeistrar utgjorde, og det er ikkje å undrast eit grand på, at det vert peikt på dei og sagt: "Han er berre skulemeister!" Men fyr detta skal ikkje skuldi falla berre på seminarlærararne. At prestlæra hev voret dregi so for mykje fram, at det jamvel hev voret talat um "seminarist-theologi", og at realfagi hev voret stykborni, det er visstnok sannt, men detta er lett å forklara av det høvet, at seminarlærararne gjernast hev voret prestlærde folk; men detta er då helder ikkje dessa tidtnemnde embættsmenn å skulda fyr.
 
Sidan eg er komen inn på detta "for smed at rette boger", kann eg helder ikkje halda meg, annat enn eg må segja, det er ei nokot ufortent skjemsla, når dei nasekastar oss norske skulemeistrar, at me hev berre ei "halvdaning", som det ikkje skal vera meir i – fyr å segja det beintfram, som eg hev høyrt det – enn fraudi og skumet av dei kunnskapar, som ein mann burde hava, og at me sjølve er eine turrpinnar utan liv og hugvarme og vantar det rette vit og grip til aa kunna verka med ein "sann og sunn" folkeupplysning fyr auga. Det er fulla nokot stridt sagt, men eg vil likevel ikkje negta fyr, at det kann vera mykje sannt i det; røynsla hev ofta lært, diverr, at dessa og andre dilike skuldingar er ikkje grunnlause. Men eg må få lov til å beda um, at den stakkars skulemeisteren ikkje må verta gjord til skotskiva her. Lat vera, at det finnst lærarar, som ikkje ofrar si gjerning den kraft, dei skulde; arbeidet er tungt, løni liti og sorgerne legio, og difyr hev retttenkte folk helder ikkje viljat døma den einskilde mannen for strengt; - men det trur eg likevel, at det velkjennde ord: "han er berre skulemeister!" vil med tidi verta utstroket av hådingsordboki åt "den aalmenne meining" og i all Vissa tapa sin brodd fyr landsens lærarstand i det heile: det vilde det, sosannt dei gode herrar ved landsstyret berre tok seg fyre å um bøta heile seminarstellet med det fyremål å gjeva lærararne ei allsidigare og fullstendigare utdaning, so at dei kunde koma til å bera det fagre namn "upplysnings-berarar" med retto.
 
Mange lærarar kjenner dette med seg, det er eg viss på; dei tenkjer kannhenda, at det er deira eigi skuld. Det kann so vera i sume tilfelle, men, når talen er um, at det allfares vantar dei rett skyn på lærargjerningi, då viser eg til den utgreiding, eg her hev gjevet. Når det hev skortat på naudturveleg klaarskap yver eitt elder annat, hev lærararne visst mangein gong gjort det spursmål: "kvi fekk me ikkje betre greida på detta på seminariet?" Um ein hev komet aldri so vel fyrebudd på skulen, so hev det gjenget vindt og kyrkjet likevel. Saki er den, måvita: dei unge læraremne kjem til seminariet som til eit gjestebod med retter i tjugetal: dei skal "smaka på alt", og so vert dei - yvermette. Når då svulten kjem, og dei skal til å "tæra på feittet", so er der inkje. Det dei hev att av den åndelege kosten, dei hev notet, er ikkje annat enn ein hop med tankar og bilæte, fyresyningar og – innbillingar um-einannan. Dei trur, dei kann nokot; men skal dei til å greida upp i dessa ugreide saker, so kjem dei til å te seg "forvirret", det er visst. So vert dei standande ei mengd av dei, av di grunnvollen svik under dei; men so er det fulla uråd å verta standande i lengdi, fyr ein norsk skulemeister dessmeir, med alt hans tolmøde, som det stend ord av radt til den fjerrlege vestheimen. Lukkast det honom endeleg å få faret yver sine kunnskapar att og vølt på dei so vidt, at han kann på ei gjerd råda med det lærdoms-to, som han skal handsama, so hev han skutlat burt si beste tid, ei tid, som kunde voret mykje betre nøytt, um læraren hadde voret soleids utgjord frå fyrsto, at han hadde havt full greida på, korleids han skulde arbeida. Men um dei og frå fyrsto på grunnlag av seminarlæra hev fenget inn den naudturvelegaste theori, so er det lenge fyrr den praktiske mogning er vunni. Her er det nettupp, at seminaristarne kjenner seg mishaldne med seminar-utdaningi; den fer mesto med å stappa læresveinarne fulle med allslags visdom, og øvingi i å gjera kunnskaparne til nyttes vert det lagt alt for litet lag på. Dertil so er det eine den fulle praktiske dugleik, som kann gjeralæraren både nøgd i si gjerning og kjær fyr folket, og just difyr bør seminaristarne hava tilføre til å styrkja seg so mykje som moglegt i den vegen. Den som skal trivla seg fram, kann aldri arbeida med Velnøgje, men den som rår til fullnad med si gjerning, tek tingen med ro og tol og finn seg med all møda hjarteleg nøgd i sitt stille yrkje.
 

 

Frå Fedraheimen 21.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum